Gå til innhold
Arkivverket

[#28454] Opphav: Bjørn Arneson Dale (f.1793,Aurdal,O) - Reiste som ung til Solund (S&F)


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Info er for det meste henta frå bygdeboka for Solund, S&F, for garden Nautøy:Bjørn (Bjøren) Arneson Dale, f. 1793 i Aurdal, Valdres. Det er ikkje tidfesta når han kom, men han finst konf. i Husøy i 1811 (han må altså ha komme mellom 1801 og 1811 ein gong, dei eldste innflyttingane er skreve først i 1816-17). Han gifta seg fyrste gong i 1817 Ingeborg Monsdtr. Hille (ho då 45 år). Ingeborg d. 1843. Ingen born. Han gifta seg på nytt i 1844 med Karen Kristine Olsdtr. Indrevær. Dei hadde eit born første året. Bjørn var los, han omkom på sjøen i 1845. Bjørn hadde to systre i Valdres som arva han. Enka fekk m.a. garden Grima utlagd på seg for 120 Spd. Bjørn og konene hadde altså ingen born som levde opp.Bjørn med familie i 1801: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f10540&gardpostnr=29&personpostnr=973&merk=973#ovre>LenkeEr det nokon som kan skaffe meg litt info om familien til Bjørn/Biørn;- Fødsels/dødsdatoar for Bjørn, hans foreldre?___Far, Arne Bjørnsen?: dp. 27. mar 1768 Nord Aurdal, Oppland (FS IGI - Lenke – denne er nok ganske sikkert den rette personen)___Mor, Berte Thronsdtr.?: dp. 1 jan 1763 el. dp. 24 apr 1764 Nord Aurdal, Oppland (FS IGI - Lenke - eller - Lenke - er meir usikker på desse)___Finn giftet til foreldra på FS IGI den 15. juli 1793 Nord Aurdal, Oppland (Lenke).- Og tilsvarande datoar for søsken til Bjørn?___Dette er nok dåpen til den yngste som er nemnd i FT1801: Lenke, og muligens ei yngre syster: Lenke ?- Besteforeldra til Bjørn (bustad og datoar)?___På FS IGI finn eg dei som Biørn Arnesen og Marit Olesdtr på farsida, og på morsida kan det vere eit av to kandidat-par.- Når flytta Bjørn, evt. omstende for/ved utreisa?___Kom han via Lærdal og marknaden der som ein del andre frå ”same området”?- Var der fleire søsken (evt nær familie) som drog vestover - og ut Sognefjorden?- Kvar finn vi den omtala (plassen eller) garden Grima? Det er ikkje så mykje å hente av opplysningar på

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk Alf,Burde sjølvsagt ha tenkt at det var Grimen det var snakk om, men kva tilknytning hadde Bjørn og kona til Grima/Grimen? Er det mogeleg å seie, evt. må eg sjekke om det står noko meir ”detaljert” om dette i skiftet etter Bjørn ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=skifysog&gardpostnr=10529&merk=10529#ovre>Lenke)? Vidare, eg fekk for nokre år sidan ei GEDCOM-fil med mykje slekt for dei to Kjørstad-brødrene (Tron Knutsson - Lenke - og Amund Knutsson -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.