Gå til innhold
Arkivverket

[#39125] 1650 - Skotsk invasjonsstyrke frå Bergen


Gjest Harald Jarl Runde
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

Er på jakt om opplysningar om ei historie eg så langt ikkje har sett omtala i norsk historielitteratur: Under borgarkrigstida i Skottland vart James Graham, marki av Montrose, i 1646 fordreven frå Skottland men slapp unna til Bergen. Dei neste 2-3 åra brukte han tida til å bygge opp ein invasjonsstyrke som vart samla i Gøteborg. Vidare spriker opplysningane på skotske nettsider - men det ser ut som tre skip sette ut frå Gøteborg i februar 1650. I Bergen gjekk Montrose sjølv ombord og styrken landa på Orkenøyane i mars. Etter eit kort hertog, vart James Graham fanga og avretta i mai 1650. Ein del av sikringsstyrkane som låg att på Orkenøyane, skal med fregatten 'Herdarinnan' ha slept unna til til Noreg, der dei straks vart sett under arrest. Så langt kortversjonen av skotske nettsider. Dette var stormaksspolitikk og kan ikkje ha skjett utan at statthaldaren eller statsmakta i Noreg var informerte eller medverkande (Kongen i Kjøbenhavn sette seg i alle høve ikkje imot invasjonen). Kva kommentarar eller opplsyningar har så Brukarforum?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.