Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ivar Fylling

[#28217] Synnaland - Ulla 1700

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Er det nokon som veit noko om foreldre til, og evt slektskap mellom desse tre Knutsen'ane:1) Jon Knutsen (Synnaland) g 1689 med Anne Iversdtr. (Jon Knudsen Ulla er blant fadderane)2) Jon Knutsen (Ulla) g 1690 med Brite Persd. Synnaland, g2 1713 med Marit Povelsd. Haram(?)(Blant brukte fadderar er ein Jon Knudsen Ulla)3) Rasmus Knutsen (Ulla) g 1694 med Eli Pedersd. Longva(?)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Dette er ei nøtt. Du gir sjølv døme på at der truleg er slektskap mellom personane. Ein kan finne informasjon om kvar av dei men den viser ikkje at slike relasjonar finst. Utdrag frå relevante kjelder: a. Ein Knud Ulla skal vere nemnd i 1642 b. 1688: Knud Olufsen(?) Ulla døyr. Enka Brit Pedersdtr. f. Synnaland gifter seg i 1689 med Jon Knudsen Synnaland Ulla (Grunnboka) c. 1689: Joen Knudsen og Brite Persdotter Ulla gifter seg; forlovere Rasmus Ulla og Peder Persen Synneland. (Kirkeboka) d. 1689: Joen Knudsen og Anne Iversdatter Syndeland døyper ein son Peder e. 1701, Ulla er nemnt m.a: Jon Knudsen 41 år, son Knud 6, Ole K. 16 år----Rasmus Knudsen 49 år, son Per 1 år f. 1701, Synnaland er nemnt m.a: Jon 48 år, s. Knud 12 år, Erik 9 år---- Peder 57 år, s. Peder 11 år g. Gamal 'Ættetavle' (Ukjent forfatter, årstal og kilder): viser denne slektsrekka: Jon Arnesen Synnaland - Knud J Synnaland - Jon Knudsen Ulla *1661 gift med Birgit Pedersdt.Så er det berre å gisse. Først kan vi vel slå fast at dei to Jonane ikkje er same person, men dei kan vere brør. (Aldersforskjell er 7 år (punkt e og f)). Då fell samrøret mellom dei på plass. Dei synest begge å vere frå Synnaland, der det ikkje er spor etter fleire Knutar enn nemnde Knut J. Synnaland. Eit alternativ kan vere at denne Knud Olufsen Ulla er far til Jon U og at han gifter seg med stemora Brite (død i 1713), men det er kanskje mindre truleg, og støttar i punkt b. Brite er truleg dotter til Peder nemnt under f. Ved Brites død er det nemnt 3 born, Ole, Knud Jonsen og Mari Jonsdtr. Ole må vere frå fyrste ekteskap, (Ole K). Jon døyr i 1724 og då er berre dei to siste borna nemnde. Han er då gift med Anne Halvorsdatter, men dei har ingen barn. Så var det Rasmus Knudsen. Er han sonen til Knud Olufsen? Han døyr i 1710 og etterlet seg da kone og 2 søner, Peder og Lars. Formynder for desse er Niels Pedersen Uksnøy som kan vere bror til Eli Pedersdtr. I så fall kjem ho frå Uksnøya og er dotter til Peder Christoffersen Birkevoll.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Såpass er visst: Det budde ingen Knut på Ulla korkje 1666 eller 1674. Etter manntallet 1666 budde derimot ein Knut på Synnaland og, voilà (som greven sa). han hadde to søner: Jon med oppgitt alder 5 år og Jon med ditto alder 1 år. Knut var ellers oppgitt med alderen 60!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Takk for opplysningane!At Jon1 og Jon2 er brør og søner av Knut Jonsen(?) Synnaland, ca 1605 - 1680 ser ut til å vere 'greitt', og dette var igrunnen 'kjernepunktet' for meg.Den tredje Jon Knutsen (Ulla), fadder for barn av Jon Knutsen og Brite Pedersd., må ha ein annan far. Kanskje det var Knut Olufsen? Ulla, den første mannen til Brit Pedersd, han som døyr på Ulla i 1688. Han må ha flytta til Ulla etter 1674, dersom kjeldene til Håkon og Bjørn er rette. Det må ha skjedd like før eller etter giftarmålet med Brit på Synnaland.Peder'ane på Synnaland er ei anna sak. Peder Arnesen, Knutsen, Jonsen og Pedersen florerer på 1600 og 1700-talet. Der er ein Peder Jonsen som etter alderen ved død i jan 1689 (k.boka), er fødd ca 1638. Han er vel og farskandidat til Brit Pedersd., i tillegg til han som er 57 år i 1701, Peder Pedersen(??), som Håkon nemner?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Treng denne fadderen å vere ein tredje mann? Kanskje er det faren, det hende vel også i dei dagar?I Haram Bygdebok, andre halvband s. 76 er det vist til to bønebrev til Kongen frå 1709 og 1711. Mellom underskrivarane til det første finn ein m.a 'Rasmus Knuts. Ulla, son til Knud Ulla' og til det andre 'Jon Knuds. Ulla, son til Knut Jonsen Synnaland'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roar Paulsen

