Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#34485] A(u)gund Pedersen (1825) - frå Hafslo til Sørreisa - huslyden til Wisconsin,USA?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dette problemet har delvis vore diskutert før under tema #16178, men det har endra karakter, og eg legg det difor ut att under ny titel:Augund Pederson Høgi, kjend som Agund Pedersen, opphavleg haugianar, var fødd i Hafslo (Luster) 6.1.1825 og flytte nordover i 1850. Han gifte seg første gongen i Sørreisa 2.8.1857 med Karen Marie Anfindsdotter frå Furø i Sørreisa, f. i Sørreisa 16.1.1829. Karen døydde våren 1864, og 19.11.1865 gifte Agund seg att i Sørreisa med Nicoline Svendsdotter frå Langhaugen i Lenvik, men fødd i Ibestad 31.10.1825. Huslyden budde nokre år på Bakkejord i Sørreisa, men Agund, som høyrde til den apostoliske frikyrkja, forsvinn ein eller annan gong mellom 1867 og 1875, då Nicoline som gift kone budde på Skøelvdal i Sørreisa. I 1881 utvandra so Nicoline ''Pedersen'' til La Crosse, WI, og ho hadde med seg tre av dei fire borni som Agund hadde hatt i to ekteskap:* Sophia Amalie Agundsdotter Pedersen, fødd i Sørreisa 15.7.1859, var 1865 og 1875 fosterdotter på Blomli i Sørreisa, men utvandra i 1881 med stemori til La Crosse, WI.* Peder Jermann Agundson Pedersen, fødd i Sørreisa 2.8.1861, var 1865 og 1875 fosterson på Bakkejord i Sørreisa, men utvandra òg i 1881 med stemori til La Crosse, WI.* Anna Cathrine Agundsdotter (Pedersen), fødd i Sørreisa 14.3.1864, var 1865 og 1875 fosterdotter på Skøelvdal i Tranøy og vart konfirmert i Sørreisa i 1886, 22 år gamal. Presten har då skrive i kyrkjeboki noko om at ho hadde ''meget ring kundskab'', so ho har nok hatt eitt eller anna ''lyte'', som gjorde at ho ikkje fekk reisa med dei andre til Amerika... I 1900 finn me ho att som Anna Augunsdotter som ugift budeie på Lavolden, Skøelv i Sørreisa. Truleg levde ho ut livet sitt der oppe...(?)* Karen Marie Agundsdotter Pedersen, fødd i Sørreisa 6.4.1867, var 1875 fosterdotter på Bakkejord i Sørreisa, men utvandra med mor si i 1881 til La Crosse, WI.Det er ymse som kan tyda på at A(u)gund Pedersen var utvandra til Amerika før 1875, men nokon sikker fråsegn om dette har eg ikkje. Derimot veit eg at A(u)gund hadde ei søster Ragnhild (Mrs. Albert Thoreson) som utvandra med huslyden sin til La Crosse, WI alt i 1874. Ragnhild hadde forresten ogso ei eldste dotter med namn Sophia Amalie som gifte seg i Bergen i 1874 med ein kar frå Vardø og som vart att i Bergen då foreldri hennar utvandra same året!Eg har søkt etter A(u)gund Pedersen og huslyden hans i tilgjengelege kjelder i og kring La Crosse, WI (FT1880/1900, La Crosse County burials and marriages), men so langt utan hell. Men so er det dette med namni då, zom so lett kan verta ''vrengde''!Kanskje einkvan annan vil prøva seg på dette Amerika-problemet, som eg svært gjerne skulle ha funne ei løysing på...?Elles er eg òg svært interessert i å finna ut om lagnaden til ho Anna Cathrine som vart att åleine i Sørreisa?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 2 år senere...

Aaaaaaner jo ikke om dette er rett mann...Name: August PetersonHome in 1900: Gilmanton, Buffalo, WisconsinAge: 76Birth Date: Jan 1824Birthplace: NorwayRace: WhiteEthnicity: AmericanImmigration Year: 1869Relationship to head-of-house: BoarderFather's Birthplace: NorwayMother's Birthplace: NorwayMarital Status: WidowedResidence : Gilmanton Town, Buffalo, WisconsinHousehold Members: Gilbert Oleson 61Betsey Oleson 67Oscar Gilbertson 10August Peterson 76

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for nok eit nytt spennande innlegg. Det kan godt vera at du har funne rett mann, og i so fall hamna han i eit typisk sognasettlement! Men, er det mogeleg å finna ut noko meir om han der borte?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.