Gå til innhold
Arkivverket
Gjest John H. Aarønes

[#38770] Fra Hr. Zacharias Christophersen Holck til Jacob Pedersen Marselius. i X-sund

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Hei!Eg vil setje pris på å få opplysningar om korleis Jacob Pedersen Marselius fekk hand om Holck - parten av gården Tollaas i Bolsøy.Utan at eg veit det visst, var han bakarmeister i Christiansund.Bakgrunnen for mi interesse er ei opplysning i Bolsøyboka annen del:'Skjøte tinglest18/10 1772 fra Jacob Pedersen Marselius til Ole Alsing på 1 1/2 vog (halvparten) i gården (Tollaas) for 16 rdlr. Fru Marselius betegnes som en datter av kaptein Frederik Wissløff og har arvet den solgte part i Tollaas av sin far.' Etter det eg kan forstå må den parten i Tollås vere arv frå familien Holck. Den første eg har funne med namn Holck som har eigd parten, er Hr. Zacharias Christophersen Holck (ca. 1580 - 1658). Han er nemnt som eigar i 1624. I 1763 er Zacharias Flovik eigar.Eg har sett nemnt (utan kjelde) at namnet på den datter av kaptein Wisløff som Jacob Pedersen Marselius var gift med, skal ha vore Martha Sofie f. 1754. Her står også nemnt at det vart gift 1775, altså 3 år etter han solgte Holck-parten i Tollaas.Martha Sofies mor synes å vere Anne Kathrine Rotkier, og som visstnok er datter av Margrethe Zachariasd. Holck og Jens Nicolai Rotkier.Takksam for hjelp til eventuelt å finne ut om eg er på villspor her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest marianne Holck

HeiFølgende kan vel underbygge at du er på riktig vei:Etter Jordebok for Romsdals futedømme (året 1661), hadde Hr. Hedris Zachariasen odel på 1 ½ wog i Toldaas, Fanne Otting I artikkelen ”Forbindelsen Darre – Meldal”(Finne-Grønn), s. 89 i NST XIV, gjengis flere innførsler fra en gammel bibel. Alle gjelder barn av løitnant Steen Andersen Meldal (f. ca. 1684 i Grue) og Salome Olufsdatter (Darre) som døpes i Veø kirke. Et av barna er Anna Margretha som døpes av presten Hr. Erich Leganger 17.okt.1732 i henhold til farens opptegnelser (1730 etter kirkeboka). Faddere angis å være: Madame Else Greve(som bar barnet til dåpen), Frue Karen Lind Leganger, Jertrud Rotkier, Monsieur Jens Jensen Københafn.Om Anne Margrethe Steensdatter Meldal oppgis at hun døde 20.jan. 1800 på Vestad i Veø, og var gift med infanterikaptein Fredrik Thomassen Wisløf, død 22. juni 1773, 65 år gammel. F.T. Wisløf var i henhold til denne lenken først gift (1750) med Anna Catharina Rotkier, datter av Margrethe Zachariasd. Holck og Jens Nicolai Rotkier. ([url="http://nermo.org/slekt/d0001/g0000005.html#I33785>http://nermo.org/slekt/d0001/g0000005.html#I33785).Her er Margrethe og Jens Nicolai sitt giftemål: Lenke, og her er Anne Catharinas dåp: Lenke. Anne Catharina og Fredrik Wisløfs giftemål i Veøy i 1750: Lenke,og her er Martha Sophias dåp: Lenke i 1754. Sammenhengen Holck – Rotkier- Wisløf ser vel klar ut. Jeg finner ikke Martha Sophies giftemål med Marselius, men en Fredrich Wisløf Marselius gifter seg i Trondheim i 1804. ( Lenke). 8.nov. 1805 døpes datteren Martha Sophia i Trondheim (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Tusen takk Marianne! Her vart det mange spor å følgje - det blir spanande.Eg har fått vite at det rette namnet på Marcelius er Jacob Peter Marcelius.Faren het Johan Peter Marcelius og mora var Fredericha Messel og hennes far var Jacob Fredriksen Messel.Han er altså ein Johansen og ikkje Pedersen som det står i gardssoga for Bolsøy. Her har eg fått god hjelp av Tore Kristinasen i Kristinsund på Dis - Slektsforum LenkeEllers kan ein jo spekulere på korleis Z. C. Holck har fått hand om halvparten av Tollaas. Første gongen eg ser at ein Holck eig i Tolaas er som nemnt i 1624. Før det kan eg ikkje sjå Tollaas nemnt korkje som Holck- eller Soop-eige. Men eg ser nemnt av Henning Sollied i NST I s. 205 at Hustru Tyri hadde jordegods i Romsdal. Om dette kan vere Tollaas og Bjørnes i Romsdalen veit eg ikkje - sjølv om det verkar ganske sannsynleg.Den andre halvparten av Tollås tilhøyrde Giske-godset. Iallefall frå 1582, mest sannsynleg før og ein kan følgje eigarane av den parten til ut på 1700-talllet. Så 'Holck'-parten har neppe kome frå Giske-godset.Derimot kan det vere at Tollås har vore ein Rike-Torstein gård, rett nok skrive Thielloss i hans 'jordebrev'. Om det er rett har ein interessante eigarar på 1400-1500 - talet av 3 øresbol, nemleg Ingeborg skunda (ukjent) - Rike-Torstein - Anders Baardsen.Kan det vere denne delen som Holck har fått hand om? Det skulle vere interessant å få greie på.(Ps. Marianne - eg har rota vekk epostadressa di :-})