Jeg så innlegget di nå og vil prøve å bistå med det jeg har. Jon Knutson Ulla, født.1660,død.1715 han hadde ei søster, Kari Knutsdatter,som ble gift med Peder Pederon Synnaland,og en bror, Jon Knutson Synnaland.Det hente i den tiden at to brødre hadde samme fornavn.han er nevnt som bruker i 1711 av 9 mellag.Han var eidsvoren lagrettesmann,ble gift med enka etter Knut Ulla. Birgitte Pedersdatter. f.Synnaland. Barn:Mari Jonsdatter,f.1690 Knut Jonson Ulla,f.1694

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roar Paulsen

Knut Jonson Synnaland, f.1605, d.1680 Ektefelle ukjent. 3 Barn: Jon Knutson Synnaland,1650-17- Jon Knutson Ulla,1660-1715 Kari Knutsdatter,gift med Peder Ped. Synnaland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roar Paulsen

Jon Jonson Synnaland,f.1540,d.1595 Far til Jon Jonson Synnaland,f.1570,d.1620 Far til Knut Jonson Synnaland,f.1605,d.1680.den siste knut har du i innlegget før dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Takk til Roar Paulsen. Dette stemmer med puslebitane eg har tilbake til Jon Jonsen (1570-1620).Men bakom der har eg nokre andre bitar frå usikre kjelder. Som far til denne Jon Jonsen har eg ikkje Jon Jonsen, men Jon Arnesen (ca 1540 - ca 1600) med to søner i tillegg til 1)Jon Jonsen: 2)Arne Jonsen, som er far til Jon Arnesen og Peder Arnesen, og 3)Peder Jonsen, som er far til Peder Pedersen.Er det råd å finne ut om desse bitane passar, og kvar Brite Pedersd. f Synnaland, som vart oppattgift med Jon Knutsen Synnaland i 1689, og Peder Pedersen, gift med Kari Knutsdtr. Synnaland før 1689, høyrer til i bildet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roar Paulsen

Sitter med en privat slektsbok for Haram,og jeg kan ikke finne noe mer om de personene du nevnte.Kildene til denne boka er innsamla av Elias R. Aakre som hadde sine opplysninger fra genealog Martinus Rogne.Han hadde sit arbeid ved statsarkivet i Trondheim.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Her er kjeldene eg har hatt til Synnalandsslekta:104 Ragnhild Hurlen: 'Slektstavle for Gunnagarden på Hildre', Hildre 1988, privat kopi lånt av Idar Reiten, side 37.105 Hans P Holmeset: 'Etterkomarane til Peder Pedersen Synnaland og kona Berthe, fødd Skaar', Brattvåg 1981, side 5.106 Sevrin Skjelten og Magnar Kruse Bjørge: 'Iverslekta på Hildre', Brattvåg, april 1980, s 10.Som det meste i denne bransjen er dei ikkje feilfrie.Feilfri er heller ikkje M. Rogne. Ein som lånte Haram Bygdebok før meg, har s 49 notert at dokument frå Longveen 1523 er ikkje frå Longva, men frå Langvin, og omtalar fiskerett i Innvik i Nordfjord. Ein slektskapsnote om Ullaslekta, s 53, som og berører Synes og Veøy, er karakterisert som 'umuleg'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.