Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#30203] Christopher Sølfestson, fødd i Hafslo 1744 - budde i København i 1777 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Christopher Sølfestson, fødd på husmannsplassen Liholet under garden Lie nedre i Hafslo og døypt der 24.6.1744, son av Sølfest og Martha, var i 1777 sagt å bu i København i Danmark. Truleg fór han dit som soldat, men han kom aldri attende til Hafslo.Kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av denne Sogningen som gjorde danske av seg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg freister i kveld blåsa litt støv av dette problemet, som sikkert ikkje vert lett å løysa utan eit dansk digitalarkiv(!), men kven veit; kanskje einkvan har eit godt tips å komma med? Det bør i alle fall ikkje vera so mange med dette namnet!?Nok ein gong hjarteleg takk på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette kan være et fullstendig blindspor, men finner denne i f.t. 1787 for København:Samtlige personer i husstanden kbhv, København (Staden), Nørre Kvarter, , , Studiestræde 92, 14, FT-1787Der vises flg. felter:Navn, Alder, Civilstand, Stilling i husstanden, Erhverv , FødestedChristopher SYLVERSEN, 42 , Gift, Hosbond, Arbeidsmand,Karen Jørgens Datter, 36 , Gift, Hans Kone, ,Maren, 11 , Ugift, Deres ægte Datter, ,Abraham Isaach, 1 , Ugift, Et Jøde Barn, ,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært spennande innlegg. Denne huslyden i København bør so absolutt sjekkast ut nærare...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.