Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#28414] S&F: 3 Torbjørns-søner/-døtre i Solund rundt 1800, kan dei vere søsken?

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

På FS IGI finn eg giftet mellom ein Hans Torbjørnsen og Cicilia Olsdtr. ([url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/family_group_record.asp?familyid=297475857&indi_id=100270725883&lds=1&region=12&frompage=1>Lenke). Ho skal ifølge bygdebokskrivaren i Solund vere frå Hersvik. Det finnes ei Kristi Cicilia Olsdtr. konf der i 1782.Vatsøy, Solund: Hans Torbjørnsen f. 1772 (eller ca. 1773 etter FT1801) og kona Sissele Olsdtr. enda begge sitt livslaup i Leknessund. Dei er i 1801 å finne i Kråkenes (Krogenes), og Sissele var innleia etter d.f. barn i 1802, då skreven Vatsøy. Dei finst også under Færøy, og gjerne andre stader med.*************Ein Ole Torbjørnsen, som kan vere ein bror av Hans, gifta seg to år seinare (Lenke) med ei Grete Olsdtr (eller Pedersdtr. som ho er skreven i FT1801. Ho er skreven Færøy ved konf i 1770, men ho må ha kom dertil i teneste eller oppfostring. Men evt kvar frå kom ho (kanskje ein kandidat verdt å sjekke: Lenke, kanskje også denne: Lenke)?Færøy, Solund: I mil. rulla er Ole skreven Ole Torbjørnsen Haak, f. 1762 i landlegd, innskreven 1798 under Færøy, f. i Amlen sogn. Ole T. dø 1844, 64 år, d.v.s. fødd ca. 1780 (det vert mykje avvik, men alder i 1801 skulle gi f. ca. 1766). I 1801 er han og kona på Færøy (Færøen). Kvar er evt Haak og Amlen?************Som om ikkje det skulle vere nok Torbjørn-avkom, så skal det vere ei Mari Tobjørnsdtr. som mor til Gjertrud Tollevsdtr. Hersvik (f. 1807, Lenke). Om faren heiter Tollev eller Tollak er ikkje godt å vite, men kven var denne Mari og Tollev/Tollak (det finnes ein Tollak Olsson konf på Hersvik i 1770/80-åra, har ikkje nøyaktig årstal - kanskje 1782 der også)? Kan Mari vere i slekt med Hans og Ola? Og kvar kom dei i frå?*****************Eg står fast med tanke på å finne opphavet til desse Torbjørns-sønene/dotra, og vonar at nokon kan dra kjensel på desse og plassere dei for meg.(Kan dei komme frå Kaupanger?- Ole: Lenke / Lenke- Hans: Lenke- Mari: Lenke- Andre mulige søsken: Lenke /

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg fann, eg fann (det var sjølvsagt den dumme 'feilen' å skrive 'j' istadenfor 'i' i førenamnet som satte ein stoppar): LenkeDette skiftet i 1808 lister følgande personar:(1) Giertrud Olsdatter Enken(2) Hans Torbiørnsen Myndig Ytre Sogn Søn, gift(3) Ole Torbiørnsen Myndig Færøen, Ytre Sogn Søn, gift(4) Sønneve Torbiørnsdatter 29 Aar Datter(5) Mari Torbiørnsdatter Datter Så då er dette same huslyden som eg fann på FS IGI. Men det står ikkje noko om at Mari er gift, men ho fekk iallefall - om det er rette Mari - ei dotter i april 1807 med ein Tollev/Tollak.Kan 'Haak' vere ei feiltolkning av plassen Haugen? Og 'Amlen' er sjølvsagt garden Amble.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Torbjørn og Gjertrud gifta seg i desember 1771 og slo seg ned på plassen Haugen under garden Amble (Nedre), men første bornet - Hans, som allereie er omtala over - var uekte fødd og det står då at faren var frå Haukåsen (antar det er i Sogndal det fortsatt er snakk om, men var han fødd der?) og at bustaden ved dåpen til Hans er Rud (kvar er Rud (evt er det Rød/Røed)?).Eg har funne at dei må ha hatt 7 born (minst), og at 5 av desse levde opp, dei 3 som er nemnde over, samt:- Synnøve (som vi truleg finn at på Stølen, Leganger i 1801 – eit godt alternativ finn vi også under Lien, Evindvik, men ho d. 1816 (nemnd f. 1781)). Eg finn ei Synnøve d. 1861 i Amble (nemnd f. 1780), det kan vere vår Synnøve? Evt kva vart hennar lagnad?- Torbjørn (eg trur det er han vi finn under Giemse, Uhrland i 1801). Begge dei to siste er då ugifte. Ved skiftet etter faren i 1808 er ikkje sonen Torbjørn nemnd, men finn han heller ikkje som død. Kva vart hans lagnad?== Når dø Torbjørn Olsson (skiftet er datert mars 1808) og kona Gjertrud Olsdtr., og kva var deira opphav (stad og dato)? == Kan dette vere skiftet etter far til Tobjørn Olsen (Ole Anfindsen, Hagen u. Amble)? Lenke(Mulig at den siste lenkene ikkje fungerer, men slik er livet når ein vil bruke www.sffarkiv.no).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×