Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#37161] B. T. Clove - fødd 1841 - Viroqua, Wisconsin 1880 -vossing. harding eller osing?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1880 for Viroqua, WI syner ein mann med namn:B. T. CLOVE, 39 år, fødd i Noreg.Namnet tyder på at han KAN komma frå ein gard KLØVE eller KLYVE, gardsnamn som m.a. finst på Voss, i Granvin, i Kvam (Hordaland) og på Os (Hordaland).B. T. Clove døydde truleg kring 1882, for i 1884 gifte kona Marie (Anderson frå Hafslo/Bergen seg att...Kan nokon hjelpa meg identifisera denne personen? Heitte han kanskje Brynjulf eller Brigt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Terje Hatvik

Når det gjeld garden Klyva/Klyve i Os, så fins det ingen 'B.T' der i det aktuelle tidsrommet.Dersom førenamnet hans var Brynjulf eller Brynjel so tenkjer eg på Voss. Eg har av ein eller annan grunn fått det før meg at dette namnet var noko vanlegare i Vossetraktene enn kva det til dømes var i MidtHordland, (distriktet som Os ligg i).Terje

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit og Terje for spennande innlegg.Eg har nok svært god tru på at du Berit har funne rette mannen, sjølv om alderen ikkje stemmer heilt... Òg, Brynild Trondson Kløve utvandra i 1865 (jmf. Quebec-listene)!So er kanskje dette problemet alt løyst?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.