Gå til innhold
Arkivverket

[#28930] Skifte etter Peter/ Andreas Poulsen Engesæt., Grytastranda. Borgund/ (No Haram)


Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes
 Del

Recommended Posts

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Eg leiter etter skiftet etter ein av anene mine på farssida,Peter/ Andreas Paulsen, død 1835 Lenke Han eigde garden Engeset på Grytastranda i Borgund, gift med Marte Fransdatter,( f.1797 på Myrhol i Bondalen,Hjørundfjord) Eg har oppdaga at det er Skifteregister for Nordfjord på Digitalarkivet. Har ikkje funne det same for Møre og Romsdal.Eg har lært meg via debattforum i Digitalarkivet at ein ikkje skal rekne noko for sikkert før ein har sett på dei rette kjeldene. Eg vil derfor sjekke dette for å få meir opplysningar om Peter Poulsen, om der står kvar han var fødd etc. Nokon som har tilgang på informasjon om dette? Mvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Etter Hjørundfjordboka 5 var Marte Frantsdt fra Myrholen gift med Peter Andreas Paulsen fra Urvikkråa i Borgund. Her finn du huslyden 1801: LenkeKråa var ein plass ved Urvika, mellom Salen og Juliebøen på Sula. Du finn sikkert ekteskapet mellom Paul Larssen og Johanne Pedersdt i kirkeboka for Borgund, som ligg her på Digitalarkivet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Takk for at du hjelper meg!Det har du gjort før og i denne saka.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=13543&sok=Solveig&startnr=&antall=&spraak=>Lenke Eg hadde berre lyst å vite kva som sto i skiftet etter Peter Andreas/Andreas Paulsen, og evt. skiftet etter Marte Fransdatter, for evt. fleire opplysningar. Kjøpet av garden Engeset på Grytastranda hadde og vore kjekt å sjå papira på. Noko av grunnen til det er at det står 'Rødsetbakke' etter Peter der garden står omtalt i Bygdeboka for Borgund og Giske. Dessuten står det Peder Martinus under døypte,Lenke Foreldra til Peder/Peter si vigsle er her Lenke Paul Larsson er oppførd som enkemann. Skal tru kven han hadde vore gift med før, og om dei hadde born...? Kanskje det står noko om det i skiftet etter han? Skal tru om dette er bror til Peter? Lenke, og denne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Dersom det blei halde skifte etter Peter og/eller kona finn du dette/disse på mikrofilm på biblioteket i Ålesund, som også har mikrofilm av panteregisteret, der du vil finne innført m.a gardkjøp.Når det gjeld opphavet til personar er skifta oftast til lita hjelp medmindre den avlidne ikkje hadde livsarvingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Solveig Hånes

Peter Poulsen var sansynlegvis frå Kråa i Sula. I bygdeboka for Borgund og Giske står det om han at han var frå 'Rødsetbakken' (ved kjøpet av garden Engeset på Grytastranda). Såg ein plass i Digitalarkivet at det var brukt om ein annan person,'Bustad: Rodset på Juliebøen'. Kan det vere der namnet kjem frå sidan Kråa er rett ved Juliebøen? Nokon som veit noko om det? Mvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.