Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per Reppen

[#39673] Skifte på Kvåle i Sogndal

Recommended Posts

Gjest Per Reppen

Anders Andersson Kvåle vart gift med Ragnhild Henriksdtr. Vassli den 03.05.1756 og fekk siste sonen Henrik dpt.17.07.1767. Ragnhild Henriksdtr. vart gravlagt 10.04.1768. og Anders Andersson Kvåle vart gift med Brita Sjursdtr. Kvåle den 09.12.1765. og fekk første dotter Brita dpt. 09.02.1766.Skifte 27.04.1773, Anders Andersson Qvale, nr.: 4, Sogndal. ( Fylkesarkivet i S. og Fj. ) Dette skifte viser at dette er ein og same Anders Andersson, men det går då ikkje an. Er det nokon som kan hjelpa meg med orginalteksten i skifte?Mvh. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Der var nok fleire Anders Anderson Kvåle på same tid:Skifte 23. mars 1743 etter Anders Andersen Kvåle til enkja Mari Jensdtr og sonen Anders A. Kvåle og dottera Synneve sine born: Ole, Torbjørn, Jens Anna og Mari, born av Erik Qvalsbrekke.Skifte 31. mai 1746 etter Anders Andersen Kvåle til enkje Ingebor Ellingsdtr og borna Anders, 12, Christi, 18, Mari, 9 og Synneve, 4 år.Skifte 20. juli 1768 etter Anders Andersen Kvåle og kona Ragnhild Henriksdtr, død for 'nogen tiid siden', til borna Henrik, Anders, 6, og Ingeborg, 3 år.Skifte 27. april 1773 etter Anders Andersen Kvåle til enkja Brite Sjursdtr og borna Sjur, 3, og Brithe, 7 år.Skifte 11. okt. 1790 etter Anders A. Kvåle til enkja Mari Olsdtr og borna Anders, 6, Ole, 3, Erich, 6 månader, og Anna, 6 1/2 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Takk for svar. Eg kjenner til alle desse Anders Anderson`ane. Det er ikkje altid lett å holde dei frå kvarandre. I skifte 27. april 1773 er både Brita Sjursdtr. og Ragnhild Henriksdtr. 1. kone, nevnt. Ut frå dei datoane og årstala eg har nevnt i (1), som eg har funne i originalkjelda kyrkjeboka, så får eg det ikkje til å stemma. Eg lurer difor på kva som står i dette skiftet?Mvh. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Den Anders Andersen Kvåle som hadde vore gift med Ragnhild Henriksdtr må vere død i 1768. Han var enkjemann då det vart skifta etter han, og han hadde borna Henrik, Anders og Ingeborg.Ein annan Anders Andersen Kvåle hadde gifta seg med Brite Sjursdtr i 1765. Han vart det skifta etter i 1773, då var enkja i live og dei hadde borna Sjur og Brithe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Eg er enig i denne konklusjonen. Skifte 27. april 1773 etter Anders Andersen Kvåle som ein finn på fylkesarkiv.no kan vel vera feil avskrive. Dette viser at ein Anders Anderson var gift 1. med Ragnhild Henriksdtr. og 2. med Brita Sjursdtr. Eg får leita vidare i kyrkjeboka etter gravferd for A. A. i 1768.Mvh. Per

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.