Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#30917] Astrid Anderson f. 1893 -utvandra 1913 frå Haugesund til Minnesota -kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lokalsogeboki for Vilna, AB fortel mellom anna (fritt omsett):''Ole Aabak (f. i Sogn 4.12.1887) kom i 1911 til Minnesota, men reiste 1913 attende til Noreg der han møtte den framtidige bruri si:Astrid Anderson frå Haugesund.Dei fór attende til Broten, MN i 1913 og gifte seg året etter før dei flytte til Vilna i 1915.''Frå kyrkjegarden i Vilna, AB er det opplyst at Astrid var fødd 4.3.1893, men namni på foreldri er det ikkje opplyst noko om.Eg har tala med ei nolevande dotter, og ho meiner mori var fødd i Oslo (Christiania)!?Eg finn ikkje nokon korkje Aabak eller Astrid Andersen som utvandra frå Stavanger eller Bergen i eller kring 1913, so no lurer eg på om nokon andre har betre auge enn eg? Eg er interessert i å identifisera Astrid og opphavet hennar?Eg kan leggja til at Ole Aabak hadde ein bror John Aabakken som var gift og budde i Haugesund på den tidi (og som eg òg saknar ein del opplysningar om!)Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Kan det vere denne Astrid frå Sveio (nord for Haugesund) som reiste ut frå Bergen? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Det var nok denne Astrid som var busett i Sveio på utvandringstidspunktet. Eg kan ikkje finne henne att i FT for 1900 i Sveio, så familien hennar har tydelegvis flytta til Sveio etter 1900. Likevel er vi eit steg nærare ei løysing på kven denne Astrid var? Kanskje det er nokon med lokalkunnskap frå Sveio som kan svare nærare på dette. Det er kanskje også ættesoge for Sveio der ho kan vere nemnd?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Kan dette være gården der Ole og John Aabak kom fra?LenkeMvh. Gunn Huglen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarland

Veit du noko om ca alderen på John Aabakken i høve til Ole, var han eldre eller yngre?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje og Gunn for interessante innlegg!Til Gunn: Aabakken-namnet har denne ætti frå Vågå i Gudbrandsdalen, men Ole og søskeni hans var fødde i Hafslo.Når det John Johannesson Aabakken, so var han fødd 18.1.1884 og døydde i Haugesund i 1965.Med omsyn til Astrid Anderson, so er eg heilt overtydd om at du Terje har funne rett person! Og når eg leiter på FT1900, so finn eg EI god kandidat! Denne huslyden budde 1900 på Rødmyrshaugen under Rødmyr i Sveio:~~~~~~~~~~Gurine Ahasveriusdatter hm e Husmandsenke med jord Gaards og husligt arbeide 1853 Anglevig Moster SBKaroline Helgesdatter d ug Gaards- og husligt arbeide 1875 Sveen SBGunvalda Heljesdatter d ug Datter 1889 Sveen SBAstrid Heljesdatter d ug Datter 1893 Sveen SB~~~~~~~~~~Kan det tenkjast at far til denne Astrid heitte Helje Andreasson?? FT1865 for same stad kan tyda på ein slik samanhang:~~~~~~~~~~Anders Tosteins. Husfader Husmand med Jord g 43 m Finnaas PræstegjældKari Hilgesd. hans Kone g 45 k Finnaas PræstegjældHelge Anders. deres Søn hjælper Faderen med Plasebruget ug 17 m Finnaas PræstegjældTostein Anders. deres Søn ug 11 m Finnaas PræstegjældAne Karine Andersd. deres Datter hjælper Moderen ug 18 k Finnaas PræstegjældRagnilde Andersd. deres Datter ug 14 k Sveen PræstegjældGuriane Andersd. deres Datter ug 6 k Sveen Præstegjæld~~~~~~~~~~Kanskje ei bygdebok vil stadfesta dette?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Jeg har dessverre ikke Bygdebøker for Sveio, så der kan jeg ikke hjelpe deg. Det nærmeste jeg kommer med bygdebøker for Haungesunds -området er de Nye Skårebøkene.Her er jeg redd jeg ikke vil finne noe om de du leter etter.Den gården du mener brødrene Aabak(ken) kommer fra er vel da denne?LenkeMvh. Gunn Huglen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Her har du vel da John Johannesson f. i Hafslo ( 1900-folketelling)LenkeMvh. Gunn H.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Er Astrid dotter av Gurine Ahasverusdotter, er ho barnebarn av Ahasverus Jeger på garden Anglevik i Moster: LenkeEg kjenner slektningar i Bømlo og Etne, men dessverre ikkje i Sveio. Eg har heller ikke sjølv bygdebøkene for Bømlo og Sveio, men reknar med at dei andre damene herfrå distriktet vil kunna svara.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roger Fossum

Hei Lars,Fra Simon Steinsbø: Sveio Gards - og ættesoga II, side 196.RØDMYRSHAUGEN44. Helge Andersson Rygmyr f 1849, drukna under makrelldorging på Revet i 1896, saman med Peder T. Vandaskog og Ola J. Mølstrevoll. Gm Gurine Ahasverusdtr. Anglevik, Bømlo, f 1853. Uvisst kva år ho døydde.Born: a. Karoline f 1876 gm Anton H. Måsø, b i Haugesund. b. Tilde Helene f 1878 gm Hartvig Larsen, Stavanger. c. Anna Dorthea f 1881 gm John Aabakken, Haugesund. d. Hilda Gurine f 1883 gm Anton Hope, Haugesund. e. Alida Margrete f 1886 gm Severin Hope i Amerika. f. Gunvalda Malene f 1889 gm Hans Knutsen, Haugesund. g. Aksel Andreas f og d 1891. h. Astrid f 1893 gm Ola Aabakken i Canada.Helge var brukar frå 1876 til han døydde. Seinare har det ikkje butt folk på plasset.Mvh Roger Fossum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunn, Marie og Roger for glimrande opplysningar!No er denne gåti endeleg løyst, med unntak av kontroll av fødselsdatoen til Astrid, men då lyt me sikkert inn i kyrkjebøkene for Sveio på Statsarkivet...Samstundes so ser eg at søsteri Anna Dorthea vart gift med John Johannesson Aabakken i Haugesund. Her kjem det godbitar på rekke og rad...! Mon tro om den vigselsdatoen er mogeleg å finna i Haugesund...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ruth Bendiksen

Hei!Kjenner litt til John Åbakken og noen av hans etterkommere. Mvh Ruth rbendiksen@start.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Stenarbeider,John Johannesen,Haugesund f.18.1 1884 i Hafslo, sønn av stenarbeider Johannes Ellingsen gift 13.6.1904 med Tjenestepige Anna Dorthea Andersen f.20.5.1881 i Sveen datter av Husmand Helge Andersen Rødmyr.Når barna til John og Anna Dorhtea blir døpt bruker hun av og til etternavn/farsnavn Helgesen. Det er heller ikke alltid John bruker etternavnet Aabakken/Aabak.Anna Dorthea døde 19.8.1916.Mvh.Geir

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ruth Bendiksen

John Åbakken var gift 2 ganger. Han hadde tilsammen 5 barn som jeg kjenner til. Han hadde 3 barn i første ekteskap, 1 i andre. Mvh. Ruth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ruth og Geir for nye fine innlegg og e-mail frå Geir! Eg har sendt e-mail direkte til dykk båe for oppfølgjing av huslyden til John Åbakken og takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.