Gå til innhold
Arkivverket

[#36498] Peder Axelson & Martha Johannesdotter - Joranger, Hafslo - forsvann 1760 - kvar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Stundom råkar ein som bygdebokskrivar borti heile huslydar som tilsynelatande berre ''forsvinn''. Her vil eg gjerne få introdusera ein av desse:Peder Axelson, fødd på Fet i Hafslo kring 1706 av foreldre Axel og Gjertrud, gifte seg i Hafslo 22.1.1741 med ei Martha Johannesdotter, truleg døypt i Hafslo 15.9.1720. Dette parfolket var gardbrukarar på Joranger øvre i Hafslo fram til kring 1760 då dei brått vart borte! Eg kan ikkje sjå at dei budde i Hafslo då ekstraskatten vart teken opp i 1762.Eg kjenner til seks born:a) Gjertrud Pedersdotter, døypt 20.6.1742b) Ingeborg Pedersdotter, døypt 21.3.1744c) Kari Pedersdotter (1749-1749) d) Axel Pederson, døypt 15.2.1750e) Endre Pederson, døypt 8.4.1751f) Kari Pedersdotter, døypt 20.2.1758Eg ser at ei Gjertrud Pedersdotter Jordanger fekk ein ''uægte'' son Nils Christopherson døypt i Hafslo 10.5.1767, men det er usikkert om dette er same jenta som nemnd ovanfor. Uansett vert ogso denne Gjertrud og sonen Nils borte frå Hafslo.No sender eg ut ein appell om nokon kan ha råka borti denne huslyden og kvar det vart av dei? Mest aktuelle stadar for utflytting vil vera ytre Sogn og Bergen...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane ##### (lagnaden hennar?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Det er vel disse to Endre Pedersen, du, Aase Sæther, sikter til:Hafslo [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11425&gardpostnr=6&personpostnr=116&merk=116#ovre>Lenke – her er giftermålet i Hafslo LenkeLuster LenkeDet finnes også en Endre Pedersen, 50 år, i Finnås Lenke og en i Manger, 49 år, LenkeI skifteregisteret for Sunnfjord finner jeg henvisning til en Peder Akselsen på Løvikneset, Bremanger PedLenke og til ei Margrethe Johannesdatter, Løvikneset, Bremanger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase olg Grethe for innlegg.Jau, eg har sjekka ut desse alternative Endre Pederson i Luster og Hafslo. Ein er fødd i Luster i 1753; han vart buande i Luster ogso som vaksen. So er det tre fødde i Hafslo, ein i 1749 og to i 1751. Han frå 1749 budde i 1801 på Solvi i Hafslo, og den eine av dei frå 1751 var på Venjum. Men ''min'' Endre Pederson, som òg var frå 1751, er IKKJE å sjå i indre Sogn 1801! Og i konformantlistene frå Hafslo er berre dei to ''andre'' Endre Pederson innførte; ''min'' manglar!Eg ser av FT1801 at det var ein Endre Pederson på Heggenes i Kyrkjebø, men han er det heller IKKJE...Finnås og Manger har eg ikkje undersøkt; eg vil tru Finnås kanskje er svært lite sannsynleg, men kanskje Manger...? Elles har eg ikkje vore merksam på skiftet frå Bremanger, men eg har nett no sendt ein forespurnad til Arkivforum...Elles vonar eg på fleire gode tips...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Som de kanskje har observert i Arkivforum, so er Peder Axelson i Bremanger no ''utanfor mistanke'', so det er ''back to square #1''...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.