Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Hitland

[#28543] Jakob son av Mikkel Jakobsen Sørås - opplysningar frå Os i Hordaland

Recommended Posts

Gjest Egil Hitland

Bygdebok for Fana(4)s 526 seier at eldste sonen til Mikkel Jakobsen Sørås,busett på Indre Hamre budde i Os (Lepsøy). Trur han skal være fødd ca 1804, men manglar kjelder som kan seie noko om når han flytte til Os.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Jakob Mikkelson Hamre flytte truleg til Os i 1840 eller litt før. For i bygdesoga for Os (Lepsøy bruk 1, band II, s. 458-459) står det følgjande om Jakob M. Hamre: 'Barbru Nilsdtr. Lepsøy, f.1816, g.1840 Jakob Mikkjelson Hamre frå Fana'. Det står ikkje noko om kva år Jakob var fødd, heller ikkje når han døydde.Av bygdesoga ser det ut til at Jakob og Barbru vart buande hjå far til Barbru, Nils Pederson. I 1850 skøytte han gardsbruket over på sonen Elling, altså Barbru sin bror.Vidare står det at: 'Elling treivst ikkje heime. I 1860 skifte han bruket i to partar, selde den eine sasme året og den andre året etter, og i 1862 tok han huslyden med seg og reiste til Amerika. Eldste syster hans, Barbru, som hadde vore gift med Jakob Hamre (død før 1862?), reiste til Amerika saman med Elling; men son hennar, Mikkjel, f.1840, flutte til Bergen og busette seg der.'Barbru Nilsdtr., f.1816, var dotter av Nils Pederson Lepsøy (1784 - 1857) og kona Brita Ellingsdtr. Sundøy (1789 - 1841).Nils P. var son av Peder Nielsson Midtsæter (1756 - 1833) og kona Marta Nielsdtr. Lepsøy (1758 - 1832). Brita E. var dotter av Elling Olson Sundøy (1753 - 1816) og kona Marta Kristoffersdtr. Røttingen (1756 - 1831).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Hitland

Vil berre seie tusen takk for hjelp. Egil Hitland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×