Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#36170] Nils Henrik Jensson m/Christianna - frå Nesna til Bø etter 1829? -bustad/opphav?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FamilySearch syner at Nils Henrik Jensson og Christianna Pedersdotter fekk desse borni i Nesna, Nordland mellom 1818 og 1829:* Hans Andreas, døypt Nesna 11.10.1818* Nicoline, tvilling, fødd Nesna 9.2.1822* Anna Cathrine, tvilling, fødd Nesna 9.2.1822* Jacobia Marie, fødd Nesna 28.7.1824* Elen Kirstine, fødd Nesna 25.11.1829Det yngste av desse borni, Elen Kirstine, gifte seg til Steine i Bø i Vesterålen 6.11.1857, og eg har forstått vigsli som om at foreldri hennar òg var flytte til Steine i Bø, men eg kan ikkje sjå noko til dei korkje der eller andre stadar i 1865.Er det nokon med lokal kunnskap i Nesna og/eller Bø som kan hjelpa meg svara på desse spørsmåli:* Kva yrke hadde Nils Henrik Jensson?* Kva skal me rekna som bustad for Nils Henrik og Christianna - både i Nesna og eventuelt i Bø?* På kva gard (i Nesna?) hadde Nils Henrik Jensson opphavet sitt?* På kva gard (i Nesna?) hadde Christianna Pedersdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 6 måneder senere...
  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg, takk til Arne for interessant innlegg om denne huslyden!Eg har studert Frode Holthe sine sider om denne huslyden og ser at dei nok var busette på Vik i Nesna der Christianna døydde i 1848, men det ser ikkje ut til at Frode kjenner opphavi deira og heller ikkje lagnaden til Nils Henrik...? Eg trur at Nils Henrik flytte til Steine i Bø der dotteri Elen Kirstine vart gift og busett!Eventuelle nye opplysningar om denne huslyden vil vera svært velkomne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.