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Sambandet Holck - Marcelius synes klartCammerråd Alsing eier og bøksler 1 vog 1 pd. 12 mk. Sakarias Flovig (Zacharias H. Holck?) 1 vog 1 pd. 12 mk. Tilsammen 3 vog.' = sitat frå Bolsøyboka del 2 - Gardssoge.Kven denne Zacharias Flovig er, ja det har eg ikkje funne ut. Eg har funder på om det kan vere Zacharias Henriksen Holck (1706-1763) - bonde i Surnadal. Men såvidt eg kan forstå, synes han å høve dårleg til namnet Flovik?Kan nokon identifisere nemnte Zacharias Flovig?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Det har vært flere Zakarias på Flovik. Jeg vet ikke om dette er kjent stoff for deg, men det nedenfor er hentet fra bygdebok for Nesjestranda s 290/291.Zakarias Christophersen Holck, 1580-1658, sokneprest i Veø 1609-57, kjøpte 1 1/2 vog i Flovik i 1630 og bygsla den andre halvparten som høyrte til mensalgodset. Han budde truleg i Flovik og dreiv garden ein del år saman med sonen Kristoffer. Zakarias åtte sagbruk i Rødven i 1647. Tende 1635: 1/2 tveit korn, 8 mark smør.Zakarias Holck var gift med Lucia Henriksdt., ca 1585-1660. Namnetrekket i våpenet hennar er innskore i korstolen i Veø gamle kirke, Zakarias sitt våpen er eit skip, ein holk. Veøyboka I s 432-35. 4 kjende born:B1 Kristoffer Zachariassen f 1610-62, gardbruker på Flovik første gang nevnt 1641. Både far og son er eigarar fram til 1657. Kristoffer betalte contribusjonsskatt for fullgard med 12 RD i 1644, koppskatt for seg, kona og 4 born i 1645. Han var eigar og brukar i 1657, hadde 2 hestar, 30 storfe, 6 geiter, 5 får og 1 svin, betalte 6 RD i kvegskatt. Gift med Anne Aagesdt, 1615-71, truleg søster til Audun Aagesen i Molde. 4 born.C1 Zacharias Kristoffersen Flovik, 1639-skifte etter han 1725, gardbruker etter faren. Ukjent kone.D1 Henrik Zachariassen Holck, F 1675, forretningsmann, var gift i Kristiansund.D2 Lucie Zachariasdt. flovig, f ca 1680, budde hos søstera i Flovik.D3 Margarethe Zachariasdt. Flovig, f ca 1685-1755, gardjente. Gift m Jens Rotkjær, 1680-1749. løytnant, gardbruker, Flovik. 2 barn.C4 Aage Kristoffersen, 1653-.De to døtrene med ukjent namn var medeigarar til garden saman med brødrene.B2 Henrik Zachariassen, 1616-1672, kapellan hos faren 1653, frå 1658-72 sokneprest.B3 Synnøve Zachariasdt. f og d 1618.B4 Sten Zachariassen, 1621-23.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for informasjonen Oavald! Som vanleg er du hjelpsam.Den siste av Zacharias Kristoffersen Floviks barn var kanske D. 4 Jacob på Rausand?Eg visste ikkje at Henrik Zachariassen, forretningsmann i Kristiansund var gift. Trudde han var ugift og at Lucie og Margarethe arva ham, men eg har ikkje sjekka dette mot skifteprt. Det var skifte etter ham i 1732? Skal tru om det sto noko om jordegods der?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Det står at Zacharias hadde tre born: Henrik, Lucie og Margrethe. Ein Jacob er ikkje nemt i boka. Det er Kristoffer, 1610-62 som har fire born: Zacharias, Aage og to døtre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk nok ein gong Osvald!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

