Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John H. Aarønes

[#35349] Ingeborg Skunda og Mjelve gård - Fannestranda

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Ingeborg Skunda er nemnt av Jørgen Olafsen-Holm i bygdebok - Gardssoga for Bolsøy s. 435 (har diverre ikkje notert kva for eit av dei 4 binda det står).Ingeborg Skunda gir Torstein Askjellson tre øyrebol i Mjelve (i noverande Molde kommune) saman med ein part i Tollåsen som arv. Vidare skriv Olafsen-Holm: Denne Ingeborg er antakelig den same som Ingeborg Sigvartsdatter som også nemnes i Rike Torsteins jordbrev som eier av Bergsvik i Fanne Otting(nå Veøy).Eg har prøvd å leggje ved Olafsen-Holm sine tankar om dei tidlegaste eigartilhøva på Mjelve.Eg kan ikkje finne opplysningar om Ingeborg Skunda andre stader enn i Bolsøy-boka - og ville difor setje stor pris på hjelp for å kome litt vidare.bilete0455.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

I Bolsøyboka første del s 290 står det ganske mye om 'Rike Torsteins' jordegods i Bolsøy og Fanne otting. Olafsen-Holm skriver at Torstein Askjellson fra Bjørke på Voss var født ca 1440 og døde etter 1521, men trolig før 1530. Han etterlot seg en datter Inga. En rekke bevarte dommer, skjøter og andre dokumenter utstedt på 14- og 15 h.tallet angår en rekke gårder i Bolsøy, Veøy, Eid, Nesset og Vestnes m.fl. viser seg å ha vært i Rike Torstein og hans ætts eie. Han bodde trolig hele sitt liv på Voss.Han var sønn av Åskjell Torsteinsen av Bjørke og hustru Ragna Baardsdatter (Berdorsdt?) som foruten Torstein hadde en datter Gunhilda. Farsætten ser ut til å stamme fra Vest-Agder. Da Torsteins datter Inga døde uten livsarvinger, gikk arven over i søsterens Gunhildas ættelinje.Det er også referert fra et utdrag datert Bergen 1575 fra forskjellige dokumenter. Der er også flere hvor Ingeborg Skunda er nevnt:Item ett papiirs breff och witne att Inngeborge skunda lyste Tormod Iffuarsson, for sinn arfuinge, och att aslach baardsson truede honom then arff fraa.Item ett papiirs breff Att Tostenn askelsson haffuer vnth Anndersenn baardsson hiellsetther iij ørisboll, som tostenn tillfeld epther Ingeborge skunda, Item vdj thielloss iij ørisboll vdj mielffue som forne Ingeborge skunda otte, oc vnthe hannem ther till alle the løsse penninge som hand kunde egienn vinde som bortt war tagenn.Item ennd eitt Tostenn askelssønns breff paa papiir Att hannd beklager seg Att Annders baardsen kanndth iche naa att thett gottz wdj Rumsdallenn som fell epther Inngeborge.Av dokumentet går det fram at Torstein Askjelsen gjør krav på 14 gårder eller gårdparter, derav 1/2 markabol 4 aurebol og 2 halve ørtungbol i Mjelve.Olafsen-Holm skriver s 294 at Rike Torsteins nære kvinnelige slektning i oppadstigende ledd var jo Ingeborg Skunda, men han skriver ikke mer om henne - dessverre. Mjelvegodset kan følges fra 1521 (Torsteins død?) på forskjellige hender fram til 1669.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det er vel litt ulike meininger om kven denne 'Rike Torstein var, men har ikkje dette klårt for meg akkurat no. Legger ved utdraget av breva frå 1575 som omhandlar det såkalla Mjelvagodset:Avskrift av et diplom innsendt til Riksarkivet.Extract Oc forklaring Paa thet godz som nu findis vdj Tiisse Breffue, Riige Tosten oc Anders Baardsønn i mellom.Item ett pergamentz Breff, Att Baarder biørnnssønn haffuer soldt gunder Halkielsenn ix oureboll wdj Siigrida sether, som liigger y fannes ottungh oc y bollingsø kirke sogenn.Item ett pergamentz breff, At Suein oluffsen haffuer soldt gunder halkelssenn halff marckeboll wdj thagtsetre wdj forne sogenn och ottungh.Item ett Pergamendtz vittnesburdtz breff, Att halkell gunderssønn, louck Ingeborige Siguardzdotter, øresboll i Berge oc threy øresboll i bergisuick som handt hade kiøpftt mett henne aff Baard ekarnn syne.Item ett Pergamentz Breff, Att Askell gudlogssen hade soltt halkell tormodssen