Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39894] Ole Willard (Villik) Johnson (1871) - frå Meldal(?) til Wisconsin- kven var han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika får eg opplyst at Ole W. Johnson, skogsarbeidar i Drummond, Bayfield Co., WI, skal vera fødd i ''Trondheim'' i 1871 som son av Willard eller Villik Johnson og ei Maria. Han utvandra før 1892, for då gifte han seg i Dunn Co., WI med Cecelia Anderson med bakgrunn i Luster i Sogn.Eg reknar det som godt mogeleg at ''Trondheim'' i dette tilfellet godt kan vera Trøndelag og at kanskje Ole har opphavet sitt i ei av skogsbygdene utanfor Trondheim. Ved nærare studium av FT1865 ser at Villik er eit særs uvanleg namn, men i MELDAL i Sør-Trøndelag finn eg både ein 18 år gamal Villik Johnson og ein 25 år gamal Vellik Johanson. Kanskje ein av dei er far til ''min'' Ole??Eg finn elles ikkje nokon høvelege kandidatar på FamilySearch, men kanskje einkvan dreg kjensel på desse namni? Eg er i so fall interessert i:* Ole sitt fulle namn?* Nøyaktig dato og stad for fødsli til Ole?* Utvandringsåret til Ole?* Fulle namn på foreldri til Ole med yrkestitel til far og bustaden deira (plass/gard)?* Kva gardar/plassar var foreldri ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

På FS pedigree finnes det 2 utgaver som må tas med en klype salt, men det er da noe å begynne med:Ole Johnson fca. 1772 (juni 1771) Meldal, død etter 1952.Gift ca. 1893 Salem, Pierce Wisc. med Cecilia (Celia Sarah) Anderson f. Mai 1874 Wisc. - død etter 1930 Drummond.Bosted 6/6 1900 Salem, Pierce, Wisc. 1910 Drummond, Bayfield, Wisc., 1920 samme, men tilføyd Olie Johnson, 1930 samme bosted.Foreldrene til Ole: Willard Johnsen f.14/12 1847 Meldal - død 11/7 1909 Cedar Falls, Dunn C. Wisc. Sønn av Jon Williksen Hostveen og Sigrid Ingebrigtsdatter Strand.Willar ble gift 11/5 1872 Meldal med Marie Johnsdt. Langmoen. f. 10/1 1848 Buvik S-TRL - død 23/1 1898 Cedar Falls.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for spennande innlegg.So vidt eg kan forstå, var ikkje gissningi om Meldal so langt borte, og no vert det spennande å sjå om nokon kan bidra med å stadfesta desse opplysningane frå kyrkjebøker og/eller bygdebøker.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

- dette kan være skivebom, men jeg legger like vel inn denneLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Bjørnaas

Ole Velliksen, f. 1871, var sønn av Vellik Jonsen Haldoslette og kona Mari Jonsdt.. De hadde i alt 6 barn. (inkl. Ole Velliksen) Alle reiste til Amerika.Her reiser Ole, søsken og mora til Menomonie, Wisc. 23.7.1884: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=EMITROND&gardpostnr=40848&merk=40848#ovre>LenkeHer reiser faren, Vellik Jonsen, til Menomonie, Wisc., 4.4.1883:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aud og Inger for nye innlegg!Opplysningane til Inger ser ut til å stadfesta identiteten til Ole Vellikson Johnson og foreldri hans. Du treng ikkje å senda meg alt du har i databasen din om denne huslyden, men eg har nokre heilt konkrete spørsmål:* Haldoslette synest vera eit gardsnamn i Meldal, men var Vellik Johnson gardbrukar eller husmann eller innerst/arbeidar? Og veit du kva plass under Haldoslette huslyden eventuelt budde på?* Eg oppfattar det slik at mori Maria Johnsdotter hadde opphavet sitt på Langmoen i Meldal. Langmoen må vel vera ein husmannsplass, men under kva gard ligg denne plassen?* Frå kva gard/plass i Meldal har Vellik Johnson opphavet sitt? Hostveen?* Har du den nøyaktige fødselsdatoen til Ole Vellikson (1871)?* Eg saknar ogso den nøyaktige dødsdatoen til Ole Vellikson alias Ole W. Johnson? Han skal vera avliden i Drummond, WI i 1959!?Du kan eventuelt kontakta meg direkte på min nye e-mail adresse: lars.e.oyane@sdsl.noEg takkar på ny for all den gode hjelpi eg har fått so langt når det gjeld denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.