Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#28113] S&F: Opphav til Lars J. Nøtedal og kona Sofie J. Dver(g)sdal (Hafslo / Årdal)

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Lars Jensson Nåtedalen var f. 1755 i Nøtedalen, Hafslo, Sogn og Fjordane. Han vart døypt 22 november 1755 i Hafslo, Sogn og Fjordane. Han d. 1819 i Natvik, Årdal, Sogn og Fjordane.Lars gifta seg med Sofie Johannesdotter Dversdalen den 28 mars 1784 i Hafslo, Sogn og Fjordane. Sofie vart f. 1753 i Dversdal. Ho d. 1839 i Natvik, Årdal, Sogn og Fjordane.Dei bur under Natviigen, Aardahl, Leirdahl, NB i 1801: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11422&gardpostnr=73&personpostnr=2125&merk=2125#ovre>Lenke Første sonen deira er fødd i Hafslo: Lenke (han dø truleg tidleg), medan fire (eller fleire?) andre er fødde i Årdal (Natvik)..== Det er ein del Jens’er som gifter seg (ref. databasen for vigde i Hafslo; Lenke) som kan passe som kandidat til foreldre til Lars Jensson ? Kven er det rette paret ?== Sofie reknar eg med også er frå Hafslo traktene (Dvergsdal), men finn ho ikkje blant fødde i Hafslo (kanskje det høyrer til Jølster?)..Tre barnebarn av dette paret vart, etter det eg har funne ut, gift i Askvoll (Værøy), derfor mi interesse for opphavet deira (sjå også debatten om leddet i mellom dette paret og dei som flytte til Askvoll:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Denne Jens ser ut for å være rett plassert, Nodtdahlen er vel bare en variasjon av Nøtedal:Jens Samsonson og Karen Andersdt: LenkeSer og at det er skrevet Notedalen i dåpen hans.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dette er ein interessant huslyd!Lars Jensson Notedahl eller Natvig (1755-1819) var son av Jens Samsonson Notedahl og ANDRE kona hans, Oselda Rasmusdotter Berteigen, medan Sophia Johannesdotter Dvergsdahl (1757-1839) var dotter av Johannes Didrikson Dvergsdahl og ANDRE kona hans, Anna Olsdotter Lindgjerde.Men kva er di tilknytting til denne huslyden? Her er kva eg har om borni til Lars og Sophia, heller mangelfullt:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~a. Jens Larsson, døypt i Hafslo 18.7.1784,##### (d. ung)b. Anna Larsdotter, f. i Årdal 3.4.1788,##### (fødsels- eller dåpsdato?)##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)Anna gifte seg i Årdal 22.6.1834 med Andreas Larsson frå Offerdalen i Årdal. Han var f. i Årdal##### (1804 - skal vera son av Lars Pederson og Inga Christensdotter frå Tallehagen under Talle i Luster - sjekka dette!)Han d.##### (dato og stad for dødsfallet hans?)##### (yrke og bustad?)##### (talet på søner og døtrer?)c. Mari Larsdotter, f.##### (fødsels- eller dåpsdato? - 1790??)1790, d.##### (dødsstaden hennar? - Hunderi i Lærdal?)1860. Mari gifte seg i Lærdal 29.10.1820 med Lars Olson frå Hunderi i Lærdal. Han var f. i Lærdal##### (fødselsdatoen hans?)1796. Mari og Lars vart husmannsfolk på Roarsgjerdet under Hunderi i Lærdal, men som enkjemann utvandra Lars i 1868 til Amerika.##### (name used in America? - what became of him?)##### (date and place of his death? - children in America: Lars 1825 (em. 1856) and Sophie 1832 (em. 1862))Dei fekk tre born i lag. d. Johanna Larsdotter (1794-1860), vart gift med Ole Andreasson frå Bakken under Nattviki i Årdal (1791-1831), son av husmann Andreas Olson frå Teigane under Leri i Luster (1767-1853) (s.d.). e. Jens Larsson, f. i Årdal 9.1.1796,##### (fødsels- eller dåpsdato? - sjekk året - 1797?)##### (dato og stad for dødsfallet hans?)1867. Jens gifte seg første gongen i Årdal##### (vigselsdatoen hans?)1825 med Anna Olsdotter frå Vindedal i Lærdal. Ho var f.##### (fødselsdatoen hennar?)men d. i barselseng##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)1826. Jens gifte seg so att i Årdal##### (vigselsdatoen deira?)1827 med Gro Christophersdotter frå Strondi under Prestegard i Årdal. Ho var f. i Årdal##### (fødselsdatoen hennar?)1795 og d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)Jens vart husmann i Haugen under Nattvik i Årdal og fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det andre.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kan du fylla ut noko her, ville eg setja stor pris på det! Og har du forresten dei nøyaktige dødsdatoane til Lars (1819) og Sophie (1839)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Er redd jeg må skuffe deg her, jeg har ingen tilknytning til disse folka og ville bare gi en hjelpende hånd-:)Håper andre kan fylle ut for deg.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Merci bien, Kjellaug, men eg tenkte helst på Gisle då eg spurte om tilknytting til denne huslyden...Amicalement,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Excusez-moi!! Jeg lærer visst aldri å lese overskrifter...Amicalement Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

...de rien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Lars!Har sendt deg ein e-post om dette! Lite å bidra med, så eg får håpe det er andre som kan hjelpe deg med datoar og årstal.M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.