halfftt marckeboll i miolffue Oc att Iffuer Haldorssønn hadde solltth forne Halkiell tormodssønn thueggie øre boll i miolffue & denne Halkiells er for w mntt (?) trennestadz i breffuuitt &.Item eitt Papiirs breff som Erkebiscop gouthe haffuuer utt giiffuitt, Att eptherthj Annders baardssønn er regnetth for retth arffuinge epther Sueinn arnessen, tha uplode hand hanom saa meget som hannd atte udj Reyund eitt kiørlagh aarlige, oc hiellesetter autt aarlige et tueite smørs, och loff(u)er i samme (sic) breff att fli hanom fleire jorder i framtidenn om the kannd opspørgis.Item ett papiirs breff och witnw att Ingeborge skunda lyste Tormod Iffuarssøn for sinn arfuinge och Att Aslach baardssøn truede hanom then arff fraa.Item ett Papiirs breff Att Tostenn askelsøn haffuer undt annders baardsonn hiellesetter iij øris boll, som tostenn tillffeld epther Inngeborge skunda, Item vdj thielloss iij ørisboll oc ij ørisboll vdj mielffue som forne Ingeborge skunda otte, oc vnnthe hannem ther tiill alle the løsse peninge som hand kunde egienn vinde som bortt war tagenn.Item ett papiirs breff att tostenn Askelsønn haffuer kientth segh viidtt tisse eptirschreffne jorder i Romsdallen først i Ryffuige, ithem i Hugeberge, i vestaste friiseuoll y Bierkyne i sylttenn i Niothesetter i Eisuiigh, opsalle y marckeboll.Item ennd eitt Tostenn askelssønns breff paa papiir Att hannd beklager segh Att Annders baardsenn kanndth iche Naa aff thett gottz wdj Rumsdallen som fell ephter Inngeborge.Item enndt eit Toswenn papiirs breff tiill Amund aslackssenn om ein arff som (f)alltth epther hustrue Maritte oc Amundz fader haffde optagith i ombodet Tostenns moderbroder, och beklager siigh endnu om thetth Aaholdt som Annders baardssen giiørs paa same arff.Item ett papiirs breff att birgitte halkelsdatter, hade Solt Annders Baardssønn hall ørtuge boll vdj etth ørisboll vdj miolffue, Item Arne Arnessønn solde Annders baardssønn hall ørtuge boll i same goedz paa minn quindis wegnne, Item Arnne Arnessønn solde Annders bordssøn halltt ørisboll paa Astriid halkelsdotters wegnne i forne Miolffue: Findis thuenne steds i thette breff Maculeriidtt.(Med annen haand) Item Wdaff thette gotz ehr Nu Engelbret oc hanns brødre tildømpt Alt Miolffue mett aldt synn eigendom, Nu strax att Anname, Dog tiill nestkomende Olauj egenn skall hanndt oc hanns wedderparther, møde her egienn mett alle theris breffue oc beuisinger som domen ther om widere forklarer Actum Bergenn Anno (15)75.(19/1 1922)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for opplysninger fra første del av Bolsøyboka. Eg såg at det var referert til dette (s. 290ff) i gardssoga under gården Mjelve.Såvidt eg forstår er kona til Rike Torstein ukjent. Einaste kjende barnet er vel som du nemner Inga, som etter O. Handegård 'Vår felles fortid s. 402 skal vere gift med Sjurd/Sigurd Matssom Talgje (1520- ).Av Torsteins foreldre Ragna Berdorsdtt/Bårdsdtr. og Askjell Torsteinson (1400- 1460) er vel den sistes forfedre også ukjent. Dersom det er rett at 'Rike Torsteins nære kvinnelige slektning i oppadstigende ledd var jo Ingeborg Skunda' kan det kanskje vere naturleg å tenkje seg at Ingeborg er av Rike Torsteins farsætt??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk til Finn O.!Det var eit interessant dokument!Men kva tyder louck?'Item ett Pergamendtz vittnesburdtz breff, Att halkell gunderssønn, LOUCK Ingeborige Siguardzdotter, øresboll i Berge oc threy øresboll i bergisuick som handt hade kiøpftt mett henne aff Baard ekarnn syne.'Treng nok litt tid for å fordøye dette dokumentet. :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg er nok på usikker grunn her, men kan tenkja meg at det vert meint at Halkjell Gunnarson overlet til Ingeborg Sigvardsdtr. dette jordegodset som han hadde kjøpt saman med henne. Om denne tolkinga er rett, så må vel helst dette vera eit ektepar?. Truleg ei tvilsam forklaring?Eg legg inn nokre fleire