Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#29764] Ole Sjurson (Hovland), f. Sogndal/Sogn 1821 -til Nordland i 1840 -lagnaden hans?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Sjurson, fødd på husmannsplassen Dalen under garden Hovland på Kaupangerskogen i Sogndal, Sogn 24.8.1821, var son av husmann Sjur Anfindson og kona Gjertrud Olsdotter. Ole fekk i 1840 attest for å flytta til ''Nordland'', men eg kan ikkje sjå noko meir til han, korkje i 1865 eller i andre ''logiske'' kjelder.Kan nokon hjelpa meg finna opplysningar om lagnaden til denne Ole?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Birger for ei særs interessant oppdaging. Eg trur sanneleg dette må vera rette mannen, ikkje berre fødestaden, men òg namnet på dotteri høver godt...! Sjølv leitte eg med fødestad Sogn..., og då er det vel ikkje so underleg at eg oversåg han!Plassen dei budde på, Lenningen, ser ut til å liggja under garden Andopnes, og i 1875 finn eg Rakel Hansdotter der som husmannsenkje, framleis med dotteri Gjertine! I 1900 er Rakel komi til Strømsnes i Flakstad som enkje, medan dotteri Gjertine er vorti gift med ein av sønene på garden, Adolf Andersen!No sit eg att med følgjande spørsmål:* Fødselsdatoen til Rakel Marie Hansdotter i Buksnes kring 1822?* Namn på foreldri til Rakel Marie Hansdotter?* Date og stad for vigsli til Ole Sjurson og Rakel Marie Hansdotter, før 1862, kan henda i Buksnes eller Flakstad?* Date og stad for dødsfallet til Ole Sjuson i Flakstad mellom 1865 og 1875?* Dato og stad for dødsfallet til Rakel Marie Hansdotter, truleg i Flakstad etter 1900?Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp og vonar at fleire detaljar kan finnast!Med venleg hesing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.