Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31591] Reier Johnson Sønstebø, Uvdal g Bergen 1861 Anna Pedersd Lemvig, Hafslo -og so?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Reier Johnson Sønstebø, frå Sønstebø i Uvdal (Numedal), var fødd i Rollag 9.10.1825. Han gifte seg i Bergen 12.4.1861 med Anna Pedersdotter Lemvig, fødd i Hafslo (Sogn) 7.8.1832.Anna fekk 2.8.1857 ei dotter i Bergen som døydde dagen etter, udøypt. Barnefaren var ein dansk sjømann med namn Peder!Reier og Anna forsvinn frå Bergen etter 1861. Truleg var dei haugianarar, men eg finn dei ikkje i FT1865 korkje i Romsdalen eller andre stader i Noreg. Derimot KAN tidspunktet for vigsli deira, 12.4., vera ein indikasjon på at dei gifte seg i all hast før dei fór til Amerika? Alle søskeni til Anna utvandra til Amerika mellom 1847 og 1857!Eg vonar på at einkvan kan ha ''snubla'' borti dette parfolket ein eller annan stad, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Alderen stemmer ikke helt, men kanskje bryet verdt å sjekke nærmere.Reier JOHNSON Household Male-------------------------------------------------------------------------------- Other Information: Birth Year Birthplace NOR Age 49 Occupation Farmer Marital Status M Race W Head of Household Reier JOHNSON Relation Self Father's Birthplace NOR Mother's Birthplace NOR-------------------------------------------------------------------------------- Source Information: Census Place Nunda, Freeborn, Minnesota Family History Library Film 1254620 NA Film Number T9-0620 Page Number 160A Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette er vel barnet til Anne [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doep1816&gardpostnr=52501&merk=52501#ovre>LenkeOg her er giftermålet i 1861 LenkeI f.t. 1880 for Minnesota har jeg funnet en Reier Johnson, f. 1831, men kona heter Guri og er f. 1840, så dette er vel neppe de personene du er ute etter. På den annen side ser det eldste barnet i husstanden ut til å være født i 1861, men det kan som sagt være en ren tilfeldighet. Ser også at det er seks år mellom det eldste og det nest eldste barnet, mens resten av søskenflokken er født med ett til tre års mellomrom

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er samme mann med familie i 1880. Lenke Om dette er rett mann , må han ha giftet seg på nytt.Legg dog merke til at eldste datteren er 19 år, altså født 1861.Og at de tpo første barna ikke er født i Minnesota. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

I FS/IGI finner jeg en Reier Johnsen som gifter seg i 1859 i Sigdal med Guri Eriksdatter; det er muligens det samme paret som iflg. FS har en sønn, John, til dåpen i 1860 i Eggedal. Hvis vi ser på paret som bor i Minnesota i 1880, har også de en sønn som heter John, født 1869, oppkalt etter en eldre avdød bror?? Men alt dette blir bare spekulasjoner inntil opplysningene er bekreftet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hvor i Amerika slo Annas søsken seg ned? Ville det være naturlig at hun fulgte i deres spor?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Grethe for interessante innlegg. Eg har observert denne Reier Johnson i Freeborn Co., MN, men alderen og namnet til kona får meg til å tvila...Når det gjeld søskeni til Anna, so var det:* John P. Lenvig, d.e. (1827-1911), utvandra 1847, gift i Dane Co., WI 1859, borgarkrigssoldat, men frå 1861 busett i Fillmore Co., MN.* Ole P. Lenvig (1829-1864), utvandra 1847, gift i Dane Co., WI 1853, borgarkrigssoldat, men likeins frå 1861 busett i Fillmore Co., MN. Han fall i krigen.Resten av søskeni var halvsøsken; mor deira gifte seg att og utvandra 1857 til Fillmore Co., MN og i 1867 vidare til Chippewa Co., WI der ho døydde i 1902.* Hans P. Lenvig (1837-1864), utvandra 1853 til Dane Co., WI, flytte kring 1860 til Fillmore Co., MN. Borgarkrigssoldat frå 1863, fall i krigen, ugift.* John P. Lenvig, d.y. (1841-1904), utvandra 1857 til Fillmore Co., MN, borgarkrigssoldat, sidan gift og busett i Fillmore Co., MN til dei i 1878 flytte til Barnes Co., ND.* Pernille 'Nellie' Lenvig (1844-1899), utvandra 1857 til Fillmore Co., MN, gift 1864 med borgarkrigsveteranen George Gullickson 'Goodrick' (1845-1914), flytte 1867 til Chippewa Co., MN og i 1888 til Griggs Co., ND.DERSOM Reier og Anna utvandra i 1861, er det vel høgst truleg at dei fór til Fillmore Co., MN; der har eg ikkje sett noko til dei, men når me ser at alle mannfolki i denne huslyden gjekk inn som soldatar i borgarkrigen, kanskje det var der Reier Johnson hamna òg?Eg vonar framleis på at Reier og Anna vil dukka opp, ein eller annan stad, og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter snart fem års leiting står eg framleis utan spor når det gjeld denne huslyden til Reier Johnson Sønsetbø og kona Anna.Eg har sjekka ut huslyden i Nunda township, Freeborn Co., MN. Det er nok paret frå Eggedal, for Reier er fleire stader oppgjeven fødd i 1831. Me kan jo ikkje vera sikre på at Reier og Anna utvandra i det heile, men sporlaust borte er dei i alle fall!Eg vonar at einkvan kanskje greier å finna att denne huslyden og takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er dei omtalt i Heimstavnprotokollen for Bergen i juli 1863. Så vidt eg kan sjå er det ei kobling mot Ålesund, men eg har ikkje finlest innhaldet. (sjå nederst forts. neste side) Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er 22-17 i 1865 'Bergens Private Sindsygeasyl' Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for svært spennande opplysningar! Den heimstavnprotokollen var skikkeleg spennande lesing! Det går fram at Reier og Anna flytte i saman alt i 1858. Elles les eg at Reier flytte til Ålesund ved påsketider i 1862, og Anna følgde etter ved St. Hans same år. Men Reier ''deserterte'' skipet han var på, medan han var i utlandet, og Anna sat tydeleg att åleine... Truleg vart denne heimstavnsretten teken opp i samband med at Anna vart sjuk og trong pleie, som ho so fekk i Bergen... Eg kan ikkje forstå anna enn at det må vera ho som døydde i september 1865!Soleis kan det sjå ut som dette problemet endeleg er løyst, og eg må seia eg er imponert over Egil, som fann dette!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×