opplysningar her.I følgje ein artikkel av Asgaut Steinnes i NST XVIII s. 199, så var ikkje Torstein Askildson son til nokon Askild (Åskjell) på Bjørko på Voss. Det vi sikkert veit om Torstein er at faren heitte Askild e.liknande og at mora heitte Ragna Berdorsdtr. .Torstein hadde berre ei dotter, Inga, som døydde barnlaus. Arven etter Torstein gjekk difor over til ei søster til Torstein, nemleg, Gunhild. Av ymse rettsaker m.m. går det fram at; ” nogen odels breffue oc en dom som Rige Torsten want thet gods med effter Suend Arneson”. I samband med desse rettsakene vart det framlagt eit arvetal. Arvetalet var slik: ” Først var ther en quinde som hede Ragne Bardorsdotter henne var godzet tiildømtt effther salig Suend Arnessen, hun aathe en søn hed Riige Torsten och en datter hed Gunille, Torsten aatte aff sig en datter hed hustru Ingge, Ther blef arffuen standendis: Nu aatthe Gunille en datter hed Bodille then same Bodille otte tho døtter then en hede Ingeborg oc then anden Stenuor, etcetera”. Det var Ingebrigt Olavson Nettland som førte sak på vegne av seg sjølv og brørne sine. Dei var søner til Gunhild si dotter, Ingeborg og det ser ut til at dei til slutt vinn fram og vert tilkjend Mjelvagodset m.m. Saka vart visstnok avgjort for godt på herredagen i Oslo 30. juni 1580.Christoffer Dal handla til seg Mjelvagodset etter Ingebrigt Netland m.fl. Rett før han døydde vart Dal dømt til å betala ei bot til kongen på 2000 dalar til kongen for ulovleg båtbygging. Det vart da arvingane som måtte betala denne bota. Framleis i følgje Steinnes 1962, så gjekk eigedomsretten over til futen Søfren Rasmusson (Borchmann?) som igjen selde til Eilert Christopherson (Schøller), fut for Bakke Kloster. Godset er spesifisert i odelsjordeboka for Trondheim len 1624. Landskylda er oppgjeve i det nye samhøvet at 1 spann smør = 2 våger fisk. Gardane omfattar dei som har matrikkelnr. 41 – 47 og 102 i gamle Bolsøy herad. Gardane var; Ekrå; 1 våg fisk, Sigerset; 2 5/6 våg fisk (Ytters Jersett 1 1/3 og Stoers Jersett 1 ½ våg), Hatlen 1 våg fisk, Skjerslia (Lienn); 2/3 våg, Skjerså (Schierssuigen); 2/3 våg, Mjelva; 3 våger, Hjellset; 2 2/3 våg og Talset; 3 våger. Bortsett frå Talset ligg dei andre gardane på rekkje på nordsida av Fannefjorden.Som også Steinnes påpeikar, så er kanskje den mest interessante personen her, Svein Arneson, som opphavleg åtte godset. I følgje same mann, så åtte også Svein gods på Jæren. Var denne Svein identisk med første mannen til Kristina Toraldsdtr. som var farsyster til erkebiskop Olav Trondson m.fl. ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det vart ein liten feil i siste innlegget mitt. Ingebrigt Olson Nettland m.fl. var riktig nok søner til Ingeborg, men Ingeborg var dotter til Bothilda som igjen var dotter til Gunhild, søster til Rike-Torstein. Eg gløymde å få med Bothilda i sisteinnlegget.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Dette temaet har interessert meg i flere år. Kjennes noen av disse vitnene: Tittel: 1587, 2. juli 1539000 / Møre og Romsdal, Voll, Måndalen kirkekunngjøring ; (beskyldning) Institusjon: UBB Depot: UBBHF Spesialsamlingene, Diplomsamlingen Sammendrag: 3 lagrettemenn i Grytten prestegjeld i Romsdal kunngjør at Ingebritt Oluffssøn på Netteland, Kvinnherrad i Bergenhus spurte dem i almuens påhør om de noensinne hadde hørt Harill Karlssøn og Halstein Oluffssøn i Romsdal fremkomme med beskyldninger mot ham.