Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#27988] HO: Opphav/lagnad til Johannes Anders. & Janniche Lassed. (vigde i Bergen 1786)

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Litt bakgrunn for denne debatten:Hans Kinus Jensson Sørland (Værøy) gifte seg i 1885 med Oleanne Larsdtr. Yndestad (Askvoll), og er i 1900 busett Yndestad, Askvoll: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01428.wc2&gardpostnr=40&personpostnr=258&merk=258#ovre>LenkeHans finn vi att både i 1865 Lenke og i 1875 Lenke heime hjå foreldra.Men den eg er interessert i her og no er mora Janekken L. M. Christensdtr. og hennar forfedre. Ho er fødd i Bergen i des 1822, Lenke.Ved søk på fødde i Bergen synes det at foreldra hennar har (uekte) born fødde i 1817, 1819, 1822 og 1826 (og eigentleg også i 1828) men dei gifter seg omsider 19 des 1828 (Lenke). Finn følgande born registrerte på dei (men stemmer alle dødsdatoane):1. Johannes, f. 1817 Lenke, d. 1831 Lenke2. Marthe, f. 1817 Lenke, d. 1827 Lenke3. Jan Christian, f. 1819 Lenke, d. ??4. Janikke Lovise Martine, f. 1822 Lenke, d. 19?? (når dø ho?)5. Anna Johanne, f. 1826 Lenke, d. 1829 Lenke6. Christen Johannes(en), f. 1828 Lenke, d. 1834 (?)Lenke (er dette den rette Christen?)7. Andreas, f. 1831 Lenke, d. ??**********Christen Johannesen Lundgaarden, f. 1787 Lenke, d. 1842 Lenke== Kan dette vere han i 1801 ?: LenkeDorthea Magrete Larsdatter, f. i Holmedahl (er dette ho i 1801 ? Lenke), d. 1841 Lenke***********Christen sine foreldre er Johannes Andersen & Janniche Lassedtr og dei gifter seg i 1786:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har ein mistanke om at Janniche er dotter av Lasse Johannessen og Anne Jacobsdotter og fødd på Kleppe på Askøy før foreldra flutte til Store Solheim i Årstad. Der er ei Janniche Lassesdtr. som vert konfirmert i Årstad samstundes med Johanne Lassesdtr. i 1779; dei er då 16 og 17 år gamle. Eg trur dei to er systre, men eg har ikkje Askøy-registeret mitt her, difor kan eg ikkje seie det sikkert.Om dette er rett, kan eg mykje om slekta til både Lasse og Anna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det ser ut til å vera rett, jfr. skifte etter Anne Jacobsdotter (sk.p. Nh. 12a 243 12.11. 1811). Der er Janiche Lassedtr. oppførd som 2. dotter, g.m. Anders Johnsen Lungegården.Ho gifter seg med AJ som enkje 1302 1791 i DK. Du finn dei i 1801.Det er truleg Johannes A. vi finn død i 1789 som Johanis Andersen, 32, soldat af Qvarnisonen fri jord, KK StM 1789 2401.Eg har ikkje funne Jannike døypt, men i åra kring 1760 + er der ein del manglar i Askøy kb.Anne Jacobsdotter var dotter av Jacob Steffensen på Ravnanger og kona Eli Danielsdotter frå Hegrenes i Jølster.Far til Jannike, Lasse Johannessen, var son av Johannes Lassesen Kleppe, opphaveleg frå indre Sogn og gift med Bertha Olsdotter frå Selvik i Åsane, men visst nok òg med slekt frå indre Sogn. Vigsla deira finn du under Hamre på 1720-talet, då har han Kjeøy som adresse. Dette er truleg feilskrift for ein gard inne på Fresviklandet i Sogn. Eg har meir om dette heime. Send meg epost-adressa di fndbred@online.no, så skal du få noko meir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.