Gå til innhold
Arkivverket

[#39876] Karl Johan Offerdal (1868) og søster Anne Marie (1861) - frå Bergen til kvar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Karl Johan Offerdal, son av Christopher Sjurson Offerdal i Bergen og Ingeborg Eriksdotter, var fødd i Bergen 10.12.1868, søsteri:Anne Marie Caroline (i 1865 berre kalla Anne Marie) Offerdal, var fødd i Bergen 9.7.1861.Me veit frå dødsmeldingi etter far deira frå 1900 at dei båe då var ilive, men det står ikkje noko om kvar dei då budde. I Bergen ser dei i alle fall ikkje ut til å ha vore...!Faren var skipstømmermann, og to andre søner er funne før, Severin Martin Offerdal (1863-1948) var handelsmann og budde i Bergen, medan Christopher Edvard Offerdal alias Gustav Siversen var styrmann i Bergen og sidan lekterførar i Brooklyn, NY.Familien gøymer seg elles svært so godt. Eg finn dei ikkje i FT1875 for Bergen, men her er dei i FT1885 for Vigssmuget 1 i Bergen:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~39554 Vigssmuget 1 7 1ste Krestofer Sjursen m 1830 Aardals Dagløner39555 Vigssmuget 1 8 1ste Ingebor Sjursen k 1832 Hafslo Hustru39556 Vigssmuget 1 9 1ste Karl Johan Sjursen m 1867 Bergen Wisegut~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Karl Johan er altso framleis med foreldri i 1885, men i 1891 er ogso han borte!Eg tykkjer eg har søkt ''høgt og lågt'' etter Karl Johan og søsteri hans, men har førebels ikkje lukkast finna dei. No vonar eg at einkvan i Brukarforum vil dra kjensel på namni og kanskje vita kvar dei vart av. Kanskje Karl Johan skreiv seg Sjursen (eller Siversen?) liksom broren i Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter meir leiting oppdaga eg at Charles Johan Siverson, fødd Offerdal, Bergen 1868, stod som emigrant i 1926 etter å ha vore heime på vitjing. Han fór då til Berkeley, CA, og sjå der dukker han opp i San Francisco, CA i FT1900, FT1910 og FT1920, medan han i FT1930 budde i Oakland, Alameda Co., CA. Han døydde i San Francisco, CA 22.9.1943. Han var gift med ei svensk dame Augusta Andersson, som døydde i 1919. Dei fekk to born.Framleis er det noko uklart kva tid Charles utvandra første gongen. FT1900 antyder 1884, medan FT1910 seier 1886 og FT1930 seier 1888. No veit me han framleis var heime i Bergen 1885, so det første årstalet er i alle fall feil, men eg finn han ikkje sidan heller...?Elles sit me då att med spørsmål om kvar det vart av søsteri Anne Marie Caroline... Kanskje ogso ho utvandra til Amerika??Eg takkar igjen for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Sikkert et kraftig sleivspark i tåka, men kan Karl Johan skjule seg bak dette navnet? Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nytt innlegg. Det er ikkje mykje tåke på mine kantar, men eg tviler på om dette kan vera rett mann. Det var ei ætt i Bergen på den tidi som nytta namnet Columbo, og eg vil vel helst tru at denne personen høyrer til den ætti...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Samstundes som det no snør utanfor hjå meg, vil eg gjerne få retta ein hjarteleg takk til Rune for at du har funne huslyden i 1875. Det var altso på Laksevåg dei då budde...Men eg er overraska over at dotteri ikkje er nemnd! Ho var m.a.o. alt på eige hand, ein eller annan stad...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Tja, det er då ikkje _so_ overraskande atter dottera ikkje er nemnd i lag med foreldra i FT 1875, Lars. Ho er jo då fylt 14 år og på den tida (1870-talet) var det ikkje så uvanleg at fjortenåringar alt var komne i arbeid/teneste. No var ho berre ein jentunge etter våre dagars begrep, men hugs at det (diverre) skulle gå lang tid før omgrep og uttrykk som 'barnearbeid' og 'arbeidsmiljøvern' vart tekne i bruk - og aksepterte.Eit døme på skilnader før og no, vil eg seia. Og somme skilnader skal ein vera udelt glade for -.Vonar du finn jenta som tenestegjerande ein eller annan stad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ingvard som i direkte meldingar har fortalt meg at Anne Marie Caroline Sjursen (Offerdal) i 1885 var tenestejente i Kalfarveien i Bergen, og sidan at ho utvandra til Amerika der ho til sist hamna i Berkeley, CA som kona til tyskaren Paul G. Rupp.Men eitt stort spørsmål står att, som eg vonar einkvan kan hjelpa meg finna svar på:* Kva år utvandra Anne Marie Caroline til Amerika? I Amerika skreiv ho seg Marie eller Mary Sjursen. Ho skal ha gift seg med Paul Rupp i 1887 eller 1888, samstundes vert ho oppfjevi ha utvandra i 1886 (FT1900), i 1887 (FT1910), i 1888 (FT1930) og i 1889 (FT1920).Eg takkar igjen for god hjelp og vonar på full løysing av denne saki...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.