Gå til innhold
Arkivverket

[#39847] Christopher Siverson Offerdal (1866) - styrmann Bergen - lekterfører New York?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Christopher Edvard Offerdal, fødd i Bergen 11.5.1866, son av Christopher Sjurson Offerdal (1832-1900) og Ingeborg Eriksen (1832-1895), gifte seg kring 1899, uvisst kvar, med Inga Sophie (Olsdotter) Iversen frå Bergen, men fødd i Naustdal i Sunnfjord 11.10.1876. I 1900 budde parfolket i Bergen, og Christopher var styrmann i utanriksfart.Desse borni er kjende:* Alfons Johan Kvam, son hennar, fødd i Bergen 14.4.1898, døydde som ugift sjømann i Glasgow 26.9.1925, men dødsfallet hans vart meldt i Bergen.* Ingolf Kristoffer, fødd i Bergen 11.1.1900* Hermand Sofus, fødd i Bergen 21.12.1904, truleg død i Bergen i 1905(?)* Olav Sigurd, fødd i Bergen 13.2.1906* Kristofa Marie, fødd i Bergen 17.3.1908, døydde i Bergen 10.12.1908.Etter dette vert huslyden borte frå Bergen, men eit studium av emigrantlistene frå Bergen syner at Inga Sophie og dei to sønene Ingolf og Olav i 1906 utvandra til New York for å einast med mannen hennar. Vidare ser me at heile huslyden, d.v.s.:~~~~~~~~~~70677 Bergen 2985 1910 Aug. 26 Christoffer Siverson (Offerdal) m g Lægterfører 1866 44 Bergen State of New York Amk New York Nei Været hjemme paa besøk Lægterfører Amk B Anker70678 Bergen 2986 1910 Aug. 26 Inga Sofie Siverson f Forr Hustru 1874 36 Bergen State of New York Amk New York Nei Været hjemme paa besøk Husmor Anker70679 Bergen 2987 1910 Aug. 26 Ingolf Kristofer Siverson Offerdal m Forr Børn 1900 10 Bergen State of New York Amk New York Nei Reiser med forældrene Barn Anker70680 Bergen 2988 1910 Aug. 26 Olaf Sigurd Siverson m Forr Børn 1906 4 Bergen State of New York Amk New York Nei Reiser med forældrene Anker~~~~~~~~~~Her går det fram at:1) Christopher Offerdal kalla seg for SIVERSON2) Christopher var lekterførar i New YorkDå Alfons Johan Kvam døydde i 1925, var ervingane hans faren i Trondheim og mori, som då nemnest Inga Iversen, i Brooklyn, NYNo har eg sete og studert FT1920 og FT1930 for USA, men eg er ikkje i stand til å finna spor etter denne huslyden korkje i New York eller andre stadar.Frå før har eg bragt på det reine at ingen av dei to sønene døydde i Noreg etter 1963. So kvar i all verdi vart det av denne huslyden? Eg vonar at einkvan i Brukarforum er i stand til å hjelpa meg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Kan Christopher Edvard ha brukt fornavnet Gustav? Det høres jo noe usannsynlig ut, men du får se på familiene som bor i husnr. 152. Alder stemmer godt både for Gustav og hans kone og den jeg tror kan være deres sønn Ingolf Kristofer. LenkeMvh. Arne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne for svært spennande innlegg. Eg har studert census-sida, og det kan ikkje vera mykje tvil om at dette er rette folki, sjølv om dei har endra namni heller ''radikalt''!Eg har freista finna dei ogso i 1920, men har ikkje lukkast. Dette til tross; problemet er i hovudsak løyst, so no gjeld det å grava vidare i Brooklyn etter dødsfalli deira...Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingvard Skarvatun

Christopher Edvard Siverson f.11.5.1866 døydde 3.2.1943 i Brooklyn, Kings, NY og vart gravlagt på Long Island City, Queens, NY 5.2.1943.Kona Inger Sofie Judith Iversen Bruland f.11.10.1876 som var dotter av Ole Iversen Bruland, Førde og Oleanna Kvamme, døydde same stad 02.08.1936 og vart gravlagt 5.8.1936 på Long Island City, Queens. LenkeHelsing Ingvard

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ingvard for overraskande, men glimrande opplysningar om lagnaden til dette parfolket som utvandra til Brooklyn, NY!Då er dette problemet løyst, og det står berre att å lokalisera søsteri Anna Marie Caroline Sjursen, f. i Bergen 9.7.1861...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.