Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28701] Simon Andersson (Marifjæren) (1751) - frå Hafslo til Fjaler eller Askøy eller??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Simon Andersson (Marifjæren), døypt i Hafslo i Sogn 21.11.1751, son av Anders Simonson og Mari Sjursdotter, fekk ein ''uekte'' son i Luster i 1773, men forsvinn deretter frå bygdi.FT1801 syner ein Simon Andersson som gardbrukar på Haugland i Fjaler. Han er 49 år og enkjemann etter andre ekteskapet. FamilySearch syner at han gifte seg første gongen i Fjaler 27.12.1782 med Alis Knutsdotter og andre gongen i Fjaler 27.12.1787 med Eli Madsdotter.Ein annan Simon Andersson gifte seg på Askøy 12.7.1777 med ei Bertha Johannesdotter. Om det er same Simon Andersson, veit eg ikkje, men ein Simon Andersson gifte seg òg på Askøy 25.12.1793 med ei Mari Sjursdotter. Eg finn ikkje nokon Simon Andersson på Askøy i FT1801!Er det mogeleg at ''min'' Simon Andersson gøymer seg bak ein av desse Simon'ane i Fjaler eller på Askøy?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Simen A. som gifter seg i 1777, bur då på Follesø. Han kan det sjølvsagt vera. Simen A. som gifter seg 1793 er frå 'Hegnes' og 'Uk. soldat'. Han bør du kunne finne på Damsgård 1801, for han øksler seg der til 1809, men då barnet vert fødd, er han død.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det eg gløymde å seia, var at Simen i 1777 var enkjemann og at han ikkje ser ut til å øksla seg i Askøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn for nyttige innlegg. Etter det du seier, høyrest det lite truleg ut at ''min'' Simon Andersson flytte til Askøy. Han hadde neppe vore gift ein gong til før 1777!Då spørs det om fleire opplysningar kan finnast om Simon Andersson på Haugland i Fjaler?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Her er giftermålene fra 1782 [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbvigde&page=1&sql=low%5Fbrudgom%5Fforenamn+like+%27sim%25n%25%27++AND+low%5Fbrudgom%5Fetternamn+like+%27anders%25%25%27++AND+aar%5Fvigd+%3E%3D+1780++AND+aar%5Fvigd+%3C%3D+1790+++ORDER+BY+low%5Fbrudgom%5Fforenamn%2C+low%5Fbrudgom%5Fetternamn&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=0>Lenke og 1787 LenkeEr dette den uekte sønnen Anders som han fikk med Ingeborg Olsdatter? LenkeDette er kanskje skiftet etter kona Eli? Lenke Er dette henvisning til Simons / Simens skifte? LenkeHer er vel dødsfallet til Alis / Ales Knutsdatter i 1787 Lenke. Kan dette være Eli

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Dette er vel skiftet etter Anders Simonsen, far til Simon.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe og Rune for nye innlegg! Det er godt å ha referansane til dei ulike skifti dersom det syner seg at dette verkeleg ER den Simon som eg leiter etter!Når ein ser på første vigsli til Simon i Fjaler, kan me kanskje tolka det slik at kona Alis var ''odelsjente'' på Håland og at Simon var tilflyttar? Eg vonar at einkvan med tilgang til ei bygdebok for Fjaler kan fortelja oss kva som står der!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×