Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#37573] Johannes Sølfestson (1835- ) frå Luster til Straumen, Solund - huslyden hans?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg strever med å finna fleire detaljar om denne huslyden som flytte frå Luster til Solund og vonar at einkvan har tilgjenge på dei kjeldene som kan fylla ut nokre av hòli i denne framstillingi?~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Johannes Sølfestson, f. i Luster 11.11.1835, flytte i ung alder til Solund der han 27.5.1865 gifte seg første gongen med Elisabeth Hansdotter frå Straumen i Solund. Ho var dotter av husmann Hans Mikkelson i Bakkane under Straumen, opphavleg frå Syslak i Lindås, og kona Anna Hermundsdotter frå Bakkane under Straumen og f. i Solund 22.1.1836. Johannes og Elisabeth tok over som plassfolk i Bakkane under Straumen i Solund der Elisabeth d. 22.5.1891. Johannes gifte seg att i Solund????? (vigsledatoen deira?)1896 med Anna Oline Larsdotter frå Sanden,????? (oppl.? – f. Solund 1845?)Johannes og Anna vart buande som plassfolk i Bakkane under Straumen i Solund der????? (dato og stad for dødsfallet hans?)????? (dato og stad for dødsfallet hennar?)Me kjenner til fire born etter Johannes Sølfestson, alle frå første ekteskapet:a. Søren Johannesson Notøy, f. i Solund 13.4.1865, d. på Nautøy i Solund????? (dødsdatoen hans?)1942. Han gifte seg i Solund????? (vigselsdatoen hans?)1892 med Anna Cathrine Andersdotter frå Kolgrov i Solund, f. i Solund????? (fødselsdatoen hennar?)1865. Ho d. på Nautøy????? (dødsdatoen hennar?)1957. Søren var fiskar, og han og Anna var dessutan gardbrukarar på Nautøy i Solund der dei budde levetidi ut. Dei fekk seks born i lag.b. Anna Kristine Johannesdotter, f. i Solund 14.4.1868,????? (lagnad? – budde kanskje i Sandviken i Bergen, ugift?)c. Henrik Kristoffer Johannessen, f. i Solund 23.7.1870, d. i Bergen 12.12.1944. Henrik flytte i 1890 til Bergen, men gifte seg????? (dato og stad for vigsli hans? – Gulen 1898?)med Serenne????? (fullt namn?)frå Verkland i Gulen, f. i Gulen 23.8.1868. Ho flytte til Bergen i 1898 der ho d. 7.6.1950. Henrik var tørrfiskarbeidar, og han og Serenne budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk seks born i lag.d. Anna Mathilde Johannesdotter, f. i Solund 26.11.1875, d. på Straumen i Solund 3.7.1890.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Gisle Hersvik

Johannes Sølfestsson sin dødsdato/år har eg ikkje, men han d. e. 1900.g. I m. Elisabeth, f. 1836, d. 1891g. II m. Anna Oline, f. 1841 Sanden u. Kolgrov, d. e. 1900: [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbdoypte&page=1&sql=low%5Ffar%5Fforenamn+like+%27l%25%27++AND+low%5Ffar%5Fetternamn+like+%27o%25%27++AND+low%5Fmor%5Fforenamn+like+%27r%25%27++AND+low%5Fmor%5Fetternamn+like+%27f%25%27+++ORDER+BY+forenamn%2C+etternamn&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=0>Lenke. Hennar foreldre var Lars Olsson Galten (Gulen), 1802-1885 g. 1835 m. Ragnhilde Frantsdtr Yttrøy (Solund), 1800-før 1875.a. Søren g. m. Anna C., f. 1866:

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for supplerande opplysningar om huslyden til Johannes Sølfestson. Dei spørsmåli som står att, krev truleg tilgong til lokale kyrkje- eller klokkarbøker, men kanskje einkvan sit med mikrofilmar...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.