Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#28245] Olaf G. Brekke (1848-1918), apotekar frå Strømmen i Vestfold til WI/ND/CA!?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Olaf G. Brekke, oppgjeven fødd i ''Noreg'' i februar 1848, son av Martin O. Brekke (1823-1899) og kona Lovise P. Brekke (1822-1887), skal ha utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853 og var ei tid apotekar (''druggist'') i Madison, WI, men tok sidan ''homestead'' i Stutsman Co., ND. Han var gift med ei jente frå Hafslo i Sogn, Andrea Wedwick (1848-1916).FamilySearch syner ein Oluf Gustaf Mortenson, døypt 24.4.1848 i ''Strømmen'', Vestfold, som son av Marthin Olsen og Lovise Petronelle Hansdatter. Dette må vera ''vår'' mann, men kan nokon hjelpa meg løysa desse spørsmåli:* Kva var bustaden i Noreg til denne huslyden? Eg reknar med det må vera tale om Strømm prestegjeld (med Svelvik), som i 1860-åri vart utskilt frå Hurum i Buskerud og sidan lagt til Vestfold? Kan nokon stadfesta dette? Budde Marthin/Morten Olson på ein gard Brekke??* Kva var den nøyaktige fødselsdatoen til Oluf Gustaf, og er dette rett namn?* Stemmer det at denne huslyden utvandra til Amerika i 1853?Eg vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Mona Storli

Hei.I Strøms historie bind II s.13 står det at Martin Olsen og hans far Ole Olsen solgte gården Brekke i 1853.I bind I s.248 i Strøms historie står det at Ole Olsen og hans familie var en av de første som reiste til Amerika fra Strøm.Kan i farten ikke finne flere opplysninger om denne familien i bygdebøkene.Mona

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ketil og Mona for framifrå opplysningar om Olaf Brekke og opphavet hans!Eg har fått svar på alt eg lurte på, for eg tolkar opplysningane frå bygdeboki slik at Martin og Lovise utvandra til Amerika i 1853?Brukarforumet er heilt ypperleg til løysing av slike problem!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.