Gå til innhold
Arkivverket

[#27717] S&F: Opphav til Mari Jensdtr. frå Sogndal (f. 1808) - seinare bst. Nesse, Solund


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Ved FT1865 finn vi følgande under garden Nessa (Nesse) i Solund: LenkeDenne Mari Jensdtr. frå Sogndal er eg interessert i opphavet til (ho d. 1885, medan mannen d. 1875). Eg meiner å huske at ho ifølge Bygdebok for Solund skulle vere f. ca. 1801, men alder i 1865 skulle tyde på at ho er f. ca. 1808/09.== Kven er hennar foreldre, når/kvar vart ho fødd og når gifte ho seg med Jens Jakobsen ?== Evt kvar kom hennar foreldre frå (deira foreldre m.m.) ?*************Ved søk på FS/IGI finn eg følgande par som kan passe bra inn:Husband: JENS JACOBSEN & Wife: MARIE JENSDRMarriage: 19 SEP 1829 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway***Ved vidare søk på FS/IGI finn eg også ein god kandidat til Mari(e) Jensdtr.:MARI JENSENChristening: 01 JAN 1808 Sogndal, Sogn Og Fjordane, Norway Parents: Father: JENS OLSSEN & Mother: KIESTI EINERSDR***Foreldra til denne Mari(e) finn vi att ved FT1801 under Sogndahlsfiæren, Sogndahl prestegjeld:Jens Olsen, 26, Mand, Smed, Og Jordløs HuusmandKiesti Einersdtr, 24, Hans Kone,***Finn blant vigde på www.sffarkiv.no (også på FS/IGI):Jens Olss., og Kisti Einerd., SolviVigselsdato: 24.6.1799, Bustad i prestegjeld: Hafslo , Hafslo== Er ikkje så lokalkjent at eg ”ser” forskjell på Sogndal og Hafslo, men vil tru dette er det paret som er nemnd over.== Kven er foreldra til Kisti Einerd. Solvi ?== Kven er foreldra til Jens Olss. ? Kanskje Ola Jenss. og Margreta Bårdd. i Sogndalsfjøra (dei døyper i alle fall 3 stk. Jens Olss., i 1772, 1773 og 1775)***Jens og Ki(e)®sti har i 1801 ikkje nokon born buande hos seg, men eg finn eg 9 born døypte frå 1800-1820:Ola Jenss. 1800 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraOla Jenss. 1801 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraBerta Jensd. 1803 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraMargreta Jensd. 1805 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraMaria Jensd. 1808 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraKirsti Jensd. 1811 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraSynneva Jensd. 1813 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraEinar Jenss. 1816 Jens Olss., Kirsti Einard. SogndalsfjøraAnna Jensd. 1820 Jens Olss., Kristi Einard. Sogndalsfjøra ****Det vart mykje oppramsing, men vonar det finnes nokon med lokale kjelder (evt bygdebøker) som kan ta ein liten sjekk på desse folka - om det er dei rette.På forhånd takk!M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Jeg tok en kikk på FT 1865 for Solund for å se om det var noen andre som var født i Sogndal. Blant disse var en Ole Jensen som bodde på Tangenes. Han bør så absolutt være av interesse for han hadde en 9 år gl. pleiedatter som kalles Ane Marie Ingemaarsdatter. Hun var født i Askevold og er vel trolig datter av Ingemor Jensen som var husmann på Nesehaugen. Når da Ingemor var stesønn av 'din' Mari(e) Jensdatter fra Sogndal begynner familieforholdene å bli interessante. Mitt forslag er at Mari og Ole er søsken.Dette skulle tyde på at du har funnet de rette foreldrene til Mari(e) (Jens Olsen og Kirsti Einersdatter) for Ole er vel da kanskje den sønnen som var født i 1801. For å være helt sikker, må du helst finne mer dokumentasjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk skal du Knut, dette høyres veldig interessant ut og er verdt å gå vidare med. Skal prøve å finne ut av dette seinare.M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Heisan, dette er ei svært so interessant huslyd ogso for meg! Kirsti Einersdotter Solvi vart døypt i Hafslo 14.12.1777 og gifte seg der 24.6.1799 med Jens Olson Sogndalsfjæren, døypt i Sogndal 13.8.1775. Jens var smed, og huslyden budde i Sogndalsfjøra der Jens døydde 9.12.1839. Kirsti ser eg ikkje noko meir til i Sogndal!Eldste sonen Ole Jensson døydde kort etter fødsli, medan alle dei åtte yngre borni må vera farne frå Sogndal! Truleg reiste mori med dei...?Før dette temaet kom opp i Digitalarkivet var eg heilt ''blank'' på denne huslyden, bortsett ifrå at eg truleg har funne dotteri Kirsti Jensdotter i Bergen - som Christine Jensdotter gifte ho seg der 14.6.1840 med ein Tollef Olson, fødd på Torøy kring 1815. Og so dotteri Synneva Jensdotter som gifte seg i