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Dei to Romsdølene som Karin R. nemner kjenner eg nok ikkje til. Namnet Harill kan eg ikkje hugse å ha støtt på før. Det næraste må vere ein Arrell som hadde 3 sager i Fanne Otting i 1610, men han var son av ein Oluf. Han var ifølge Bolsøyboka ombudsmann for Bolsøy kirke. Det vert jo på nordsida av fjorden, medan Voll ligg på sørsida. Får utfordre Oasvald på den - han er nok godt kjend i området Voll, Måndalen.Har du namnet på dei e lagrettemenn også?Har no fått lese artikkelen av Asgaut Steinnes i NST XVIII. Dette var vanskeleg. Jordebreva synest eg er vanskeleg å forstå seg på, eg treng nok litt tid for å fordøye dei.Jørgen Olsfsen-Holm nemner i Bolsøyboka Søfren Rasmussen som eiger av Mielffue guods i 1617 og godset er oppgjeve til 11 voger skyld.I odelsskattemanntallet for 1623 oppføres som eiger av Mjelve gods (no 12 voger) Eillert Christophersen, og i 1633 er det hans enke Marette som står oppført som eigar.I 1646 er Mjelve gods overteke av Claus Thomesen (12 1/2 voger). Deretter 1657 Engeborre (Claus's enke?). osb.Bolsøyboka manglar altså både Ingebrigt Netland og Christoffer Dal.Når det gjeld Svein Arneson har ifølgje Odd Handegård 'Vår felles fortid' Magnus Mardal i Aspaslekten - en nordmørsk stormannsslekt fra 1200-tallet' i NST 32 (har ikkje lese artikkelen sjølv), visstnok meir som ein spekulasjon sett opp Svein Arnesson som ein etterkommar etter Anders Plytt. Eg hoppar litt ned i sleksrekkja og startar med Svein i Aspa som hadde sonen Arne Sveinson (1360-1420), som igjen hadde sonene Bård/Berdor og Svein Arneson.Svein Arneson gift med Kristina Toralsdatter Aspa. Svein etterlot seg ikkje livsarvingar, og broren Bårde/Berdor som var mor til Ragna Berdorsdatter/Bårdsdatter.Far til Svein i Aspa ifølgje dette oppsettet vere Arne Guldbransson Saud.Men eg understrekar at Handegård skriv at dette må i stor grad oppfattes som gjetninger.Skal ein halde fram med gjetningane kan ein kanskje peike på at reint kronologisk og kanskje utfrå arv er det mogleg at Arne Sveinsons ukjente kone kan vere Ingeborg Skunda. Men utover det veit eg ikkje noko som talar for at ho skulle vere det. Burde kanskje vore titulert hustru då??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Jæren. DN b. XXI, nr. 666, datert uten sted 1494. Finnes igjen hos Erik Rosenkrants sine etterkommere.Han har en motpart hva gjelder Stavheim og Hogstad på Jæren, som hadde tilhørt Svein Arneson. Det er Torgeir Håvardson, men kan gjelde hans stebarn, da gårdene tildømmes Torstein, 'men han skal gi Torgeir eller hans stebarn 50 mark i gode penger'. DN b XXX, nr. 689, datert Bergen 14 oktober 1501.Svein Arneson skal også ha eid gods i Hallingdal, DN b XXI nr. 645, datert uten sted ca 1490.Vedk Asgaut Steinnes. Det er riktig at han er av den formening at det ikke er Tortein Byrkjo, Voss. Dog må det være en forbindelse, da flere av dokumentene oppbevares i Indre Ålvik.Det finnes en lagtingsdom av 1579 hva gjelder Melva. Der er nevnt en mann ved navn Peder Tvill. (Fogd på Helgeland 1568-1571?)På melva skal det da ha bodd en mann ved navn Pål Hansen. Peder Tvill hevdet at han hadde fått gården av enken Ingeborg Birgersdatter som hadde vært gift med Ola Olavson. Han skulle ha vært i rette på fylkestinget på Veøy og fått en 12 manns dom på at Ingebjørg skulle ha gården- og ikke Ingebrikt Olson Neteland.Vedk. Svein Arneson og Kristin Toraldsdatter. Godset i Hallingdal omtales i en artikkel i NSHT, bind XXXVII-hefte 1, Oslo 1999 ved Per Reidar Bjørnerud Chritiansen. Ætten fra Liltvet i Hurum og dens forgreininger i bygdene rundt Oslofjorden. Saken gjaldt hvorvidt noe gods i Hallingdal, hadde tilhørt Svein Arneson og/eller om det var arv etter Kristin sin mor fru Adalis Erlingsdatter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Til 10.Deler av innlegget forsvant da jeg la det inn.Til 9. Lagrettemennene er ikke nevnt. Men i et diplom av 9 august 1571 er Ingebrikt Olson Neteland representert ved Mikkel Sæbjørnson. Diplomet skal være gjengitt i en avisartikkel i begynnelsen av 1900 tallet, som jeg har bestilt for flere uker siden og venter på fortsatt.Torstein Askjellson er nevnt i flere dokumenter. I DN b. XX nr. 1072 datert (Bergen) 1 august 1558 framgår hans slekstforhold, i forbindelse med at Christoffer Trondson har forholdt ham, Ingebrikt Olson Neteland, hans odelsbrev på arven etter rike Torstein