Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28264] Jens Bendixen (1831-1900) og Bertha (1829-1914) i Bergen - borni deira?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jens Andreas Bendixen, fødd i Bergen 27.2.1831, gifte seg i Borgund på Sunnmøre 24.8.1857 med Bertha Olsen, fødd i Luster i Sogn 10.2.1829. Dei busette seg i Bergen, der Jens dels var sjømann og dels reipslagarsvein. Men i 1874 vart han innsett på Bergenhus slaveri etter femte gongs tjuveri. Han døydde på Arbeidsanstalten i Bergen 4.4.1900, medan Bertha Bendixen døydde på den kommunale pleieheimen i Bergen 29.9.1914. Dei fekk fem born i lag. Dei to yngste har eg funne att i Bergen (Lovise Marie Eriksen 1864-1912 og Josefine Elisabeth Hansen 1868-1950). Men kvar vart det av dei tre eldste?* Bernhard Christian Jensen eller Bendixen, fødd i Bergen 14.10.1857, vart nemnd som sjømann og ugift i 1875 (då kalla Bendixen), men seinare lagnad er ukjend!* Jensine Olufine Jensen eller Bendixen, fødd i Bergen 3.6.1860, nemnd med foreldri i FT1870, men seinare lagnad ukjend!* Johan Severin Jensen eller Bendixen, fødd i Bergen 21.5.1862, nemnd med foreldri i FT1870, men seinare lagnad ukjend!I FT1875 er Bertha Bendixen oppskrivi åleine i lag med sonen Bernhard.Kan nokon hjelpa meg finna att nokon av desse tre borni? Dei to yngste døtrene Lovise og Josefine skreiv seg Jensen som ugifte, men Bernhard heitte Bendixen i 1875!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Her kan jeg selvsagt ta feil, men kan denne Jensine Ramsli være en adoptivdatter/pleiedatter, eller fikk de en datter i så ung alder? Lasse og Frantsine giftet seg ikke før i 1867 i Bergen.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Jeg ser nå at fødselsårene som er oppgitt i tellingen for Lasse og Fransine må være feile. Ved ekteskapsinngåelsen er innført 1840 som hans fødselsår og 1841 som hennes, så da øker jo muligheten betraktelig for at de skal ha fått en datter sammen i 1860, men jeg har så langt ikke klart å finne henne født i Bergen. Men siden de giftet seg så sent som i 1867, så bør det vel kanskje likevel sees nærmere på denne Jensine.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Solveig og Arne for flotte innlegg.Det kan ikkje herska mykje tvil om at Bernhard Bendiksen frå FT1900 er ''vår'' mann, men det var merkeleg at eg ikkje kunne finna han i aftes! Eg må ha skrive namnet feil... Kanskje er det han som døyr i Bergen i 1919? Eg har alt sendt spørsmål om dette til Arkivforumet!Det er ikkje godt å seia om Jensine Ramsli(d) er identisk med Jensine Bendiksen, men eg er samd i at dette lyt undersøkast nærare. Eg har sendt spørsmål til Arkivforumet om å sjekka dødsmeldingi etter Lasse Ramslid, som døydde i 1893.Når det gjeld Johan Severin Bendiksen på Askøy, so var han tydeleg ''bortsett på landet'', men kvar det sidan vart av han, er jo eit godt spørsmål!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden. Kan me vona på ei delvis oppklaring av problemi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Vi kan glemme denne Jensine Ramsli. Det var et 'blindspor'. Beklager.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Ang. Johan Severin,det finnes en i FT 1900 f.1862 Bergen,men han heter Johan Severin Martin Kan han ha hatt 3 fornavn ?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Solveig for nytt innlegg!FT1912 for Bergen syner at Johan Severin Martin Jensen, då pensjonert postbod, var fødd i Bergen 31.1.1862, og då stemmer datoen med ein Johan Severin, son av arbeidsmann Christian Jensen Sandla og kona Nikolaie Tollefsdotter Paulen. Det er med andre ord diverre IKKJE den Johan Severin som eg leiter etter!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.