Gå til innhold
Arkivverket

[#28023] Skifte i Sunnhordland, Sisela Larsdatter, Pollen u. Almos


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Ynskjer informasjon om kva som står i skifte etter Sissela Larsdatter, Pollen u. Almos, Stord. Lenke6868 Sissella Larsdtr Pollen u. Almaas Føyen 490 A.a11a 1796-1801Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Skiftet er datert 28. oktober 1797 og nevner enkemannen Lars Larsen og barna Lars Larsen, Jacob Larsen, Ingeborg Larsdatter, gift med Ole Olsen Pollen, Anna L., gift med Ole, husmann på Lillesøen, Sille Larsdatter, 20 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Tusen takk for svaret. Vert no meir og meir sikker på at Sisela Larsdatter var mi 3.tippoldemor gift med Lars Larsen som i 1775 då han hadde sonen Jacob til dåpen, vart kalla Lars på Jensaneset. Fleire av fadrane til Jacob kom frå Dahle, og det ser ut til at dei var brødre eller svigerinder av Sisela Larsdatter. Namnet på barna stemmer også med det eg har funne under døypte i Stord.Under vigde i Stord har eg funne at Lars Vikanes hadde ei dotter Ingeborg døpt 1765. I 1794 finn eg ei Ingeborg Larsdatter Jensaneset gift med Ole Olsen Almos. Nærliggjande å tru at foreldra flytta til dottera på Almos, eller fekk seg ein husmannsplass i nærleiken.Jacob Larsen finn eg truleg som dreng på Nyseter i 1801 same året som han gifte seg.Eg hadde håpa at den Lars Larsen (innlegg 28024), Isdahl som eg også etterlyste skifte til her , kunne ha vore mannen til Sisela, som då event. var gift opp att på Isdahl. Men i Ft. 1801 bur det 2 Lars Larsen på Isdahl, den eine 53 år den andre 63 år (sistnemde høver i alder med enkemannen Lars Larsen. Ser at skifte her er etter Lars Larsen Dahle Isdahl som var 53 år i 1801 og gift med Ingeborg Steffensdatter. Denne Lars Larsen som det er funne skifte etter var bror til Sisela Larsdatter og svoger til Lars Larsen f.1738.Hadde eg funne også hans skifte, kunne eg kanskje fått informasjon om kor sonen Jacob budde på det tidspunktet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Her er dei som budde på Isdahl i ft. 1801.LenkeReknar det som sansynleg at Lars Larsen 63 år kan vera enkemannen etter Sisela Larsdatter som no gift oppatt og busett Isdahl, og at Lars 33 år er eldste sonen som er nemd i skiftet her. Ingebor var f. 1765 og Anna ca. 1771, så det høver godt med at han var f. ca. 1768.Diverre finn eg ikkje noko skifte etter Lars Larson når eg søkjer her på Digitalarkivet. Skulle gjerne visst kor sonen Jacob slo seg ned.Den andre Lars på Isdahl var altså bror til Lars si fyrste kone, og han var igjen gift med dotter til Steffen Larsen Kannelønning som var bror til enkemannen Lars Larsen.Er det mulig å finne ut kva tid denne siste Lars Larsen døde og om der er skifte etter han?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.