Gå til innhold
Arkivverket

[#39291] Bottolf Monsson (165?- ) -frå indre Sogn (Lærdal?) til Numedal -kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Bottolf Monsson i Numedal var ein av tre brør. Han var truleg fødd på 1650-talet i indre Sogn, kanskje i Lærdal, kanskje i Årdal eller kanskje på Hafslo, men vart borte frå Sogn før 1701. Bustaden hans i Numedal er ukjend.Østen Monsson på Rå i Lærdal, fødd kring 1660, var ein annan bror. Han var gift med (NN) og hadde ein son Baltzer Østenson (fødd 1699).Tollef Monsson, truleg fødd kring 1650, men avliden før 1701, var den siste broren. Han var gift med (NN) og let etter seg ei dotter Gro Tollefsdotter (fødd 1683), som gifte seg på garden Sie i Hafslo.Er det mogeleg å finna att Bottolf Monsson i Nummedal? Kvar i Nummedal budde han?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnulf Pedersen

I Gards- og ættesoge for Nore, bind IV side 2007 er det nevnt en Bottolf Mogensen som ble gift med enken Turid K. Megarden. De var barnløse. Om Bottolf står det ganske mye, men det som får meg til å lure på om dette er han du er ute etter er: 'Kvar Bottolf var ifrå er ukjent, men seinare får vi høyre at han hadde arvingar i Lærdal i Sogn'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnulf for spennande innlegg. Denne Bottolf Mogensen i Nore høyrest so absolutt interessant ut, so her kan det vera verdt å studera huslyden litt nærare!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnulf Pedersen

Jeg har sett litt mer i Noreboken som viser at Bottolf og konen stadig lå i strid om bruken av gården. Bottolf var lagrettemann i årene 1692-94-98 og 1699. I en militær rulle fra 1700 over væpnende bønder er Bottolf Medgarden nevnt. Han var væpnet bonde i lag nr. 101. Bottolf var da 45 år. I 1737 døde Bottolf Mogensen i Megarden, 86 år gammel. Så kommer det som viser at dette må være den rette Bottolf; 'Året etter kom det ein arving som heitte Baltzer Østensen Grøthe frå Lærdal i Sogn til Megarden. Bottolf hadde eigt 2 1/2 skinn i Megarden då han døyde, og dette godset selde Baltzer Østensen til Nils Sebjørnsen (dat. 19/6, tgl. 23/9 1738'. (Gards- og ættesoge for Nore, bind IV side 2012).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Om faren Mons budde i Årdal er uråd å veta, men det ser ut til at han hadde fire søner og ei dotter som fekk mykje med Årdal å gjera, også etterkomarane deirast.Johannes som kom til kyrkjbruket i Nundalen, Tolleiv som kom til kyrkjejordi i Offerdalen, Botolv som enda i Numedalen og Østen som kom til Raa i Lærdal.Dotter Maren er vel denne som vart gift med Lars Torsteinson Hæreid og kom til Seim. Ho vart attegift med Kristen Madson Hauge, Lærdal. Kristen vart so attegift 1680 med ei Gro Pedersd. og i det brulaupe må det ha gjenge føre seg, Kristen blei anmeld for å ha slegest i sitt eige brulaup. Og to brør Johannes og Botolv Monssønner, hadde og vore i ’hårdrag og slagsmål med kvar andre' Har ein mistanke om at dette er same familien Monssønner/dotter det er snakk om, sjølv om ’syster’ Maren nett var død.Eg har også ein mistanke om at Østen Raa i Lærdal hadde minst to døtre utanom sonen Baltzer, Magdeli som kom til Åbøle Haug gift med Tomas Olsson og Sigrid som kom til Vetlejordi i Offerdalen, gift med Johannes Sølfestson Luster/Årdal. Felles for desse to jentene er at Østens navnet føle etterkomarane deirast nokre generasjoner framøver.Men dette blir berre spekulasjoner. Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Dette kaster kanskje ikke så mye lys over Botolvs opphav, men jeg vil likevel stoppe opp litt ved navnet Baltzer. Dette navnet er heller sjeldent i Lærdal, men i prestemanntallet fra 1666 finner vi at Ole Olsen Aspiken hadde en sønn som het Baltzer (f.ca.1638). Aspiken ligger ved fjorden mellom Lærdal og Årdal. En av flere mulige forklaringer her er vel at Østen Monsen var g.m. en datter av denne Baltzer Olsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.