HeiKan noen lage en link til tema 23457 vedk.Soop På forhånd takk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for den lenka Karin og Knut. Det var ei lenke eg vart glad for å få. Ellers nemner jo Helge Stenseth mange namn - Sigrid, Bård osb.. som er kjende frå andre eigedomar i Romsdal som er nemnde i Rike-Trosteins jordebrev. Riktignok utan at det treng å vere dei same personane.Men det får no meg til få ei kjensle av at det kan vere den parten i Tollås (hvis det då er Tollås) som Ingeborg skunda etterlot seg til Rike-Torstein - som har hamna hos Holckane på Flovig.Men framleis har eg ikkje nokon stad sett Tollås nemnt som Soop/Holck-eigedom før 1624.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

HeiKan noen lage en link til tema 23457 vedk.Soop På forhånd takk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Til 12. Uhell, et eller annet hadde hengt seg opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Innlegg 2:) ''Hr. Hedris Zachariasen'' (1 ½ wog i Toldaas i 1661) må vel være sogneprest i Veøy fra 1653, Henrik Zachariassøn Holck (1617-1671) ?Var Henrik forresten i slekt med (farfar til ?) oberstløytnant Oluf Holck (f. 1687 i Trondheim), som bodde på gården Lervik i Hyllestad ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

''Zacharias Flovik'' (som eide part i Tollås, Bolsøy, i 1763) kunne kanskje være en bror av Anna Catharina Rodtkier (datter Margarethe Zachariasdatter Holck f.ca.1685 ? Fantes det en slik Zacharias, oppkalt etter morfar ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Eg trur det vert nødvendig å sjekke kjelda som Olafsen-Holm referer til her, nemleg Fogderegnskap 1763.Eg finn i alle fall ikkje nokon Zacharias Flovik som høver.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Per: Den Margarethe Zachariasdatter Holch du nevner i (15) er den samme som jeg nevner i (5) nemlig D3 Margarethe Zachariasdatter Flovig, 1685-1755. Hun gifter seg 1721 med Jens Rotkjær (er vel en fornorskning av Rotkier), 1680-1749,, løyntnant, gardbruker på Flovik. De har to barn:E1 Margreta Maria Rotkjær, f 1722, g 1742 m Mads Widerøe, f 1715, handelsmann, bustad ukjent (står det i bygdebok for Nesjestranda s 290).E2 Anna Katharina Rotkjær, 1724-58, g 1750 m Fredrik Wisløff, 1708-73, løytnant, senere kaptein. Han arva med kona 1 1/2 vog i Flovik. Slekta Wisløff kom frå Sønde Jylland, Fredrik Wisløff var fødd i Trondheim.Skifte etter Jens Rotkjær 1749.Med E2 Anna Katharina går Holch slekta i Flovik ut. Det er skifte etter henne 1779. (Jeg lurer på om årstallet er feil i boka for Fredrik Thomassen Wisløff gifter seg igjen 1759 med Anna Margreta Meldal, 1730-1800. Skifte etter henne 1800. 5 barn, og kjend etterslekt). Fredrik Wisløff vart forøvrig gravlagt i skrifthuskjellaren ved Veø Kirke.Anna og Frdrik hadde tre barn. F1 Cecilie Margrethe Wisløff, f 1752, døde ung. F2 Marta Sofie Wisløff, f 1754, vart gift i Kristiandund. Ektemann ukjend. F3 Peter Christian Wisløff, f 1756, døde ung.Det er forøvrig skifte etter Zacharias Flovik 1725, men det har svak tekst og nesten uleselig, men det går fram at han åtte 1 1/2 vog i Toldaas, verdi 27 RD.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Olafsen_Holm skriver følgjande i Bolsøyboks- Gsrdssoga under Tollaas:'1723 3 oppsittere. Rådmann Holst eier 1 ½ vog og bøxler gården Zacharias Flovig med bøxel 1 vog 1 p. 12 m. Ingen husmænd, aflagt sæter, 1 fj. Fra gården, skoug til husbehov, 2 bekkekverner, intet fiskeri uden af havet, hjelpelig fegang, gården ligger i baglien 7 miil fra havet, ringe jordart uviss til korn, ringe til eng, tungvunden, ingen leilighed til rødning, udsæd 3 skjep blandkorn 7 tdr. 7 skipp. Hafre, avling 48 læs høe, 3 hæster, 11 kjør, 30 småfæ taxt (landskyld) 3 vog, forhøiet 12 mark.'Og det stemmer jo med det du skriv om skiftet i 1725 Osvald.Det kan vel neppe vere denne Zacharias som framleis står oppført som eigar 40 år etter sin død?Sidan teksten er svak og vanskeleg og lese, er det vel heller ikkje råd å sjå kven som arvar han?Eg har tenkt at det kunne vere sonen Henrich (1672-1732. Eg trudde at han ikkje etterlot seg livsarvingar, og at søstera Margrethe g. m. Jens Nicolai Rodtkier arva Tollaas. Derette deira datter g. m. Fredrik T. Wisløff. Vidare til deira datter som var g. m. Jacob Peter Marselius.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Jeg referer fortsatt fra Bygdebok for Nesjestranda s 290.'Skifte etter Zacharias Flovik 1725. Buskap 1 hest, 1 okse, 8 kyr, 5 kviger, 16 får. Mange verdifulle eignelutar. Verdi av garden med hus 140 RD. Han åtte også 1 1/2 vog i Toldaas verdi 27 RD. Skiftet har svak tekst og er nesten uråd å lese. Gravferda til Zacharias kosta 14 RD. Netto i buet 267 RD. Henrik 133 RD, kvar jente 66 1/2 RD.'Det står ikkje kven som arva gardparten, men Margrethe står ført som gardjente, og Lucie budde hos søstera i Flovik.I O.Olafsen' Veøy i fortid og nutid' fra s 432 til 436 har de to prestene Zakarias og sønnen Henrik lang omtale med mye tankespinn om aner og slekt. Bl.a. eide Hr. Zakarias jordegods i garden Myklebostad i Eid i Nordfjord, muligens er det Lucias arv. (D.N. XI, 674).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest marianne holck

