Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#29825] (Aasta) Johanna Eikum Koltveit - f. Hafslo 1884 - busett i NEW YORK - hjelp?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Aasta Johanna Andersdotter Eikum, fødd i Hafslo i Sogn 3.9.1884, flytte i 1903 til Fana, men utvandra til Amerika i 1916. Ho var heime på vitjing i 1923, framleis ugift, og budde då i NEW YORK. Ho gifte seg kort tid etter med ein eller annan som heitte KOLTVEIT, og dei fekk ei dotter. I 1936 budde huslyden framleis i NEW YORK.Eg meiner eg har leitt ''overalt'' i amerikanske kjelder etter dette parfolket, mellom anna i FT1930, men utan å lukkast! Kanskje det hadde hjelpt å finna mann hennar? Dersom han var frå Hordaland eller Sogn, so er det ikkje so mange alternativ! Eg ser faktisk berre eitt:Abel T. Koltveit, fødd i Strandebarm 1886, ugift snikkar, utvandra i 1922 til Brooklyn, NEW YORK! Eg finn han att i SSDI som Abe Koltvedt med bustad Brooklyn, Kings Co., NY, f. 11.2.1886 og d. i mai 1970. Er det han??Kan nokon hjelpa meg finna opplysningar om denne huslyden i New York? Eg er særleg interessert i å identifisera mannen til Johanna og finna ut kva tid dei båe døydde!? Ogso dotteri deira skulle eg gjerne visst meir om...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne for svært interessante og gode innlegg! Sjølv om det ikkje står noko spesifikt om det, lyt me gå utifrå at Johanna Eikum gifte seg med Ole Koltvedt kort tid etter FT1930, og dei flytte attende til New York, sjølv om Edwin, ein av sønene hans, seinare dukker opp att i Detroit, MI.Jenta som var med Johanna på vitjing til Noreg, må truleg ha vore stedotteri, då Johanna vel vert i eldste laget til sjølv å ha fått born...?Eg finn at Ole Koltvedt, fødd 26.11.1883, verva seg til første verdskrigen hausten 1918, so no kjenner me fødselsdatoen hans, men eg har ikkje so langt vore i stand til å finna denne Ole korkje som emigrant frå Bergen eller Stavanger eller i FT Noreg 1900! Kven kan han ha vore??Nok ein gong ein stor takk for hjelpi! Kanskje kan det finnast nokon meir?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Hva med en telefon til en (eller flere) av Oles sønner? Jeg tror at to av dem bor i Florida og en i Michigan. Edwin er vel død.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne for nytt godt innlegg. Eg tenkte sjølvsagt ikkje so langt, men det er klart eit godt forslag som eg skal følgja opp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.