Bergen 2.9.1840 med Knut Olson, fødd i Lærdal kring 1812.Kanskje fleire av søskeni flytte til Solund? Kanskje mor deira flytte dit med dei?Eg er svært interessert i utfyllande opplysningar om heile huslyden og vonat at noko vil dukka opp!?På førehand hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Mari Jensdtr. gifte seg 19/9 1829 med enkemann Jens Jakobson Nessen. Ved giftarmålet er fødselsåret oppgjeve til 1805 og far hennar heiter 'Jens Eriksen i Sogndalsfjæren'. Kanskje ho ikkje er dotter til Jens Olson og Kirsti Einarsdtr? Einar Jensson gifter seg 23/5 1844 med Kari Bendiksdtr. Hersvik og bur litt her og der i Solund i åra framover. I 1865 er han derimot ikkje å finna. Ola Jensson Tangenes er son til Jens Olsen Sogndalsfjæren. Det går fram av kyrkjeboka då han som enkjemann gifter seg 17/7 1834 m. Marta Arnedtr. Så Ola Jensson har me vore borti i debattforumet før, viss eg ikkje hugsar feil. Har ikkje fått tid til å leita etter fleire Jens-søner og døtre i Solund enno.Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Det ser ut som om det kan vere tvil om kven som er rette foreldra til den Mari Jensdtr. vi jaktar på, men eg finn i alle fall ikkje (på [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp>http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp) Jens Erikson som far til nokon fødde i Songdalsfjøra i perioden 1800-1810. Håper det er nokon kan sjekke dette!Til innlegg 2 over: Ingemor Jensen har eg funne ut må vere son til Jens Isakson Hersvik (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Enkemann Ingemor Ingemorson Vassøy i Solund gifter seg 4/10 1851 m. Anne Jensdtr. Bahus? f. 1820. Far hennar heiter Jens Olson. I folketeljinga 1865 er ho enkje og tener på Steinsøy. Det står at ho er 46 år og fødd i Sogndal. Er dette Anna Jensdtr. nemnd ovanfor? I 1865 bur det i Leknessund eit par Nils Paulson og Kristine Jensdtr. Ho er 60 år. Begge er fødde i Sogndal. Er dette og dotter til Jens Olson og Kirsti Einarsdtr?Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk til deg Alf,Når det gjeld Anne Jensdtr. Bahus har eg spekulert på det same. Kanskje det er nokon lokalkjende som kan bidra her ?Nils Paulson og Kristine Jensdtr. er debattert her: Lenke, sjå innlegg 15) for potensielle foreldre til Kristine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her var det jamen innkome mange interessante opplysningar. No lyt eg sortera ''lite vetta'', og so kjem eg attende. Men i mellomtidi kan eg nemna at det i 1823 vart halde skifte i Sogndalsfjøra etter Kirsti Einersdotter. Og ei sak til: Bahus ligg i Sogndalsfjøra!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Her kjem litt meir om Einar Jensson (1816-1862).Lågøy (nr. 59, s. 487, Solund Bygdebok I): ”Einar Jensson frå Sogndalsfjøra var konfirmant frå Lågøy i 1833, 16 år. Han og gj. Eli Andersdtr. Hadde dotter Johanne her i 1838. Om dei var gifte i hop ser me ikkje her. Dei kann snaudt ha budd her i tilfelle.”Dette er nok same Einar som Alf Strand nemner i innlegg 5. Under Hersvik står det at han kom frå Sogndal.Kråkenes N (nr. 36, s. 476, , Solund Bygdebok II): ”Einar Jensson og Kari Bendiksdotter finst i kyrkjeboka 1851. Dei har då havt dtr. Ingeborg Kristine til kyrkjedåp. I 1852 døypte dei Johannes, d. 14 viker gl. I 1851 finst ogso gravfest Ingeborg Kristine Einarsdtr., 8 år gl. Det kann sjølvsagt vera rett.” Så ei tilfeldig oppdaging, sat og las i Hyllestad Bygdebok (Band 1) under Ytre Gil og jammen dukka det ikkje opp ein Einar Jensson der, eg siterer:Husmannsplassen Gilshaugen, VI. ”Einar Jensson plassmann 1853-62. Han kom frå Kråkeneset i Solund, var f. ca. 1815, d. 1862. Gift kring 1843 med Kari Bendiksdotter f. 1817, d. 1857. Gift igjen 1858 med Anne Pedersdotter Eide f. 1822, d. utanbygds”Det er nemd 5 + 3 born for Einar Jensson der;1. Ingeborg Kristine, f. 1843, d. 1851 på Kråkeneset (les: Kråkenes N., Solund)2. Mari, f. 1848, til Gulen 1874.3. Johannes, f. 1852, d. 1852 på Kråkeneset4. Berte, f. 18545. Mari Johanne, f. 1857, d. 18576. Kristian, f. 18587. Brita, f. 1860, d. 18618. Brita, f. 1862Enka Anne Pedersdtr. gifter seg oppatt i 1864 med Anders Nilsson, f. 1831 på Hjelmen, Manger, men noko før 1875 flytte familien utanbygds. Men kvar står det ikkje noko om. Dei fekk dottera Ingeborg i 1865.Du finn dødsår- og datoar ved søk på http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.