Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28416] Halvor Torgerson (eller Tarjeison?) (1856-1891) frå Telemark til Stoughton, WI?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Halvor Torgerson, oppgjeven fødd i Telemark kring 1856 som son av Torger Gilbertson (Tarjei Gullakson?) og Guri Halvorsdotter, gifte seg i Stoughton, Dane Co., WI 11.3.1887 med Anna Jansdotter ''Johnson'' frå Hafslo i Sogn, fødd 1855.Halvor og Anna skal ha farma i Pleasant Springs township, Dane Co., WI og fekk to søner i lag, men døydde båe i 1891.Men kven var Halvor Torgerson? Eg har gjort ymse freistnader på å finna Halvor og foreldri hans på FamilySearch, men har ikkje lukkast so langt! No vonar eg at nokon kan hjelpa meg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Kva med denne halvor som reiser med familien frå Tinn? LenkeOm dette er den rette familien finn du dei på FS IGI.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for eit interessant og svært lovande innlegg! Eg er samd i at dette er ein svært god kandidat; Guri og Mari kan godt vera forveksla, og Østenson kan jo verta nær sagt kva som helst i Amerika! Men, til tross for aktiv leiting er eg ikkje i stand til å finna spor etter nokon av dei andre medlemmane av denne huslyden i Amerika!Men, nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

I 1870 finner vi familien Ostenson i Amherst, Fillmore, Minnesota. De har nok også oppholdt seg i Wisconsin siden de da hadde en sønn Halvor på 6 år som var født der. Men det kan vel også tyde på at den Halvor f. ca. 1856 da var død. I 1880 bodde de i Elbow Lake, Grant, Minnesota.Jeg er redd jeg nå forteller deg noe du allerede visste, Lars. :-)Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne for eit godt og nyttig innlegg. Eg var nok sterkt i tvil om det kunne vera han frå Tinn, som Gisle fann, men me veit jo aldri kva desse emigrantane kunne finna på med namni sine då dei kom til ei ny verd!So då er me ''back to square #1'', og eg vonar på nye forslag til identifikasjon av Halvor Torgerson!?Nok ein gong ein stor takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Kan det være mulig at du har feil fødselsår på Halvor? Om han skulle være født ca. 1846, så kunne dette være en god 'kandidat'. Han passer også godt med en Halvor Torjessen som i 1880 reiser til Stoghton. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ifølgje skipslistene overe Christiania var det ein Halvor Torgerson Fykerud, 24 år, som utvandra i 1881 frå Sauherad i Telemark. I 1865 finn eg ein Halvor Torgerson, 9 år, på Delrind i Saude, Telemark. Mori er enkje og heiter Gunnhild Jensdotter.Denne huslyden frå Saude (Sauherad) finn eg ikkje nemnd hjå FamilySearch, so no lurer eg på om ein eller annan har tilgjenge til ei bygdebok eller liknande, som kan fortelja meir om denne huslyden og som eventuelt kan stadfesta eller avkrefta denne Halvor som ein aktuell ''kandidat''?Nok ein gong ein stor takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk, Arne, for eit svært so interessant innlegg! Eg trur sanneleg du har rett med omsyn til feil i alder på Halvor Torgerson! Halvor Torgerson frå Seljord var ifølgje FamilySearch fødd i Seljord 2.12.1846, og namni på foreldri passar ''perfekt''. Gilbertson var altso Guttormson!Ja, då er denne tilsynelatande håplause gåti løyst, og eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp - eit nytt prov på at Digitalarkivet sitt Brukarforum er ei fantastisk kjelde!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×