Gå til innhold
Arkivverket

[#32158] Jacob Sørensen (1814) frå Bergen til Larvik? - kva med brørne Tollef og Arent?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Søren Tollefson Aasnes frå Fjaler i Sunnfjord og kona Maren Clausdotter Berg frå Hafslo i Sogn budde i Bergen og fekk mellom anna desse tre sønene:* Tollef Claus Sørensen, fødd i Bergen 22.5.1811* Jacob Sørensen, fødd i Bergen 3.10.1814* Arent Sørensen, fødd i Bergen 7.5.1818Eg finn ingen av desse korkje gifte eller avlidne i Bergen, men ein av dei, JACOB SØRENSEN, dukker opp i FT1865 som skreddarsvein og enkjemann i LARVIK.Truleg er det same Jacob Sørensen som 25.6.1845 gifte seg i Larvik med Augusta Christiane SCHACK, fødd kring 1806.Eg skulle gjerne hatt ei stadfesting på at eg har funne rett Jacob, og er dessutan interessert i fleire opplysningar (fødsel/død) for Jacob og Augusta.Likeins er eg interessert i mogelege opplysningar som kan finnast om dei to brørne Tollef og Arent?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Gunn for interessante innlegg. Eg trur so sanneleg at du Carsten har funne rett person! Jamen var det spreiing av desse borni!!Du Gunn har funne same vigsli som eg referer til ovanfor, men det står ikkje noko om at denne Jacob var fødd i Bergen. Alderen høver likevel so nokolunde...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunn for nytt godt inlegg. Eg var ikkje komen so langt at eg hadde søkt etter born av Jacob og Augusta, so dette var bra! Eg har kikka litt etter Augusta Christiane, men utan enno å finna opphavet hennar!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunn Huglen

Her er også et par damer med etternavn Schak i 18001.LenkeDet var det jeg har funnet så langt. Navnet ser ut til å være av utenlandsk opprinnelse, ved søk finner du mange med Schack-navnet i mange land. Har ikke funnet flere opplysninger om Augusta i Larvik i digitale kilder.Mvh. Gunn H.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

No er endeleg ogso den siste broren komen til rette: Arent Sørensen utvandra til Amerika og var i 1850 busett i Morgan Co., GA der han var støvlemakar ''Aram Surrenson''. Han var ugift i 1850 og levde framleis i 1857, men den seinare lagnaden hans er førebels ukjend....Elles har eg fått stadfest at Tollev Sørensen flytte til Stavanger, medan Jacob Sørensen er han me finn att i Larvik, men kva tid døydde desse to karane, og kest?Nok ein gong hjarteleg takk for mykje god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.