Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31047] Tollef Østvold, omreisande dyrlækjar eller kvakksalvar frå Ryfylke - 1790-talet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Tollefson Jordanger vart døypt i Hafslo 11.5.1794. Mori var ei jente frå Hafslo, Mari Pedersdotter, medan faren heitte Tollef Østvold. Ein eller annan stad, truleg i ei tingbok, har eg lese ein merknad om at Tollef Østvold skal ha vore ein omreisande dyrlækjar frå Ryfylke som òg praktiserte årelating på folk!Er det nokon som har høyrt gjete denne karen og som kan fortelja meg noko om han?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Alt dette har du vel fra før, og det gir ikke svar på det du spør om, men her er i allefall barna til Anders Joranger og kona Kirsti Ingebrigtsdatter:Ingebrigt, født 1822 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=5798&merk=5798#ovre>LenkeMarie, født 1825 – da bodde familien på Marifjæren LenkeBrithe, født 1828 (Marifjæren) LenkePeder, født 1831 (Marifjæren) Lenke Anders Tollefsen (Tollevsen) var da strandsitter.Gjertrud, f. 1836 (Marifjæren) LenkeHer er vielsen mellom Anders T. Jordanger og Kirsti Ingebrigtsdatter Dvergsdal LenkeAnders Tollefsen Jordanger døde i 1861, 67 år gammel

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få bringe opp att dette tema frå i fjor, som eg enno ikkje har funne ei løysing på. Til Berit: Jau, dette er opplysningar som eg har frå før...Kanskje er det kome til nye lesarar som har høyrt gjete denne Tollef Østvold? Eg ser det er ein Østvold-gard i Randaberg utanfor Stavanger, medan det er Østvoll på Karmøy. Kanskje Tollef er frå ein av desse stadane?Eg takkar igjen for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg meinte sjølvsagt å seia til Grethe at dette var kjende opplysningar...Det er visst for seint på kvelden...Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg tenkte eg ville sjå litt på dei to gardane Østvold i Rogaland i FT1801, og her er ein huslyd som i 1801 er plassfolk under Østvold i Høyland (Randaberg):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Tollev Aslachsen Huusbonde 39 Begge i første ægteskab Jordbruger huusmand MGuri Endresdtr Kone 42 Begge i første ægteskab KAndreas Tollevsen Deres børn 10 MEndre Tollevsen Deres børn 4 MOle Tollevsen Deres børn 1 MJoren Tollevsdtr Deres børn 7~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg må seia eg har ein sterk mistanke om at dette er den Tollef eg leiter etter, men kansje finst det ei bygdebok eller andre kjelder i Høyland som kan seie litt meir om denne huslyden.Eg ventar i spenning og takkar på ny for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sol Kerry Johannessen

Hei Lars. Her er Tolleiv Aslaksen Austvold i Høyland, han er kalt Foss, født i des. 1761 i Bjerkreim, døde 13.12.1850, sønn av Aslak Torgerson Hompland i Sirdalen, nærmere Tonstad, of Joren Tolleivsdtr. Espeland. Husmann på Austvoll.GM. Guri Endresdtr.Salen, født i Bjerkreim 1758, døde 20.08.1848, dtr. til Endre Tjølson Byrkjedal på Fuglestad (bind 1 Nordås, det må være Gjestdal). Barn. 1. Andreas til Åse, Høyland. 2.Joren gm. Sivert Rasmussen Vasshus i Høyland. 3. Endre født 1797, døde 27.01.1870, g.27.04.1838 m.Anna Eriksdtr. Trollsholen u.Todnem Høyland. 4.Ola han flyttet til til Lura, nå, det ligger nærmere Sandnes enn Stavanger. Dette ligger til Sandnes i Høyland ikke Randaberg. Skal se om der er noen til Randaberg også,har den boka også, og i samme slengen kikker jeg i Høyland kirkebok om der er noe.Hilsen Sol Kerry.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Sol for spennande innlegg. Eg er nesten overtydd om at det må vera denne karen som farta kring som dyrlækjar eller kvakksalvar, men det hadde vore kjekt å få det stadfest i lokale kjelder der nedante...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×