Askjellson.I DN b XXI nr 666, datert 1494 uten sted krever Torstein Askjellson vitnemål om hvem som hadde eid Stavneim, Hogstad, Kvassheim, Taksdal og 'Sand'. Alff Jonsson og Oloff Andhoorsson 'hafde hørt at Druga offsta otthe thet godz som Suein Arnarssons fadher var etc' (Finnes igjen hos Erik Rosenkrans sine arvinger)DN b XXI, nr. 689, datert Bergen 14 oktober 1501 gjelder en dom mellom Torstein Eskilsson og Torgeir Håvardson og/eller helst hans stebarn. Vi ser her at Torstein vekselvis kalles Askjellson og Eskilsson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for nye opplysingar - her var mange interessante kjeldetilvisingar:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Karin Romstad (8)spør:Kjennes noen av disse vitnene: Harill Karlssøn og Halstein Oluffssøn i Romsdal, og Johan utfordrer meg til å svare: Nå er også jeg fra nordsiden av Romsdalsfjorden, men jeg var onnekar på de trakter (Voll) en sommer for nesten 50 år siden.Jeg har sett gjennom bygdebok for Voll,som stort sett knytter slektene på gårdene tilbake til begynnelsen av 1600-tallet. Men også personer skattlagt tidligere er nevnt. Harill Karlsøn kan jeg ikke finne, og heller ingen personer med Harillnavn. Karl er også et navn som ikke kan knyttes til gårder på begynnelsen av 1600-tallet.Halstein Oluffsøn kan nok derimot knyttes til Øver Bø. I 1597 betaler to brukere pengeskatt til Kongen, Ola Hallsteinson og Morten Øver-Bø. I 1550 var garden mellom de gårdparter som lå under Rein kloster og Inger til Austråt som jorddrott.Hallsten i Ouffer Bye var leiglending i 1610 og trolig sønn til Oluff Halstenson som betalte penningskatten i 1597. I 1612 la Hallsten 4 tveiter korn i tiend, og på samme tid nevnt som jordeiende bonde. Det er vel ikke usannsynlig at det er Hallstens bestefar som er blitt spurt på kirketrappa.I Bolsøyboka skriver forresten Olafsen-Holm at: Når vi kjenner Torsteins liv såvidt inngående skyldes det det store og meget vanskelige arbeide som avdøde sogneprest Olaf Olafsen (Hardanger og Voss) fra Veøy gjennom mange år utførte ved utgranskingen av ett av de vanskeligste kapitler i vestnorsk bygdehistorie. Han viser særlig til Hardanger Historielags årsskrift 1925/26 og for 1928 s 31 ff, samt N.Hist. Tidsskr. IV rekke B.5. Kanskje noen har tilgang til disse?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Slik som John skriv, så er det ikkje så lett å få tak i innhaldet i utdraga av dei 11 dokumenta frå 1575. For det første, så manglar alle breva tidfesting, slik at det er vanskeleg å sjå kva som kjem først og sist av dei ymse handlingane. Steinnes (1962) har funne ut at Torstein Askildson (Rike-Torstein) lever i tida ca frå 1440 til 1520. Dette gjev oss da ein viss kunnskap om når nokre av breva er ”utstedt”. Vidare meinar Steinnes at Svein Arneson har levd om lag i tidsromet 1360 – 1420. Om vi tenkjer oss at Ragna Berdorsdtr. er født ca 1410, så er det ikkje plass til særleg meir enn ein generasjon mellom Ragna og Svein. Ut frå kronologiske argument kan det heller ikkje avvisast at Ragna er brordotter til Svein, slik som John kjem inn på i innlegg nr. 9. No kan det sjå ut som mykje av Romsdalsgodset er arv etter Ingeborg Skunda og at ho kjem inn som eit ledd mellom Ragna Berdorsdtr. og Svein Arneson. Denne Ingeborg Skunda hadde lyst Tormod Ivarson som arvingen sin, men Aslak Bårdson hadde truga arven i frå Tormod. Vidare er det nemnd ein Amund Aslakson, kanskje son til Aslak Bårdson. ”Rike-Torstein” skriv brev til denne Amund Aslakson om ein arv etter ei ”hustrue Maritte”. Vidare kan det sjå ut som om far til Amund, Aslak (Bårdson?) hadde fått morbror til Torstein som ombudsmann. Det er litt uklårt om det er Torstein eller Aslak som klagar over kravet til Anders Bårdson på arven etter hustru Maritte.Det er muleg at Ingeborg Skunda er identisk med Ingeborg Sigvardsdtr., og at ho har vore gift med Halkjell Gunderson. Ein skal likevel hugsa på