Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#27967] Brør (?) frå Kalvik, Skånevik i fengsel


Recommended Posts

Gjest Marie Skålnes

Takk for svar, Yngve!Otto:Eg går ut i frå at dei er sønene til Johannes Eriksson Kalvik, eg finn iallfall ingen andre i Kalvik som passar. Ikkje er det vel andre Kalvik i Skånevik, heller. Rart at tjuveriet ikkje er nemnd i Skånevikssoga; eg fann det tilfeldigvis her.

Gjest Helga Kallevik

Hei!Har funne slike opplysningar utelatt i andre bygdebøker også, ma. i ei av Fitjarbøkene. Kanskje grunnen var at dei ikkje ville skriva om slike 'negative' hendingar av omsyn til etterslekta?Eller er ikkje desse hendingane registrert i dei kjeldene som har vore nytta i bygdebøkene....? Eg finn foresten nokre Kalvik frå Skånevik i Bygdeboka for Moster. Fann dei då eg leita på mi eiga slekt (som ikkje har noko samanhang med Kallvik i Skånevik, men kjem herfrå Moster). mvh Helga Kallevik

Gjest Helga Kallevik

Hei!Den eine av Kalevik brødrene på Moster heitte Johannes Johannessen Kalvik, Skånevik f. 1819 d.1904. Gm. Brita Osmundsdotter Grønås, barnlause. Kanskje samme person som syntes det var for flaut å komma heim att til Skånevik etter å ha sote i fengsel?Det står elles at Johannes vart kalla 'potisen'. Han var so krank at kona måtte bera han på ryggjen. Dei budd i ei stova i Halvardsvik, som dottera i 1885(kona hadde ei dotter frå 1. ekteskap med ein Ivar). Johannes fekk fattighjelp.Den andre som budde Askjel Johannesson Kalvik gm. Inger Johannesdatter Born a)Johannes, reiste til amerika b) Iver Annanias f.1869, i Amerika c) erik Olai, f.1862 d.1881 D) Inger Helene f.1876 d.1881 e) Anna Ragnhild Nikoline, f.1881.Askjel budde i Austnes. I 1886 reiste han til Amerika med huslyden.Moster bygdebok s. 472, i flg. Skåneviksoga, b.347 var desse 2 brødre.Helga Kallevik

  • 1 måned senere...
Gjest Otto Jørgensen

til nr 8 eller andre.Jeg er veldig interessert i det som står om disse to personene utover det som evt er nevnt.Jeg sitter ikke på bygdebøkene for Moster, så jeg ville være taknemlig om noen enten la inn informasjonen her eller sendt den direkte til meg, otjoerge@online.no

Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg har slått opp på ny i Mostraboka og på s. 472 står det om brødrene frå Skånevik. I Mostraboka er Inger Johannesdotter oppført som kona til Askjel Johanessen Kallevik. Eg veit ikkje kva som er rett, men kanskje mest truleg det som står i Skåneviksoga?Elles står det også at han reiste til Amerika med huslyden i 1886. Kanskje ein kan finna han i emigrantprotokollane og sjå kva namn som er oppgitt på kona der?mvh Helga Kallevik

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Her er truleg lenke til emigrantprotokoll LenkeAskjel var leigebuar på Teigland, Mosterhamn, så det er ikkje unaturleg at det var dette etternamnet han nytta då han emigrerte. Alderen på sonen Ivar stemmer med det som står i bygdeboka for Moster.Kona sitt namn er oppgitt til Inger Iversdotter, altså same farsnamn som i Skåneviksoga.mvh Helga Kallevik

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.