Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39893] Anna Larsdotter (1863)- frå ''Bishoprik of Trondheim'' (Bjørnør?) til Minnesota?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika har eg motteke opplysning om ei Anna Larsdotter som skal vera fødd i ''Bishoprik of Trondheim'' 14.3.1863. Foreldri vert oppgjevne til Lars og Anna, og gardsnamnet Linnes eller Liennes vert ogso nemnt! Anna skal vidare ha utvandra til Amerika i 1887 i lag med ein bror som visstnok heitte Albert!FamilySearch syner at ei Anna Jørgine Larsdotter var fødd i Bjørnør 14.3.1863 som dotter av ein Lars Benjaminson og Anna Christensdotter, og FT1865 syner at Lars og Anna då var plassfolk på Grimsnes under garden LINES i Bjørnør, so dette må vel vera ''klaff'', eller...? FT1865 syner ein bror Bernt, som kanskje er Albert?Men før eg sleg denne opplysningi endeleg fast, hadde det vore ein fordel om det let seg gjera å stadfesta teorien gjennom t.d. ei bygdebok for Bjørnør? Eg er særleg oppteken av:* Stadfesting av at Anna Jørgine Larsdotter utvandra til Amerika i 1887 - eller kva år utvandra ho?* Faren Lars Benjeminson er oppgjeven vera fødd i Trondheim, medan mori Anna Christensdotter var fødd i Åfjord. Kva gard i Åfjord kom ho ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Hildrum

Gir deg vel egentlig ikke helt avklaring, men i Bjørnøfolket B V Stoksund står det.Lars Benjaminsen Hægvik f abt 1832 d 1915 gift i 1860 med Anne Kirstine Kristensdtr f abt 1831 d 1909.Lars er født i Trondheim, sønn til Gjertrud og Benjamin Larsen. Han er konfirmert i Stoksund 1847. I 1848 flyttet han til Trondheim, men han kom tilbake før 1860. Anne Kirstine er født i Åfjord, datter til Andrea og Kristen Pedersen. Hun er konfirmert i Stoksund 1846. Lars er bror til skolelærer Joakim Benjaminsen Hægvik og Johan Benjaminsen, som begge bodde på Nordgård. Bostedet til Lars er både i 1861, 1865 og 1875 kalt Grimsneset. I 1900 står det Brevik. Han er i 1865 husmann med jord. I 1875 og 1891 er han fisker og husmann uten jord. Det er stedsnavnet Brevik som er brukt da han døde i 1915.Barn: Bernt Kornelius f 1861 konf 1876 g 1883 Anna Karoline Magnusdtr Grøtting, plassmann og fisker i Brevik.Anna Jørgine f 1863, på Grimsneset i 1875, senere ukjent.Johan Albert f 1865, i 1875 gårdsgutt på Nordgård, konfirmert 1880, senere ukjent.Lina Kristine f 1871, konf 1886, g 1893 Hans Nikolai jensen Herfjord, husmannsfolk under bnr 3 Sørgård.Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anne for spennande og interessant innlegg!So vidt som eg tolkar opplysningane frå bygdeboki for Bjørnør, voks både Lars Benjaminson og Anna Kirstine Christensdotter opp i Bjørnør, men utan at det står noko om den nøyaktige bustaden(?). Er dette mogeleg å finna ut av?Elles er det jo sikkert broren Johan Albert som utvandra i lag med Anna Jørgine til Amerika, men forfattaren har tydeleg ikkje funne dei i passasjerlistene for Trondheim?Nok ein gong ein stor takk so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Hildrum

De har tydeligvis begge bodd der som unge, men det er ikke nevnt hvor de bodde. Under broren Johan står det forøvrig nevnt at moren var Gjertrud Jokumsdtr og farens etternavn er Hegvik. Det står under broren Joachim at han kom til Stoksund som gjetergutt. Da han døde står det at han etterlatte seg 4 brødre, så det må være to til av dem ett eller annet sted, men neppe i Stoksund. det er vel ikke umulig at en av foreldrene hadde slektsknytninger hit uten at boka kjenner til det. Så nærme er vel ikke Stoksund til Trondheim,Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Eg kjenner ikkje området i detalj, men Linesøya er nabo til Stokkøya, så gardsnamnet Lines er vel muligens ein nøkkel?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.