Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#29028] Iver Gjertson (Lie/Ellingset), f. Hafslo, Sogn 1832 - reiste som sjømann i 1859?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Iver Gjertson, frå husmannsplassen Ellingset under garden Lie i Hafslo, var fødd i Hafslo 26.7.1832. I utflyttingslista for 1859 står det berre at han reiste ut som sjømann.Einaste broren Johannes Gjertson alias John Lee (1838-1913) utvandra i 1857 og var korporal i Borgarkrigen før han slo seg ned som farmar i Union Co., SDForeldri Gjert Iverson (Lie/Ellingset) (fødd 1799) og Elisabeth Johannesdotter (fødd 1797) utvandra i 1860. Gjert døydde før 1869, kan henda i Union Co., SD, der me veit at Elisabeth døydde som enkje i 1885!Eg kan ikkje sjå noko til Iver Gjertson i FT1865 eller FT1875 for Noreg. Er det mogeleg at ogso han er utvandra til Amerika? Han var nok ikkje i lag med broren eller mori i Union Co., SD, men landet er som kjent stort!!Eg vonar at kanskje einkvan er i stand til å bidra med gode tips i denne saki og takkar so mykje på førehand for hjelpi!Finst det lister over sjøfolk frå den tidi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Grethe Flood

Er dette Elisabeth Johannesdatter Lie / Lee i 1880 census, Dakota? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=DAKO1880&gardpostnr=21323&merk=21323#ovre>Lenke Og dette er vel sønnen John Lee? Her ser vi for øvrig ovennevnte Elisabeth i huslyden LenkeKanskje det finnes opplysninger om Iver Gjertsen i mønstringsruller – sjøinnrulleringen?

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.