Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#36604] S&F: Solvorn (Luster) – Johannes Kalgraf (Solund), Ole & Jens Sjøtun – Opphav ?

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

I 1810 er det gjort opp skifte etter ekteparet Johannes Larsson ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=guledo79&gardpostnr=3030&merk=3030#ovre>Lenke) og Cecilie Rasmusdtr., f. 1727 Sågnes, Hyllestad (Lenke og Lenke) i Indrevær.Frå Yngve Nedredø, SAB, har eg fått følgande info frå skiftet:”Skiftet er datert 11. mai 1810 og nevner på mannens side brødrene Ole og Jens Larssønner, husmenn under Sjøtun i Indre Sogn.”Johannes Larsson, f. 1756 (?) er skreven Kalgraf (Kolgrov) då han gifte seg i 1787: LenkeKona hans hadde tidlegare (i 1778) vore gift med Jon Nilsson, f. 1732 Amla, Sogndal (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne huslyden har eg hatt mykje bàl med å greia ut, men etter kvaret so ser samanhangen ut til å vera slik:Johannes Larsson vart døypt i Hafslo 17.6.1758 og var son av husmann Lars Asbjørnson og kona Kari Johannesdotter som budde på ein plass Haugen som eg (førebels) har plassert under garden Valaker i Solvorn, men grenstilhøvi her er uklåre, og det er ogso opphavi til desse foreldri, bortsett ifrå at Lars truleg var frå ein plass under garden Fet i Hafslo.Johannes hadde berre dei to brørne som levde i 1810:* Ole Larsson (1755-1834), husmann på Mandsverk under Solvorn* Jens Larsson (1770-1813), husmann i Haugen under Valaker, truleg same plassen som foreldri hadde hatt.Det var fleire søsken, men dei må vel vera avlidne før 1810, eller kanskje du Gisløe dreg kjensel på nokre av dei?* Gunnhild Larsdotter, døypt 26.12.1751, vart visstnok konfirmert i 1769, men er elles ukjend.* Anna Larsdotter, døypt 17.9.1766, vart konfirmert i 1783, men er elles ukjend.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk til deg Lars!Eg kan ikkje her og no seie noko om Gunnhild og Anna tok vegen ut gjennom fjorden til Gulen/Solund-området, men eg skal halde augene opne.Er Johannes identisk med Jens, dp. 1758: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=1832&merk=1832#ovre>Lenke ?Jens, dp. 1770: LenkeOle, dp. 1755: LenkeGunnhild, dp. 1751: LenkeAnna, dp. 1766: Lenke*********Det finnes også ei Britte, dp. 1775:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har vel i utgangspunktet gått ut ifrå at Jens i 1758 var ei feilskriving for Johannes. Truleg heng dette saman med alderen i 1801, men no ser eg ei anna mogeleg løysing: Lars og Kari fekk ein son Asbjørn i 1761, som døydde ung (liksom Britha i 1777), men det er eit ''gap'' mellom 1761 og 1766; kyrkjebøkene vart ikkje heilt fullstendig ført på den tidi, so der KAN det ha vore ein Johannes i mellomtidi, fødd kring 1763/1764!Men eitt er i alle fall sikkert: Johannes Larsson vart IKKJE konfoirmert i Hafslo, so truleg er han å finna mellom konfirmantane i Gulen/Solund. Kan du Gisle sjekka dette??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×