Gå til innhold
Arkivverket

[#29959] Thor Johnsen (Støve), f. 1837 Gloppen / Stavanger


Gjest Oddmar Sandvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Oddmar Sandvik

Søker informasjon om denne mannen, evt. føreslekt og spesielt etterslekt i Stavanger-området.Etter det eg har funne, var han fødd i Gloppen 1837. I 1865-teljinga var han tømmermannsdreng i Bergen, gift 14.08 1864 (Nykirken, Bergen) m. (Kristin) Caroline Olsdatter Sivertsen frå Stavanger (f. ca. 1843/44), barn Johan Johnsen f. 20.02 1864.I Bergen er namnet Støve nemnd. Dette er vel dagens Støyva, ein gard i Byrkjelo? Finn ingen passande John/Johan på Støve der i 1865.I 1878 var desse i Stavanger, der dattera Maren Johnsen vart fødd 05.12 1878. Ho vart seinare g.m. Hjalmar Marinius Jensen, f. 14.10 1876 i Stavanger, styrmann. Han døde 11.12 1900. Dei hadde sonen Olaf Bertinius, f. 09.11 1899 i Stavanger.Maren og Olaf må ha flytta bort frå Stavanger - har ikkje funne Olaf konfirmert der, heller ikkje Maren død.I 1900 er Thor Johnsen framleis i Stavanger (skipstømmermann), no g.m. Sirine f. 1858 i Høiland, Rogaland. Dei har dottera Karoline Johnsen, f. 1887 i Stavanger.Hadde vore svært takksam for meir informasjon om desse menneska, spesielt om etterslekta (Johan, Maren, Karoline og Olaf Bertinius), men og om førslekta til Thor Johnsen, (Kristin) Caroline Olsdatter Sivertsen og evt. Hjalmar Jensen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Tor var son til Jon Davidson Støyva (1797-1879) på br nr 4 på Støyva, og kona Mari Antondtr Støyva (1806-1891). Dei var gifte i 1826 og hadde i fylgje bygdeboka 10 born. Om Tor står det 'utflytt Bergen 1858 og 1864, slo seg ned i Stavanger som snikkar'.Jon var frå br nr 6 på Støyva, og Mari frå nr 3. Begge slektene kan følgjast eit stykke bakover i bygdeboka; eg skal sjå om eg har noko i basen min, seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddmar Sandvik

Takk for informasjonen. Ville sette stor pris på om du fann meir i basen din når du får høve.Fann att eit par av Bentsdøtrene frå 1865-teljinga i 1900. Kva med dei andre søskena til Thor, vart dei att i bygda?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Kvien

Støve/Støyva er min mormors slekt, og du finner en del om Jon og andre på slektssidene mine:http://itbase.no/kvienDer finner du også e-post adressen min, og jeg er selvfølgelig interessert i å utveksle informasjon. Etterkommere i Stavanger/Bergen kjenner jeg desverre ikke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ja, der fekk du det som er føre Jon, om du følgjer lenka til Tor K. Eg ser at eg har fleire generasjonar føre Mari óg, men eg har nettopp skifta slektsprogram, så eg er ikkje sikker på korleis eg skal få det ut.. Skal kike litt på det.Kjenner du til at Tor Jonson hadde ei dotter, (Inger) Marie, i Gloppen i 1857?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Om syskena til Tor:1. Bent 1826, overtok garden og har etterslekt der i dag.2. David 1828, hadde husmannsplass på Os i Eid kommune, eg veit ikkje noko om etterslekt der, men sidan han kjøpte kår på heimegarden er det vel truleg han ikkje hadde nokon etter seg.3. Kristi, 1830, sypike i 1865, død 1867.4. Anton, 1832, til Fredrikshald 1861.5. Inger, 1834, til USA i 1869.6. Tor, 1837, din mann.7. Mari, 1839, død 1841.8. Rasmus, 1842, på Tunheim i Vanylven frå 1875, eg kjenner ikkje til noko om etterslekt på han der.9. Mari, 1844, konfirmert 1859, har ikkje noko på henne etter det.10. Peder, 1847, budde på Sandane og var lensmann i Gloppen og Breim. Har etterslekt der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Gløymde å nemne at (Inger) Marie i forrige innlegg også har etterslekt, litt i Gloppen, men mest i USA - nokre av dei har vore i kontakt med meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Bevares, der greidde eg å lage ein rapport med forfedrene til Mari, i alle fall namna deira! Kontakt meg på aasers@c2i.net så skal eg sende han til deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddmar Sandvik

Mange takk for informasjonen!Eg leitte etter Inger Marie i Digitalarkivet (Fylkesarkivet Sogn og Fjordane: Døypte Sogn og Fjordane 1669-1895), men fann henne ikkje der i 1857? Veit du om mora er den same som han var gift med seinare, dvs. (Kristin) Caroline Sivertsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Nei, mora var Eli Kristine Andersdtr Evebø. Eg kan sende deg det eg har om etterkomarane i ein mail.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.