Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39130] Torsten Torstenson Skjeie, f Fana 1874, g Bergen 1904 -kven var han og foreldri?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Torsten Torstenson Skjeie, fødd i Fana 1874, son av husmann Torsten Torstenson Skjeie, gifte seg i Bergen 3.5.1904 med Synneva Johannesdotter Bruheim frå Hafslo i Sogn, fødd i Hafslo 22.12.1874.Torsten Skjeie var i 1904 gardsdreng i Fana. Parfolket fekk ein son:* Johannes Torstenson Skjeie, som i 1933 var busett i Oslo.Eg finn ikkje spor etter Torsten Torstenson Skjeie i FT1900 i Fana og heller ikkje i FT1865. Er det nokon med lokal kunnskap som er i stand til å identifisera denne karen og opphavet hans? Eg er særleg interessert i:* Nøyaktig fødselsdato for Torsten Torstenson Skjeie, fødd 1874?* Fulle namn på båe foreldri til Torsten Torstenson og namn på husmannsplassen under Skjeie som dei budde på?* Frå kva gard/plass i Fana hadde faren Torsten Torstenson opphavet sitt?* Frå kva gard/plass i Fana hadde den ukjende mori opphavet sitt?* Veit nokon kvar det vart av Torsten Torstenson Skjeie og kona Synneva, som gifte seg i 1904?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Dag Fjær

Hei Lars.Eg har i databasen min ein Svein Arneson Skeie f 1858 i Vikør?, Hardanger. Kan han vere ein av dine Skjeie? Svein vaks opp i Bindalen, NO, og hadde foreldra Svein Arneson Skeie og Johanna Svendsdotter.Mvh Dag

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hvis du går inn på skannede kirkebøker for Kvam / Vikøy 1880-1908, konfirmerte 1888, s. 131, vil du finne Torstein Torsteinsen Skeie, f. 3.1.1874 (ser ut som det står det), sønn av husmann Torstein Torsteinsen Skeie og Guro Johannesdatter. Prøver å sette inn lenken til kirkeboksiden i håp om at den funker Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Torstein Torsteinson Skeie kom frå Skeie i Kvam som Grethe skriv. Faren var Torstein Torsteinson Sandven,(1834-1922), g.1871 m. enkja Guro Johannesdtr.(1828-1880) Guro døyr her: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=KVAM1880&gardpostnr=9&merk=9#ovre>Lenke Torstein senior vart oppattgift i 1881.Torstein junior, (1874-1914)Her er det som står i bygdesoga for Kvam: Han var busett i Fana. G.m. Synneva ? frå Hafslo,Sogn. 3 born. Torstein reiste i 1889 til Fana som gardsdreng hjå Guttorm M. Lid, og vart verande i Fana all sin dag. Han arbeidde lengste tida hjå konsul Mohr. Her i 1900:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Gløymde å skriva at plasset Torstein kom frå er i bygdesoga kalla Elvaplasset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe, Dag og Elin for spennande og nyttige opplysningar! Eg er overvelda!Dei fleste av spørsmåli mine har fått svar, men ein detalj, som vel må søkast i Kvam, er opphavet til Guro Johnsdotter - kvar var ho ifrå?Dødsfallet i Fana (Birkeland) 1914 ligg visst ikkje ute på nettet...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin! Då er det problemet løyst, og eg er stornøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.