Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39891] Oluf Christian Fredriksen (Jørgensen/Uglum), f. i Bergen 1858- kvar vart han av?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Oluf Christian Fredriksen var fødd i Bergen 18.8.1858 av ugifte foreldre Fredrik Christen Jørgensen frå Bergen og Cecilia Davidsdotter frå Nygard i Luster i Sogn. Cecilie gifte seg i Hafslo 10.4.1866 med Johannes Larsson Ugulen ''Uglum'', fødd i Hafslo 5.8.1838. Johannes og Cecilie utvandra i 1866 til Amerika, men om sonen hennar var med, veit eg ikkje; eg finn ikkje huslyden i Quebec-lista...!Men ikkje lenge etter kom Johannes og Cecilia attende til Bergen og ved FT1870 i Bergen er Oluf busett ilag med mori og stefaren etter at han ved FT1865 hadde hatt tilhaldet sitt hjå besteforeldri i Luster!Johannes Uglum var handelsmann og emigrasjonsagent, og i 1877 utvandra han og Cecilia på ny til Amerika. Men ogso denne gongen kom dei snart attende til Bergen der Johannes døydde 18.10.1892. Cecilia Uglum døydde i Bergen 7.10.1896. Dei fekk ingen born i lag, og dødsmeldingi etter Cecilia frå 1896 nemner heller ikkje sonen Oluf, so då er det store spørsmålet:* Kvar vart det av Oluf Christian Fredriksen etter 1870? Eg har ikkje funne han avliden i Bergen, men kanskje nokon har skarpare blikk enn eg?Eg vonar at Oluf kan verta funnen, ''dead or alive'', og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.