Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28186] Dødsmelding Bergen 1956

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Alma Amanda Nordahl, fødd i Bergen 30.7.1886, døydde i Bergen 29.4.1956. Ho var ugift.Kva er oppgjeve som yrke til Alma?Alma hadde to søstrer Margit og Gudrun. Kva står det om dei i dødsmeldingi til Alma?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Ho var forretningsdame, busett i St. Parkvei 9, og med søstrene Margit Rønning, Solheimsgt., og Gudrun Andersen, Brooklyn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk, Yngve, for gode opplysningar frå i går.Eg finn at Margit Rønning døydde i Bergen (Solheimsgt. 68) 5.2.1957. No er spørsmålet om dødsmeldingi hennar kan finnast? Eg er interessert i:* Opplysningar om mann hennar?* Yrkesbeteikningi hennar?* Namn på ervingane hennar?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Ho var 'Bestyrers enke'. Mannen Halfdan Rønning var død 21. september 1936. Dei hadde gjensidig testament datert 16. november 1923. Som arvingar etter Margit Rønning står kusina Karen Sundhordvik, Odda, og søstera Gudrun Andersen i Brooklyn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Yngve for interessante opplysningar! Eg har ogso funne att Gudrun Andersen i Brooklyn, NY, og ho hadde heller ikkje born...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.