Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39791] August Emil Svensson, svensk gardbrukar på Kampen, Oslo 1906 - kvar vart han av?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jon Torp har gjort eit svært interessant funn i kyrkjebøkene for Kampen i Christiania (Oslo):August Emil Svensson, fødd i Skaraborgs län i Sverige i 1864 som son av ein gardbrukar Sven Olsson, gifte seg i Kampen 28.3.1906 med enkja Christina Olsdotter f. Leirmo, fødd i Luster i Sogn 12.11.1856.Christina gifte seg første gongen i Luster 9.6.1881 me Lars Larsson Leirmo, fødd i Luster 16.2.1849. Dei utvandra til Amerika i 1882 og busette seg som farmarar i New Prairie township, Pope Co., MN der Lars døydde 5.3.1903. Dei hadde to døtrer som båe døydde som born.Det har til no vore eit sgtort mysterium kvar det vart av Christina etter ho vart enkje, men kanskje me no kan få ei løysing på dette? August og Christina er ikkje i Pope Co., MN i 1920, men dei kan jo ha flytt nær sagt kvar som helst!? Kanskje dei ikkje var i Amerika i det heile...?I 1906 var August Emil Svensson gardbrukar(!) i Urskovsgata 9 i Christiania.Er det nokon på Digitalarkivet som har tankar om kvar det kan ha vorte av dette parfolket?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Det er vel August som reiser til USA her:[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=emikra1&gardpostnr=198779&merk=198779#ovre>LenkeLurte også på om det var han som var heimatt ein tur året etter, (sjølv om ikkje fødselsd. stemmer)Då er han skreven som enkemann. LenkeEg leita difor litt i dei skanna kyrkjebøkene for Kampen, og fann denne (nr 54):

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for imponerande forsking! Eg er mållaus! Det er berre heilt utruleg at du greidde å finna lagnaden til Christina!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.