Dersom Henrich arvet Tollaas etter faren, er det nok sannsynlig at denne delen av arven allikevel endte hos en av søstrene, slik John tenker seg. Harald Holck skriver i 'Holck'ske slægter - og problemer (PHT 12.rekke, 3. bind s. 4)at Henrich Zachariassen Holck døde ugift som en velhavende mann, og '..arvedes af sine to Søstre (Skifte 18/9 1732 i Christiansund).Til Per Nermo (14) ang Ole (Oluf) Holck i Sogn: se debatt nr 15317: Holch-slekt i Sogn (7)med henvisning til innlegg 22694: Jens Jensen Friis, Molde, ca. 1690)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Mange takk, Marianne ! Ole/Oluf Holck er altså dattersønn av Henrik Zachariassen Holck's fetter Jacob Anfindsen Holck (med Zacharias og Anfind's far Christopher Sigurdssøn som felles ane).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Holck

Ja, antagelsene har vært slik. Men NB! Jacob Anfindsen Holck er en 'konstruksjon'; han er ennå ikke funnet i noen kilder!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Norske Rigs reg. 6 bind 1628-1634 side 361Avg.Hans på Ask på avg. Henrich Holchs vegne for 'rum tid siden' skal ha bygget og leiet til Anders Torsteinson (kan være fra Hardanger)fordums borger i Bergen og hans hustru Karin Arnesdatter en av allehelgens kirkes grunn ved Stranden udi Domkirke sogn. Fredriksborg 6 jan.1637

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John H. Aarønes

Takk for alle interessante utspel!Per skriv i innlegg 15:'Zacharias Flovik'' (som eide part i Tollås, Bolsøy, i 1763) kunne kanskje være en bror av Anna Catharina Rodtkier (datter Margarethe Zachariasdatter Holck f.ca.1685 ?Det er jo ein interessant tanke. Veit nokon kven som er brukar på Flovig rundt 1763 (og da tenkjer eg jo sjølvsagt på deg Osvald).Men eg får ein sterkare og sterkare mistanke om at årstalet 1763 kan vere feil - og at det kan vere 1723? Har difor sendt førespurnad om oversyn tinglyste dokument i pante- og skjødeboka ang. Tolaas.Osvald spør om der mogleg at Myklebust kjem frå Lucie. Det er vel lite sannsynleg, - synes å sett at både Holck og Soop har eig i ein gård kalla Myklebust. Går ut frå at det er nokon som er betre orientert om eigedomane som desse to slektene eigde. Kanskje du veit noko om dette Marianne?Da er det vel lettare å falle for freistnaden å gisse på at Tollaas kjem frå Lucie Henriksrdtr. Ting kan i alle fall tyde på at familien hennar eig anna jordegods i Romsdal, t.d. Lillebostad på Bolsøya utanfor Molde.Denne eigedommen stod Joris Non oppført med i 1630-åra, til enka Ingeborg Henriksdatter overtok rundt 1636. Den neste eigar vert så hr. Henrich Zachariassen Holck (ca. 1650) - neppe tilfeldig om ein kan gå ut frå at Lucie og Ingeborg er søstre.Ein annan gård Ingeborg eigde var Hæstad i Fræna. Namnet Henrik er her kjent frå tidleg 1500-tal, slektsnamnet var Skredder. Skredder-namnet synes også kjent frå Røvik først frå 1600-talet. Røvik var jo og nemnt blant Rike-torsteins gårder i Romsdal.Så til Karin sitt siste innlegg. Eg meiner å ha lese om Torstein Andersson som levde på slutten av 1500-talet i samband med gårdshistoria for to av gardane i Bolsøy. Diverre hugsar eg ikkje kva for ein - så eg må til å leite i notatane mine.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.