Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#33091] S&F: Kari Rognaldsdtr, f. Balestrand – Er det mogeleg å finne ut når og kvar ?

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Opplysningar, og litt bakgrunn for mitt ’problem’, ein gong mottat frå Yngve Nedrebø (SAB / DA):Knut Olsen var sønn av Ole Jespersen Sandal, Breim, og var født 24. juni 1824.Han giftet seg med Kari Rognaldsdatter, datter av Rognald Knudsen. Hennes alder var 54 da hun i 1844 giftet seg med enkemannen Rognald Aslaksen Hellem, men det står at hun var født i 1806 da hun giftet seg andre gang. Bygdeboken for Hyllestad sier hun var født i Balestrand i 1803. Jeg fant henne ikke døpt i Balestrand 1806-07. Mine notat basert bl.a. på Hyllestad-bøkene, Indre-Skorpa, Bruk 1:Knut Olson, gbr. 1888-1902, f. 1824 i Sandal, Breim, d. 1907. Han kom hit frå Hellem i Lifjorden der han var sjølveigar på bruk 4 og 6, som vart selde då han flytta.Gift 6.7.1860 med enka Kari Rognaldsdtr. Hellem, f. 1806 i Balestrand, d. 1883 på Hellem.Gift igjen 11.4.1885 med enka Ingeborg Andersdtr. Batalden, f. 1848 i Hyllestad, d. 1919.********== Kvar kom denne Kari Rognaldsdtr frå? Einaste opplysningane vi har er Balestrand og far Rognald Knutsen, mens f. år hennar kan variere mellom 1790 og 1807. Ved FT1801 finn eg kun 3 stk Rogald Knutsen i (dagens) S&F.Har prøvd via FS, men ikkje funne noko der.Håper nokon kan bidra med oppklaring av saken!M.v.h. Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Hei Gisle! Ved første vielsen står det att Kari er frå på Bale i Balestrand født i 1790. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sognvigd&gardpostnr=24621&merk=24621#ovre>Lenke Mens ved andre vielsen står det født 1804 ikkje 1806. Lenke . Fødselsår 1804 passar også med folketellinga i 1865. Det bur ein Rognald Sieursen på Bale/Bahle i 1801. Kansje det er han som er far til Kari? LenkeDet er trulig denne Rognald Sieursen som døyper ei datter Kari 16/6 1804 Lenke Og her er vielsen til Rognald og Kari Hansdtr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Marit!Takk for innspel, det må jo nesten stemme det du har funne ut, eg var vel for opphengt i Rognald Knutsen som far til Kari R.Ser også av DA databasen at Rognald Sjursen og Kari Hansdtr får ei dotter Kari også i 1824: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&gardpostnr=70841&merk=70841#ovre>LenkeRognald Sjursen sine foreldre kom då truleg frå Valsvik og Linde (Lenke) i Vik og Rognald var f. Linde i 1783; LenkeEin bror av Rognald også f. Linde i 1781: Lenke== Men, er desse to (Arne og Ole) også brødre av Rognald? Lenke (begge d. jan 1801), der det står at mora er frå Hafslo? Kva er rett, Vik eller Hafslo?*******(Andre born for Sjur S. og Kari R.:Sjur, f. 1791: Lenke (med feil namn på mora), d. 1864,Amund, f. 1796: Lenke, d. 1817,Ole, f. 1799: Lenke,Britha, f. 1789:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marit Rambjør

Hei igjen GisleFinn ingen Kari Rognalddt. blant fødde i Hafslo. Men det er ei født på Linde i 1762, så alderen stemmer godt med folketeljinga i 1801. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&gardpostnr=17117&merk=17117#ovre>Lenke Finn også desse søsken av Kari Rognalddt født i 1762. Født i 1747 Kari, 1750 Kari, 1751 Synneve, 1752 Arne, 1755 Haldor, 1756 Kari , 1760 Brithe alle desse født på Linde. Og endå ei Kari f. 1745 på Hopperstad, og trulig også ein son Ellend født 1746 på Dale, ein nabogard til Valsvik. I tillegg er det ein Haldor Rognalds. Linde , som dør i 1755 Alder 3 veker 1 dag. Kanskje dette er foreldra til Kari Rognaldsdt. Lenke I tilfelle vil kanskje finna løysinga i skifte, Rognald Haldorsen Lenke og/eller Brite Arnesdtr LenkeDet er også fleire skifter etter desse folka under Bale.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takkar og bukkar for ny info Marit,- Forfedre til Sjur Sjursson Valsvik (g.m. Kari Rognaldsdtr Linde) kan ein finne her: http://www.leegenealogy.net/en/fam/arnaft.htm- Dessverre er det ennå ikkje lagt ut noko frå Linde i Kvamsøy og Hopperstad i Vik, men skifte etter ekteparet du viser til, Rognald Haldorsson og Brite Arnesdtr (dei dø begge 26.07.1789) kan gi svar på om dei er dei rette. Skal legge inn ein forespørsel på Arkivforumet.- Kari Rognaldsdtr, f. 1804 (Bale) var første kona til ein av mine tippoldeforeldre. Eg har forstått det slik at dei skulle hatt ein son f. 1879, men då må Kari ha vore 75 år og det er nok tvilsomt om den sonen har sitt opphav der (##så der er ei anna nøtt å knekke##). Ho var 40 år då ho gifta seg første gongen, og eg har ikkje funne born i det giftet heller.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

For å fortsette litt på siste punktet i innlegg (5), sjå denne debatten - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=27075&sok=hersvik+skorp&startnr=&antall=&spraak=>Lenke - for litt meir bakgrunn.Etter det eg kan sjå av databasen 'Døypte i Sogn og Fjordane' skulle Hyllestad vere dekka i det tidsrommet det er snakk om, men eg har ikkje funne ein kandidat som har Knut Olsson til far. Det finnes ein Mathias Knutsson, f. 1878 (Lenke), samt at det finnes ein Mathias Knutsson Øen utflytt til Bergen i 1896 (ref. http://fylkesarkiv.no/ | Databasetenester | Inn- og utflytte).Men om dette er den personen vi finn att i Bergen ved FT 1900....tja....eg er i tvil:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Hei Gisle !Dersom temaet ikkje er for gamalt, så kjem her opplysningar frå leegenalogy.net om fødte på Linde (Kvamsøy) der far er Rognald:Dag Mnd År Fornavn Far Mor Fødested Fødselskode Fødselskode bokstav Anmerkninger13.3.1747 Kari Rognald - Linde 4-3025.1.1750 Kari Rognald -Linde 4-307.2.1751 Kari Rognald - Linde19.5.1751 Synneva Rognald - Linde Døde straks etter dåpen.5.11.1752 Arne Rognald - Linde 4-308.1.1755 Peder Rognald - Linde 4-3011.9.1756 Kari Rognald - Linde 4-3028. 2.1760 Brita Rognald - Linde 4-3012.9.1762 Kari Rognald - Linde 4-30FELLES for alle: Rognald er far. Navnet på mor er IKKJE nevnt. Bortsett frå dei 2 som er født i 1751 er ALLE busett på Linde 4-30.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Jon! Takk! For gammalt blir nok ikkje dette teamet heller.Her er forøvrig skifteopplysningar som skulle gi svar på kven foreldra til denne barneflokken er: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.