at ektemakar ikkje arva kvarandre på den tida, og det ser ut som om Mjelva helst tilhøyrer Halkjell si ætt. Dei 3 systrene (Birgitte, Astrid og NN g.m. Arne Arneson) som sel ½ øresbol kvar i Mjelva til Anders Bårdson, må vel helst vera døtre til Halkjell Gunnarson event. Halkjell Tormodson.Når Ingeborg Skunda lyste Tormod Ivarson som arvingen sin, så må ein i det minste rekna med at ho var barnlaus.Eg veit ikkje om ein grundig gjennomgang av DN kan gje opplysningar som kan vera med å oppklara nokre av desse spørsmåla, men sokneprest O. Olafsen har kanskje funne fram til det meste av dei aktuelle kjeldene? Elles er det artiklane til Olafsen som Steinnes byggjer artikkelen sin i NST (1962) på.Det er grunn til å merkja seg at Torstein Askildson åtte fleire gardar i Romsdal enn det som seinare er vorte kalla Mjelvagodset. Dette går m.a. fram av eit av brev som er gjengjeve i innlegg nr. 3. I dette brevet er følgjande gardar nemnd: 1. Ryviige (Må vel være Rødven), 2. Hugeberge (Haukeberg), 3. Vestaste Frisvoll, 4. Bierkyne (Bjørke på Vågstranda), 5. syltten (Sør-Sylte i Tresfjord) 6. Niotesetter i Eisuiigh (Nesset i Eidsvåg) 7. opsalle (Er usikker på kva for gard dette er).I og med at det var Ingebrigt Netland og brørne hans ( Johans f. ca 1520, Ingebret, Arne, Amund og Eiliv) som arva godset etter Rike-Torstein, så hadde dei vel også arva desse gardane/gardspartane. No ser det ikkje ut til at desse gardane har falle i hendene på dei to tidlegare nemnde futane. På Bjørke og Sør-Sylte dukkar det etter kvart opp ei ætt som nyttar slektsnamnet Dal (Dall). Dette er folk som eig ganske mykje jord og dei er blant dei fremste i området når det gjeld sosial rang (lensmenn). Dessverre vert det ikkje opplyst kva for gardar/gardspartar dei eig. Ein kan jo lett få seg til å tru at det må vera eit samband mellom den Kristoffer Dal som ei tid åtte mykje av godset etter Rike-Torstein og Dalfolket på Bjørke og Sør-Sylte. Meir om dette kan ein lesa i Rekdal, O. 1973. Gard og slekt. Tresfjord I. Utgitt av Vestnes kommune.Til slutt skal eg så vidt koma inn på ei kvinne som vistnok budde på Mjelva i si tid. Ho heitte Hustru Sigrid Ansteinsdtr. og var dotter til Anstein Ulfson og Magnhild Gunnarsdtr.. (NST XIV 1953, s. 144. ”Sira Andres Ogmundsons etterslekt og en slektskrets fra Vardal” av Johan Garder) Denne Sigrid selde m.a. Åmot i Nes sokn på Romeriket til ein Amund Nilsson som truleg er identisk med den Amund som var ombudsmann for Adalis Erlingsdtr. (Mor til Kristina Toraldsdtr.). (DN V s. 450, 493, 545 og 547). Holte Jonson (også g.m. Kristina) gav Amund Nilsson tilbod om å bygsla Tolstad. Av dei to sistnemnde breva i DN V går det fram at Hustru Sigrid Ansteinsdtr. døydde på Mjelva i Romsdalen. Når ho vert titulert som Hustru, så må det vel bety at ho var gift med ein væpnar? Dei einaste og næraste levande arvingane til Sigrid Ansteinsdtr. vart oppgjevne å vera Amund Jonson og Gunnar Holteson. Dette må vel vera sønesøner til morbror hennar (Morbroren var Holte Gunnarson av den såkalla Holter-slekta. Holte hadde sønene Jon og Gunnar. Jon hadde sønene, Holte, Amund og Gudbrand, medan Gunnar hadde sonen Holte. Av desse 4 var det berre Amund Jonson og Holte Gunnarson som levde i 1449 (Sjå m.a. Løberg & Weidling NST XXX II s. 108, 1989. Ikkje ett, men to Kalips-gods).I tillegg til Hustru Sigrid Ansteinsdtr. er det også ei Hustru Sigrid Sigurdsdtr. nemnd i eit av breva i DN V (s. 545). Den sistnemnde av desse to hadde vore til stades på Mjelva då Sigrid Ansteinsdtr. døydde og ho vitna at ho var klår til det siste.Som vi ser, så er det mange kvinner knytt til Mjelvagodset og heile tre av dei er titulert som Hustru. (Maritte, Sigrid Ansteinsdtr og Sigrid Sigurdsdtr.) I tillegg har vi Ingeborg Skunda og Ingeborg Siguardsdtr., om ikkje dei to siste er identiske personar då. I tillegg introduserer Karin Romstad ei Ingeborg Birgersdtr, men ho kjem vel inn i bildet eit hundreår seinare? Om vi hadde vist kven desse kvinnene var gifte med, så ville kanskje mange slektshistoriske problem vore løyst.