Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Marie Skålnes

[#28073] Margreta Sveinsdtr 1764-1832, gift til Slåkje,Åkra sokn, Skånevik

Recommended Posts

Gjest Marie Skålnes

Ein av forfedrane mine, Jon Jonsson Slåkje ca. 1737-1814 var gift 3 gonger og fekk barn frå 1766 til 1809. I sitt tredje ekteskap var han gift med Margreta Sveinsdtr, som eg ættar frå. Her er det nygifte paret i 1801: LenkeMargreta var i følge bygdeboka dotter til ein Svein som budde på Hauge i Høylandsbygd (ligg i Holmedal sokn, Skånevik) eit par år og som sidan må ha reist frå bygda. På FS er ho kalla Margrethe Sveinsdatter Holmedal.Er det nokon som veit eller kan kan finna noko meir om denne Margreta, kor ho kjem frå, og kven foreldra er?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Finner dette i FS/VRIMagretha Sex: F Event(s): Christening: 24 Oct 1764 Place: Skaanevik, Hordaland, NorwayParents: Father: Svend SVENDSENSource Information: Batch Number: C429181Source Dates: 1745 - 1828Film or Fiche Number: 124693Collection Details: Skaanevik; Den Norske Kirke--------------------------------------------------SVEND SVENDSEN Marriages:Spouse: BRITHA JORGENSDRMarriage: 14 JUL 1765 Skaanevik, Hordaland, Norway--------------------------------------------------I FS/IGI finner jeg en Abelone Svendsdatter Holmedal som gifter seg i Skånevik i 1798; en søster av Margrete? Her er Abelone i Skånevik i 1801 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Tusen takk for svar! Eg har bygdeboka som omhandlar Holmedal på lån heime no, og skal sjekka Abelone i kveld. Eg finn ikkje nokon gard som heiter Melkevig(k)i lista over gardar i Hordaland (DIS Hordaland).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er Melkevik på Halsnöy, rett over for Ölfernes. Det er og Melkevik på Stord (like ved Stokken), men det er vel mest sannsynlig at det var Halsnöy.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Takk skal du ha, Kjellaug! Det er nok på Halsnøy (Høylandsbygd, som eg nemnde i innlegg 1). Litt av Halsnøy høyrde til Skånevik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Eg finn Abelone Sveinsdtr (1779-1843)under Melkevik, men det står ikkje kvar ho kom ifrå. Mannen var Jørgen Haalvardson, opprinneleg frå eit plass under Mosdal. Dei budde både på Lio, Melkevik og Holmedal, og var svært fattige. Eg finn på FS at far til Abelone er kalla Svein Hauge, så det kan vel tyda på at Abelone og Margrethe er søstre. Abelone hadde ei dotter som heitte Brita, det heitte også kona til Svein.På den andre sida må dei to konene ha tilhøyrt to forskjellige samfunnslag. Bøndene på Slåkje levde stort sett bra, iallfall har same ætta vore på garden i omlag 400 år. Abelone måtte gifta seg med den svært unge Jørgen og fekk barn same året.Eg er framleis open for meir informasjon!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jeg satte spørsmålstegn ved om Abelone kunne være en søster av Margrete, fordi de begge er registrert i FS som Svendsdatter Holmedal. Men det er ikke sikkert at Svend Hauge og Svend Svendsen er samme person, siden de to damene - slik du påpeker - tilhører så ulike sosiale lag. Og var det folk på Slåkje som satt godt i det, sørget de vel for å gifte seg med folk av samme samfunnslag. Kanskje bygdeboka for Holmedal kan gi svar på om Svend er far til begge jentene? I og med at jeg ikke har tilgang til bygdaboka. Av det jeg har funnet FS, ser det for øvrig ut som Margrete er født før (1764) Svend giftet seg (1765), og et spørsmål kan være om Svend gift med Brita er far til Margrete...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei Marie. Unnskyld at eg blandar meg inn her, men eg ser at du har ein Jon som kanskje kan vera far til denne Anna, som er mi to gongar tipp.. veit du noko om borna frå dei andre ekteskapa?LenkeVenleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Mariann: Jon Jonsson Slåkje hadde ingen døtre som heitte Anna, dei i første ekteskap var Brita, Ingeborg og Valgjerd. Andre ekteskapet varte to veker og var barnlaust.Det paret du viser til i innlegget, finn eg i bygdeboka. Dei budde både på Fjellandsbøle,Storhaug og Holmedal. Dei fekk døtre i 1759 og 1961 som begge heitte Anna og fleire andre born. Dessverre er det lite opplysningar om borna, det er vel kanskje litt vanskeleg når foreldra flytta så mykje, og sikkert brukte ulike navn.Kva gard i Kvinnherad var mannen hennar frå? Eg fann ein med same navn på Bauge i Holmedal, og han var far til andre kona til Jon Jonsson Slåkje.Eg skal lesa litt meir i Holmedalsboka før eg leverer ho frå meg, så eg skal sei frå om eg finn noko.Grethe: Eg har sett etter Svend Svendsen / Svend Hauge på gardane Hauge og Holmedal i Holmedal Sokn, utan å finna noko. Eg trur bygdebokforfattaren kom over denne Svend/Svein etter at boka var utgiven, då han skreiv bind 2, der bl.a. Slåkje i Åkra sokn er. Eg søkte og etter Svend i folketeljingane, men har kan jo vera fødd etter 1700 og død før 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk skal du ha Marie. Eg har gått gjennom alle mogelege 'Jonar/Janar' eg har funne i FT1801, utan å finna nokre gode løysingar ved å lesa bygdebøkene(visst eg ikkje hugsar feil sjekka eg også Kv.h.bøkene).Paul/Povel er f. på Hjelmeland i Kvinnherad.Eg skal på Statsark. i Brg. på onsdag, men det er vel ganske håplaust å finna noko om denne Anna, utan å ha nokre fleire haldepunkt..men har iallfall tenkt å gjera eit forsøk!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Eg har lese gjennom Skånevikssoga, Holmedals sokn, igjen, og har også hatt Anna i tankane. Eg finn ikkje namnet Anna brukt så ofte på den tida, og dei fleste Anna'er døydde små/unge eller var ugifte.Har du undersøkt forlovarane nærare? Biødne Præstegaarden finn eg her Lenke Han er vel truleg svoger av Annas mann.Samson Aasheim finn eg ikkje i 1801-teljinga for Aasheim, Skånevik, men han kan jo vera flytta eller død. Eg kan kika ettter han i Skånevikssoga for Skånevik sokn, om du ikkje har leita sjølv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hmmm, ja eg har sikkert sett denne før(det er ei stund sidan eg hadde dette temaet i 'hove'), men eg klarar ikkje finna ut noko meir.Vonar at eg kanskje kan få hjelp til å lesa(visst ikkje dei har avskrifter, det er draumen :-)kyrkjeboka over døpte i Skånevik ca. 1760 + -Takkar deg enno ein gong for interessa du syner !!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.