Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#33510] John Olson Weiby (1897-1976) - frå Gunnestad, Nøtterøy til Connecticut - oppl.?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

John Olson Weiby, oppgjeven å vera fødd på Nøtterøy 31.12.1897, gifte seg, truleg på Nøtterøy kring 1924, med Øllegaard Kirstine Johannesdotter Feet, fødd i Hafslo i Sogn 18.10.1901. Dei fekk to born:* Irving Weiby, fødd ?.5.1925, døydde tre år gamal* [redaktøren har fjernet navn], fødd 21.9.1926.Huslyden utvandra til Amerika, men eg veit ikkje kva tid og veit heller ikkje kvar desse borni var fødde. Men dei var i 1935 og framleis i 1947 busette i East Port Chester, Connecticut. Øllegaard, i Amerika kjend som Olga, var i 1953 på vitjing i Noreg og døydde på sjukehuset i Tønsberg 5.10.1953, men ho vart send attende til Connecticut og gravlagd der! John Weiby døydde i januar 1976, ogso han medan han var på vitjing i Noreg, men uvisst kvar!Når det gjeld opphavet til John Olson Weiby, trur eg det er han som gøymer seg attom denne huslyden som i 1900 budde på Gunnestad austre på Nøtterøy:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Ingebretsen hf g Styrmand, gaardbruger 1856 Nøtterø JLAndrine Ingebretsen hm g Styrmands kone 1857 Nøtterø JLJenny Ingebretsen d ug Kreaturstel 1886 Nøtterø JLAnna Ingebretsen d ug Datter 1890 Nøtterø JLOle Anker Ingebretsen s ug Søn 1892 Nøtterø JLBorghild Ingebretsen d ug Datter 1895 Nøtterø JLJohn Ingebretsen s ug S. 1897 Nøtterø JLJannes Ingebretsen s ug Fyrbøder, tilsøs 1882 Nøtterø JL~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Finst det ei bygdebok for Nøtterøy som eventuelt kan stadfesta identiteten til John Weiby og som kan fortelja oss meir om John og Øllegaard, vigsel, utvandring etc.?Eller er det mogeleg å finna svari i andre kjelder? Eg finn ikkje noko på Ellis Island som liknar og heller ikkje i FT1930.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen
http://www.vestfold-slekt.net/notteroy/bygdebok/ Her kan du finne det som står under Gunnestad Østre. Dessverre kan jeg ikke finne din Etterlyste her ved raskt gjennomsyn.Mulig du kan få hjelp av lokalhistorikere på Nøtterø med dette. Det er flere Dismedlemmer som bor i området.Mvh. Gunn Huglen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kristian Hunskaar

Det finnes jo ei nyere bygdebok for Nøtterøy som går lenger fram i tid. Der er nok familien omtalt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Fra Nøtterøy bygdebok (Unneberg, 1971), bind 2, s. 1083 (Østre Gunnestad, bnr. 5):Skipsfører Ole Engebretsen, 1890-1936, var f. 1856 i Grindrønningen og d. 1944. G. 1880 m. Andrine Augusta Johansdatter, Veiby av Nedre Buerstad, f. 1857, d. 1935. Barn: (...) 6. John Weiby, f. 1897, se bruksnr. 195 på Teie.Bind 1, s. 74 (Teie, bnr. 195):Eiendommen ble i 1954 overtatt av datteren lærerinne Anna Backer (dvs. datter av prost Hans Backer, f. 1858 i Drammen). Hun ektet 1955 byggmester John Weiby, f. 1897 på Østre Gunnestad. Han har tidligere vært g. m. Øllegaard Kristine Feet (faren, lærer Johannes Feet, var en kort tid eier av bnr. 1 på Vestre Gunnestad og døde 1931 i Hella) og hadde med henne en sønn, som døde ugift, og en datter, som også er død, men etterlater to barn. Fru Weiby solgte eiendommen i 1967 for kr. 140000 til lærer Sigbjørn Stensland, og flyttet til nytt hus i Bjerkøyveien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Og i bind 2, s. 1088 (Vestr Gunnestad, bnr. 1)Dale solgte 1918 til Johannes Feet, Gilhus i Lier (d. 1931 i Hella). I 1920 ble eiendommen solgt for kr. 65000 til Bjarne Stokke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunn, Kristian og Ketil for interessante og overraskande opplysningar. Eg hadde ingen aning om at John Weiby hadde gift seg att, og slik eg tolkar bygdeboki for Nøtterøy, so vart John og Anna (Backer) faktisk buande på Nøtterøy ogso seinare?Går det fram av denne bygdeboki:* Leveåri til Anna Hansdotter Backer Weiby med fødestad og dødsstad?* Dødsstaden til John Weiby?* Far til Øllegaard, Johannes Olson Feet, døydde på Hella på Nøtterøy i januar 1931, men står det noko om kva år mori Ingeborg Ludvigsdotter (Feet) døydde?Dotteri til John Weiby, Borghild, vart gift og budde, so vidt eg veit, i New York eller Connecticut, men ho døydde tidleg, og ingen veit kvar det vart av borni hennar. Om me får greie på kvar John Weiby budde då han døydde, er jo ikkje vegen lang til skifteretten...!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

John og Anne levde fremdeles da bygdeboka ble utgitt i 1971. De er ikke nevnt som bosatt i Nøtterøy eller Tønsberg i 'Adressebok for Vestfold fylke og Drammen med skatteligninger' 1960-1961.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nye opplysningar er mottekne frå etterkomarar i Amerika. Det syner seg at Øllegaard Kirstine Feet utvandra ugift til Amerika hausten 1924 for å gifta seg i Brooklyn, NY 1.11.1924 med John Olson Weiby, og dei to borni er fødde der borte.MEN, eg er ikkje i stand til å finna utvandringi til John Olson Weiby. Kan han ha skrive seg for Gunnestad eller noko anna?Kanskje nokon har betre auge enn eg?Eg takkar so mykje for alle tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Paal Klaveness

Anna og Johan Weiby døde begge på Nøtterøy, tror de også er begravet der, det kan kirkekontoret opplyse om. Var innom kirkegården denne week-end, men for mye snø, slik at støttene ikke kan finnes. Johan var fetter av min mormor, og jeg husker dem godt fra begynnelsen av 70-årene, de bodde i Grindstuveien, som nevnt i Nøtterøy-boken.Paal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×