Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#38932] Bottolf Andersson (Fedt) og Anna Nilsdotter -til Amerika 1900 -kvar vart dei av?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter lang tids leiting fryktar eg å måtta gje opp å finna denne huslyden i Amerika, men eg vil gjerne freista ein gong her i Brukarforum - kanskje...:~~~~~~~~~~Bottolf Andersson Fedt, fødd på Årvoll i Sogndal 23.8.1847, men oppvaksen i Sogndalsfjøra. Han gifte seg i Hafslo 24.4.1884 med:Anna Nilsdotter Fedt, fødd i Fetbakken under Fet i Hafslo 3.12.1843.Bottolf og Anna var husmannsfolk undcer Fet i Hafslo til dei i 1900 utvandra til Amerika!Bottolf og Anna fekk ikkje born i lag, men Anna hadde ei dotter frå før:* Margretha Amundsdotter, kjend som Margaret Anderson, fødd i Hafslo 14.8.1869, utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg i Eau Claire, WI 28.9.1889 med Ole M. Johnson, fødd i Hafslo 3.11.1860. Margaret og Ole budde for det meste i Eau Claire, WI, men farma 1900 i Canton township, Buffalo Co., WI. Ole døydde i Seattle, WA 24.7.1901, men vart bragt attende til Eau Claire, WI og ligg gravlagd der!Margaret gifte seg att kring 1902 (vigsli ikkje funni) med enkjemannen Otto O. Espen, fødd i Jostedalen 14.12.1853. Otto og Margaret budde 1910 i Eau Claire, WI, men flytte sidan til Mondovi, Buffalo Co., Wis. Margaret døydde på eit sjukehus i Eau Claire, WI 21.11.1925, medan Otto døydde i 1928.~~~~~~~~~~Bottolf og Anna budde IKKJE i lag med Margaret korkje i 1900 eller i 1910, men det ville vel ikkje vera so utruleg at dei budde nær dotter hennar...?Elles kan eg leggja til at Anna var eldst av seks søsken, men INGEN av dei andre utvandra. Bottolf hadde fleire søsken i Sogndal, men dei kjenner eg ikkje noko til!Eg står heilt fast på dette problemet, men vonar som nemnt at einkvan kan hjelpa meg vidare på veg!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Er dette Bottolf?BOTTOLF ANDERSEN Christening: 19 SEP 1847 Sogndal, Sogn Og Fjordane, NorwayFather: ANDERS BOTTOLFSENMother: MARTHA JOHANNESDR--------------------------------------------------Hvis det, er vel dette foreldrenes vielse [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbvigde&page=1&sql=low%5Fbrudgom%5Fforenamn+like+%27anders%25%27++AND+low%5Fbrudgom%5Fetternamn+like+%27bot%25%25%27+++ORDER+BY+low%5Fbrudgom%5Fforenamn%2C+low%5Fbrudgom%5Fetternamn&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=1>LenkeOg da har han iflg. FS følgende søsken, men du kjenner vel navnene fra før:Anna Lenke. Kan dette være hennes giftermål? Lenke og her hennes mann og sønn i 1900 Lenke. Sønnen til dette paret er født i 1887 LenkeJohannes Lenke. Kan han være død som liten? LenkeKari Lenke. Kan også hun ha dødd som liten? LenkeHer er emigrasjonen til Bottolf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg her! Då eg såg at her var noko nytt, og at du hadde vore inne, tenkte eg at kanskje du hadde løyst gåta, men so enkelt er det nok ikkje.Eg har òg vore inne på tanken å spora opp søsken, for det er rette folki du har funne, men søskeni vart tidleg foreldrelause, og dei vart i alle fall delvis oppalne hjå andre. So eg trur nok det ''hottaste'' sporet må vera å følgja etter (ste-)dotteri Margaret, sjølv om dette so langt ikkje har gjeve noko resultat...Men, eg lever i voni og har tru på at problemet nok vil finna ei løysing; hadde me berre kunna ''leita på rette staden''...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Norskfødt 75 år gammel enke Annie Anderson er leieboer i 114 Ann Street i Eau Claire i 1920 - innvandret 1900.Mitt eneste tips. Henger selvsagt helt i lufta,,,,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for eit innlegg som har gjort meg svært so nyfiken! Denne Annie Anderson kan godt vera den me leiter etter. Eg får ringja Eau Claire på måndag og setja ''damene mine'' i sving!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.