Gå til innhold
Arkivverket

[#39112] Martha Knutsdotter, f. Hjørundfjord 1826/1827, gift til Borgund - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hans Andersson Slinningen, Borgund, gifte seg i Hjørundfjord anten 24.6. eller 2.7.1855 med:Martha Knutsdotter, fødd i Hjørundfjord 1826/1827.Parfolket busette seg på ein plass under Slinningen i Borgund der Martha døydde 15.2.1908.Er det nokon med lokal kunnskap i Hjørundfjord og/eller Borgund på Sunnmøre som kan hjelpa meg finna svar på desse spørsmåli:* Nøyaktig dato for vigsli i Hjørundfjord (1855) for Hans Andersson og Martha Knutsdotter?* Nøyaktig fødselsdato (1826/1827) i Hjørundfjord for Martha Knutsdotter?* Bustaden i Hjørundfjord (gard/plass) til foreldri til Martha Knutsdotter?* Veit nokon kva plass under Slinningen i Borgund denne huslyden budde på?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Line Osberg Eide

Mulig kandidat for Martha fra FS IGI:MARTA KNUDSEN Christening: 24 SEP 1826 Hjorundfjord, More Og Romsdal, Norway Father: KNUD ARNESEN Mother: STIINE KNUDSDRBør sjekkes med kirkeboka.- Hanne Line -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Gunnar Ellingsen

1. Mikrofilm av kyrkjeboka for Hjørundfjord syner at 'Marta Knudsd. Urke' vart fødd 15. september og døypt 24. september 1826, som det første barnet til Knut Arneson (1798-1876) frå Ytre Trandal og Stine Knutsdotter (1805-1872) frå Frøland. Seinare fekk dei 5 born til. Familien budde i alle fall frå 1828 på br. 2, Abrahamgarden/Nedigarden, på Stavset, men Ragnar Standal skriv i bd. 5 av Hjørundfjordboka at begge foreldra kanskje 'tente på Urke då eldste dottera vart fødd.' Alle gardane ovanfor ligg i Hjørundfjord.2. Mikrofilmen av kyrkjeboka syner at 29 år gamle Marta gifta seg i Hjørundfjord 24. juni 1855 med den 25 år gamle Hans Andersson, son til Anders Hermanson. Hans var frå Bolsøy, men busett i Borgund i flg. kyrkjeboka. Marta og Hans er oppførte som brurepar nr. 7 dette året. Det same paret er også ført inn i kyrkjeboka som nr. 10, med vigselsdato 2. juli. Det er seinare sett parentes rundt dette, og det neste paret som altså var par nr. 11, har vorte retta til nr. 10. Høgst truleg er difor 24. juni den rette vigselsdagen for Marta og Hans.3. Hjørundfjordboka nemner at Marta var 'nærkone', at ho var gift med 'Hans Andersson?/Pederson? Sogge, f. 1827 i Bolsøy, d. 1901', og at dei festa br. 6 på Slinningen i Borgund.4. Bd. 4 for Borgund og Sula fortel at Hans i 1867 festa br. 6, Ellingplassen og seinare kalla Marteplassen, på Slinningen. Sonen Knut Hansson Slinning (1865-1939) kjøpte dette bruket i 1889.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Hanne Line og Gunnar for gode og oppklarande innlegg. Eg har på dette viset fått svar på det meste og er berre svært nøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.