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Til 14Tankevekkende innlegg, bl.a koblingen til Holterætten. Samme tema, berøres under tema 33971. Odelsgods. Birkeland i Steinsdalen. Kanskje noen kan lage en lenke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Her er lenka http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exeEg har også undra meg over namnelikskapen mellom Holter-ætta og kretsen rundt Mjelve/Reknes sidan eg las ein artikkel i Norsk slektshistorisk Tidsskrift (hugsar ikkje nummer).Takk Osvald for at du tok deg tid til å sjå etter namna i bygdeboka for Voll.Når det gjeld ekteskap mellom Svein Arneson og Ingeborg Skunda så meiner eg eigentleg det er lite sannsynleg - på grunna av arvereglane den gongen slik som du nemner Finn.Når det gjeld Bygdebok for Tresfjord av Rekdal står jo ein del interessant om jordegodset etter Rike-Torstein og dei som overtok dette.Sjølv om Rekdal er imøtegått på ein del punkt, må ein ikkje gløyme at han bidrar med med god informasjon - også om kjeldene han bruker.Eg las om dette i går kveld, og skal kome attende med ei lita oppsummering seinare.Når det gjeld Mjelve-godset så har kanskje gården Mjelve teke noko av fokuset frå t.d. Hjelset. Eg ser at eit av breva etter Rike-Torstein skal vere skrive på Elgesæter ifølgje Steinnes sin artikkel. Steinnes har sikkert gode grunnar for å tru det. Sjølv har eg trudd at dette vart skrive på Hjelset.På Hjelset budde i 1520 fylkets rikeste mann, nemleg Oluf.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes
LenkeNoko av lenka forsvann i førre innlegget, men denne skal verke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Takk for hjelpen med lenken. Jeg tror forbindelsen til Elgsæter er sentral og har brukt en del tid på andre eldre dokumenter som kan relateres dit, skal se om jeg finner igjen noen gamle notater.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

I brevet fra Bergen 1575 går det fram at Torsein Askjelsen har eiet eller gjort krav på følgende gårder og gårdparter i Romsdal: 9 aurebol i Sigerset, 1/2 markabol i Talset, 1 aurebol i Berg (Veøy), 3 aurebol i Bergsvik (Veøy), 1/2 markabol 4 aurebol og 2 halve ørtungbol i Mjelve, 1 kjyrlag i Rødven (Veøy), 1 tveit smør i Hjelset, 3 aurebol i Tollåsen samt Røvik, Haukeberg (Eid), Vestre Frisvold (Eid), Bjerke (Veøy), Opsal (Veøy), Nauste (Nesset) og Sylte (Vestnes).Til Finn (14): opsalle må være Opsal på Sekken. Opsal er nevnt i skattemanntallet i 1603 da Olav er bruker. Den er etter 1834 oppført under Vestad og er ikke lenger egen gård selv om navnet er i bruk. Den hadde både flomsag og kvern og var nok mer verdifull i tidligere tider.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Til 13. Jeg har, tror jeg, kopi av de artikler Ola Olafsen har skrevet om dette temaet.Til 14. Noen referanser vedk. Ingeborg Birgesdatter. I en dom datert Oslo 30 Juni 1580 'Dom emellom Peder Thwille på Melwidt på Ingeborg Byrisdaters i Bo, hindis wegne og Engelbret på Netteland, liudendis vt sequitur:'.Saken gjelder Melwe og Melwe gods. Hun er da enke etter Ola Olafsen. Rike Torstein og hans søster er nevnt, sitat 'och hafft gotz vdj Romszdalen och ther teroffuer en ombotzmann boende paa forne Mielwe widt naffn Anders Bardtsen, som hafvde alle hans odals breffue hoesz sig osv. Sitat slutt. Ingeborg Birgersdatter har en svoger ved navn Niels Asgautson, som hadde vært hennes fullmektig og medarving.Til stede er Oluff Calips, Daniel Bildt (hvem er Olaf Bildt?), Fredrik Lange, Hans Lindennou, henrich Brockenhus, Hans Pedersen til Seim (er også interessant)Peder Ivarson til fresje, Erich Brockenhus og Peder Brockenhus.De samme herrer er tilstede i Oslo 5 juli 1580, i en dom mellom Mouritz Stygge med fullmakt fra Bjørn Andersen til Steinholt(har han en sønn