Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#37613] Kvar vart det av vesle Grethe i Bergen, fødd 1812?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1815 for Bergen syner i 23. rode nr. 33 m.a. denne huslyden:~~~~~~~~~~14539 14571 KK 23-33 Magretha Knudsdtr K 32-4714540 14572 KK 23-33 Karen Sørensdtr K 0-714541 14573 KK 23-33 Magretha Sørensdtr K 0-414542 14574 KK 23-33 Klara Sørensdtr K 0-7~~~~~~~~~~Margretha Knutsdotter (Lomheim) vart døypt i Hafslo 9.5.1779 og hadde vore gift med grenader og jeger Søren Pederson (Lie) som døydde på lasarettet i Bergen i 1813. Margretha gifte seg sidan att, men døydde i Bergen alt 13.5.1820.Dotteri Clara (1806) flytte attende til Hafslo der ho vart konfirmert i juni 1820 og sidan gift. Dotteri Karen Kirstine (1810) vart buande i Bergen og gifte seg der med Haaver Magnussen frå Manger. Men so var det veslejenta:* Grethe Sørensdotter, fødd i Bergen 7.2.1812, vert i 1815 kalla Margrethe.Eg har søkt i Bergen vigde og avlidne etter 1815, men so langt utan resultat. Eg finn heller ikkje noko på FamilySearch som høver.No vonar eg at einkvan på Brukarforum er i stand til å komma med ein glup idé om kvar denne jenta kan ha gjort av seg, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 2 år senere...
Gjest Grethe Flood

Dette er vel dødsfallet til moren [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=76&filnamn=1301begr&gardpostnr=25472&merk=25472#ovre>LenkeHennes andre ektemann het Henrik Olsen, og de ble gift i Korskirken i 1819 LenkeSer at brudgommen var drøyt 21 år og enka Margrethe var 40 år gammel. Jeg ser at Henrik og Margrethe hadde tvillingjenter til dåpen i Korskirken i februar 1820, Oline Lenke og Karen Christine Lenke. Karen Christine døde i august 1820 Lenke. Tvillingdatteren Oline døde i mai 1820 LenkeHvor Henrik tok veien etter at kona og de to døtrene døde, har jeg ikke funnet ut av.Her er giftermålet mellom Karen og Haaver i Korskirken i 1834 Lenke Finner i alle fall ikke Grethe blant fadderne da sønnen til Karen og Haaver ble døpt i Korskirken i 1834

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.