Gå til innhold
Arkivverket

[#38439] Lovise Karoline Olsdtr. Midtlid f ca 1867 Skodje(?)


Gjest Ivar Fylling
 Del

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Ho var gift med Peder Anbjørnsen (Ambjørnsen) (Skarset) og døydde 1935. Eg har ikkje funne henne på Midtlid i Skodjeboka??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Fam.search har ei Louise Karoline døpt i Skodje 20-1-1867 med foreldre Ole Martinius Thormodsen og Karen Thormodsdtr. Da er det muligens hennes mor som er på Midlid i 1865 Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole Øystein Nybø

Du finn Lovise Karoline øverst side 399 i Bygdeboka for Skodje band I.Ho er dotter til Karen Elisabet Tormodsd. Midtlid f. 1842 og faren var Ole Martinus Tormodsen Skaue.Lovise Karoline vaks truleg opp i Midtlida (Sjurslia) ilag med mora.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Takk til Ole Øystein. Skumlesinga mi blir avogtil for rask. Eg går ut frå at den Ole Martinus Tormodsen som er far til Lovise Karoline f 1867, ikkje er morbroren, Ole Martinus Tormodsen f 1856, og berre 11 år i 1867, men meir truleg Ole Martinus Tormodsen f 1792 som var gift med Synnøve Olsdtr. Øye, som og bodde på Midtlid. Han er 75 år i 1867 og er broren til farfaren til mora (Karen Elisabet Tormodsdtr.), altså litt lenger ut i slekta. Å ha far og oldefar som er søsken er vel ikkje heilt daglegdags?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Retting: I FT 1865 er der ein tredje(!) Ole Martinus Thormodsen på Midtlid i Skodje. Han er 21 år og meir 'naturleg' som far til Lovise Karoline. Kva for ein Tormod som er far hans finn eg ikkje i Skodjeboka. I 1801 er han i teneste hos Sivert Tormodsen, ein av brørne til den 75-årige (Ole) Martinus Tormodsen. Ifølgje Skodjeboka er det ein Tormod Pedersen Røyr (1755-1837) som er opphav til Tormodane på Skodje. Han burde stå i Strandaboka. Tormod er tradisjonsnamn på Røyr, men eg finn ingen som passar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.