Nils?) og Luduig Munch til Nørlund kong.statholder og Peter Twille. Gjelder Ingeborg Birgersdatter og Engelbret Olson. Ingeborg Birgersdatter skal ha gitt Peter Twille og hans arvinger Mielffue og 'en lidenn gaardt kladis Jeldszet. Engelbret Olson skal i sakens anledning ha stevnet 'Niels Aszgierson, Erik Jelleszackt og Pål Tysk for noe gods som de hadde forholdt ham med urette. I denne dommen nevnes også Karin Birgersdatter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Fin oversikt du har laga der Osvald. Søkte etter Opsal i Rygh, men fann ikkje nokon gard i Romsdalen med det namnet. Lokalkunnskap er god å ha somme tider. Landskyld i Romsdalen er ikkje det enklaste temaet å gje seg i kast med, men har funne ut at det kjende godset var på om lag 6 sp. (markebol) smør. I tillegg kjem dei gardpartane som vi ikkje kjenner storleiken på. Ikkje noko storgods akkurat, men det ser ut som om det aukar noko i verdi fram til 1624. Karin kjem på nytt med mange interessante namn, og her skulle eg ha ønska meg komplette utskrifter. Den Harill Karlson du nemner skal truleg vera Arill el. Arell, eit namn som i alle fall var vanleg i Vestnesområdet ei tid. (Hugsar ikkje no kva gard dette namnet særskild var knytt til). Dei to kvinnene du kallar Birgersdøtre vil eg gjerne kalla Børgesdøtre, då Børge er eit namn som vert bruka i Romsdalen på den tida. Birger derimot verkar framandt. M.a. dukkar det opp ein fut etter kvart som heiter Børge Nilsson om eg ikkje hugsar feil. Ingeborg Børgesdtr. ser ut til å ha tilhald i Bud, medan Karin Børgesdtr. kanskje er gift med Nils Asgautson som er svoger og medarving, samt ombudsmann for Ingeborg Børgesdtr.. Det kan jo her vera nær å tru at Nils og Karin er foreldre til den seinare futen, Børge Nilsson, men dette har eg ikkje undersøkt. Truleg stemmer ikkje kronologien. Denne Peder (Peter) Twille er jo og eit problem. Så vidt eg veit er han elles berre nemnd i ein herrdagsdom frå 1578. Saka galdt nokre ”dokument” som Peder meinte at Axel Gyntersberg hadde tileigna seg ulovleg. Sjølve utgangspunktet var likevel såpass dramatisk som at ein av tenarane til Peder hadde slege i hel morbror hans den tida han var Mads Skeels fogd på Helgeland. Kva Peder Twille (Tuille) elles hadde med Romsdalen å gjera, og kvifor han hadde kjøpt gard der er vel ukjend. I Årsskrift for Romsdal Sogelag frå 1964 er det trykt eit kåseri som Herlof Grüner heldt i samband med innviinga av Rødven gamle kyrkje 15.07.1964. Kåseriet handla mest om garden og ætta. Her kjem Grüner med ein påstand om at Svein Arneson hadde sonen Bård med fyrste kona si og vidare at denne Bård hadde borna; a) Svein, b) Aslak, c) Anders og e) Ragna. Vidare nemner han eit brev frå 1547 som fortel at Olav Frykeson og Ranny Andersdtr. eig eit kyrlag i Rødven som dei sel til sokneprest i Veøy, Nils Knutson og kona Gurå Rasmusdtr.. Grüner reknar at både kjøpar (i dette tilfelle Gurå) og selgjar er av Rike-Torstein si ætt. Dette får vel vera nok i denne omgang.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Fogden på Gjermundens heitte vel Børge Jacobsen, på Nordmøre var det og ein fogd og han heitte Børge Nielsen.Takk til Osvald som tok utfordringa.Her er lenke til foredraget om Rødven gårdLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

En annen forbindelse kan være tema 21593. Daniel Thureson fra Hardanger n.1599 gjelder gårder i Romsdal. Fikk dessverre aldri noen respons. Kanskje noen kan lage en lenke for meg.Hvem er Børge Jacobsen gift med og hvilke barn har han?.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Børge Jacobsen Eeg (ca. 1681 - 14.10.1764)Gift 1. gang med Anna Catharina Schultza. Anna Christineb. Jacob Andreasc. Druded. Anna Catharinae. Ulrica AntonetteGift 2. gang 1728 med Gjertrud Dorothea Tybringf. Anna Katharinag. Riborg Margarethah. Anna Kristinai. Hansj. Madsk. Johanna Krants

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×