Gå til innhold
Arkivverket

[#28163] Reinert Jensson Horneland (f. 1743), Stord, HO


Gjest olav ulvenes
 Del

Recommended Posts

Gjest olav ulvenes

Kan nokon hjelpa med svar på flg. spørsmål : ER Reinert Jensson Horneland b. Stord gift 1815 med Henrikke Henriksd. For f. Særvoll OG Reinert Jensson Horneland f. 1743, Stord, d. 1829, gift 1764 m Åsa Olsd. Brandvik EIN OG SAME PERSON??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Har bygdeboka for Stord på heimlån frå biblioteket.Her er noko av det som står:Jens Olson Horneland f. 1715 d. 1797. Kona hans Mari døydde i 1780. Dei hadde barna:1) Reinert som budde på garden 2)Ola f. 1733, vart buande på Høyland, 3) Helge f.1747, budde fyrst på byrkjeland, men makaskifte garden med Nedre Litlabø, 4)Jens f. 1750, var lensmann og budde i Eldøy.Neste generasjon: Reinert Jensson f. 1743 d. 1829, fekk skøyte på halve Horneland i 1763, i 1781 fekk han skøyte på halve 'Hornelands ødegaard' (Hatland), halve Grindvik og halve Hornelandsvåg. Kring 1790 fekk han skøyte på resten av Horneland og plassi som høyrde til.Han var gift med Åsa Olsdatter Brandvik f. 1745 d.1810. Dei hadde desse borna som vaks opp: 1)Helene f. 1765 g.m. Ola Børtveit, 2) Jens, 3)Ola,4) Mikkjel fekk kvar sin part av Horneland, 5) Reinert f. 1785, vart gift med syskjenbarnet sitt, Johanna Jensdatter eldøy. Han overtok verfaren sin gard Leirvik. 6)Synneva f.1788, g.m. Otte Jonsson Bjelland.I 1784 søkte reinert jensson om løyve til å setja opp ei 'flom- of bekkesag' på Digernes grunn i bekken som renn ut i Valvatnavågen. Året etter fekk han løyvet og 'Digernes saug' er nemd som Hornelands eigedom so seint som kring 1850.Reinert Jensson var ein velvyrd mann, og var presten sin medhjelpar i mange år. I 1811 gav han 200 rd. til fedrelandet mot å få kvittering frå sjølvaste Christian Fredrik, noko han truleg fekk og.Rienert Jensson åtte heile Horneland, men skifte garden mellom tre av sønene sine. jens fekk det som hadde br.nr. 1, Ola brn. 2 og Mikkjel brn.3.I mantalet 1801 er desse nemde som busitjarar på Horneland: Reinert Jensson 58 år, og kona Åsa olsdotter, 56 år, og borni deira Mikkjel 26 år, Reinert 16 og Synneva 12 år. Jens Reinertsson 29 år og kona Åsa Jonsdotter 26 år. Husmann Endre Endresson 46 år, og kona Torborg Nilsdotter 48 år, son deira Nils 8 år. Inderst Johannes Monsson 40 år og kona Marta Rasmusdtr. 45 år, 'de nyder almisse', og 'husmann uden jord',adne Hansson og kona Pernille Johannesdaotter 45 år, borni deira: Johannes 11 år, Ådne 18 år, Gunnar 5 år og Eli 14 år....Så langt bygdeboka. Kjem tilbake til neste generasjonmvh helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Kan i farten ikkje finna fleire med namn Reinert Jensson på Horneland på den tida. Kona Åsa Olsd. Brandvik døydde i følge bygdeboka i 1810, så det er jo slett ikkje umulig at han kan ha gift seg oppatt då han var 58 år. Men det står ikkje noko om dette i bygdeboka, så langt eg kan sjå.Sonen Jens Reinertsson f. 1771 d. 1854, bygsla fyrst br.nr. 1 av faren i 1809, men fekk skøyte i 1815. Han var gift med syskenbarnet sitt, Åsa Jonsdatter Brandvik. dei hadde to dødtre: Guri f. 1807 d.1888 g.m. Ola Reinertson Digernes, og Åsa f. 1809 g.m. Ola Anfinnsson Brandvik.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.